Ole Knutson Grov: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Linje 23: Linje 23:
Startår=Før 1734|
Startår=Før 1734|
Sluttår=[[1846]]|
Sluttår=[[1846]]|
Etterfølgjar=[[Ole Anderson Aasen]]}}
Etterfølgjar=[[Ole Anderson Åsen]]}}
{{Sluttboks}}
{{Sluttboks}}


[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Jostedalen]]
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]]
[[Kategori:Personer fra Luster kommune]]

Sideversjonen fra 3. okt. 2010 kl. 11:20

Ole Knutson Grov (fødd kring 1678, død kring 1754) var gardbrukarson frå Grov i Krundalen i Jostedalen. Han fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og dreiv bruket så lenge han levde. Han gifte seg kring 1714 med Anna Ottesdotter frå garden Sperla.

Ole K. Grov var klokkar i Jostedalen i mange år. Det er uvisst når han fekk posten, men er iallfall nemnt som klokkar i august 1734[1] Ole K. Grov var såleis klokkar i ein periode prega av mykje gjennomtrekk i sokneprestembetet og fleire lange periodar med presteløyse. Dette har nok vore med på å styrkje leiarposisjonen hans i lokalsamfunnet.

Grov hadde òg klokkarposten då allmugeskulen vart skipa i prestegjeldet i 1741, og han fekk såleis eit sentralt ansvar for å organisere skulestellet. Grov var alt då ein eldre mann, og i 1745 bad allmugen om at det vart ordna med arbeidshjelp for han - det var då tale om sonen Otto Olson Grov.[2]

Ole Grov skal ha fått avløysing i 1746, då versonen hans Ole Anderson Åsen vart klokkar.[3] Ole A. Åsen var gift med Ole K. Grov si eldste dotter Martha.

Den eldste sonen Otto Olson Grov tok over heimebruket og vart seinare eigar av Jostedal kyrkje. Ein annan son, Knut (fødd kring 1720) vart student, truleg som den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.[4]

Notar

  1. Ministerialbok nr 1, 1734, fol. 3b, Digitalarkivet
  2. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 104b
  3. Statsarkivet i Bergen, lærar Haugens skulehistoriske arkiv, jf. Laberg 1944, s. 78
  4. Øyane 1994, s. 874

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ukjend 
Klokkarar i Jostedalen
(Før 1734–1846)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen