Ole Knutson Grov: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(meir presist om sonen Knud som vart student)
(om dødstidspunkt)
Linje 1: Linje 1:
'''Ole Knutson Grov''' (fødd 1678<ref>2. august 1742 vert alderen oppgjeven til 64 år. Statsarkivet i Bergen, Tingbok nr 34 for Indre Sogn, fol. 156b</ref>, død kring 1754) var frå [[Grov (Jostedalen)|Grov]] i [[Krundalen]] i [[Jostedal|Jostedalen]].  
'''Ole Knutson Grov''' (fødd 1678<ref>2. august 1742 vert alderen oppgjeven til 64 år. Statsarkivet i Bergen, Tingbok nr 34 for Indre Sogn, fol. 156b</ref>, død 1754.<ref>Skiftet var 8.-9. mars 1754, jf. [http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/115/ Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a] (Digitalarkivet)</ref>) var frå [[Grov (Jostedalen)|Grov]] i [[Krundalen]] i [[Jostedal|Jostedalen]].  


Han var son av gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann [[Knut Andersson Grov]] og Martha Olsdotter frå Åsen.
Han var son av gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann [[Knut Andersson Grov]] og Martha Olsdotter frå Åsen.
Linje 13: Linje 13:
Ole og Anna fekk seks born:
Ole og Anna fekk seks born:
*Martha Olsdotter (1715-1799), gift med klokkar og gardbrukar [[Ole Anderson Åsen]]
*Martha Olsdotter (1715-1799), gift med klokkar og gardbrukar [[Ole Anderson Åsen]]
*Knut Olson (f. 1721), er kalla "studiosus" i skiftet etter faren og var som den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen som vart student. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.<ref>[http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/115/ Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a] (Digitalarkivet), jf. Øyane 1994, s. 874</ref>
*Knut Olson (f. 1721), er kalla "studiosus" i skiftet etter faren og var den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen som vart student. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.<ref>[http://arkivverket.no/URN:sk_read/24138/115/ Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a] (Digitalarkivet), jf. Øyane 1994, s. 874</ref>
*[[Otto Olson Grov]] (1722-1785), gardbrukar på grov og [[Eigarar av Jostedal kyrkje|eigar av Jostedal kyrkje]].
*[[Otto Olson Grov]] (1722-1785), gardbrukar på grov og [[Eigarar av Jostedal kyrkje|eigar av Jostedal kyrkje]].
*Kari Olsdotter (1725-1762), gift med [[Peder Andersson Snøtun]]
*Kari Olsdotter (1725-1762), gift med [[Peder Andersson Snøtun]]

Sideversjonen fra 6. mar. 2012 kl. 12:26

Ole Knutson Grov (fødd 1678[1], død 1754.[2]) var frå Grov i Krundalen i Jostedalen.

Han var son av gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann Knut Andersson Grov og Martha Olsdotter frå Åsen.

Ole K. Grov fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og dreiv bruket så lenge han levde. Han gifte seg kring 1714 med Anna Ottesdotter frå garden Sperla, syster av lensmann Tøger Ottoson Snøtun.

Ole K. Grov var klokkar i Jostedalen i mange år. Laberg skriv at han vart klokkar før han overtok Grov (i 1712). Han er iallfall nemnt som klokkar i august 1734[3] Ole K. Grov var såleis klokkar i ein periode prega av mykje gjennomtrekk i sokneprestembetet og fleire lange periodar med presteløyse. Dette har nok vore med på å styrkje leiarposisjonen hans i lokalsamfunnet.

Grov hadde òg klokkarposten då allmugeskulen vart skipa i prestegjeldet i 1741, og han fekk såleis eit sentralt ansvar for å organisere skulestellet. Grov var alt då ein eldre mann, og i 1745 bad allmugen om at det vart ordna med arbeidshjelp for han - det var då tale om sonen Otto Olson Grov.[4] I 1749 er det iallfall sikkert at Otto Grov assisterte faren.[5]

Ole Grov skal ha fått avløysing i 1746, då versonen hans Ole Anderson Åsen vart klokkar.[6] Dette går rett nok ikkje heilt saman med at biskop Pontoppidan i 1749 opplyste at han hadde lova sonen Otto Grov å følgje etter faren når han døydde.[7]

Ole og Anna fekk seks born:

  • Martha Olsdotter (1715-1799), gift med klokkar og gardbrukar Ole Anderson Åsen
  • Knut Olson (f. 1721), er kalla "studiosus" i skiftet etter faren og var den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen som vart student. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.[8]
  • Otto Olson Grov (1722-1785), gardbrukar på grov og eigar av Jostedal kyrkje.
  • Kari Olsdotter (1725-1762), gift med Peder Andersson Snøtun
  • Gjertrud Olsdotter (1728-1778), ugift, innerst på Grov
  • Lars Olson (1733-1784), skulemeister i Kristiansund

Notar

  1. 2. august 1742 vert alderen oppgjeven til 64 år. Statsarkivet i Bergen, Tingbok nr 34 for Indre Sogn, fol. 156b
  2. Skiftet var 8.-9. mars 1754, jf. Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a (Digitalarkivet)
  3. Ministerialbok nr 1, 1734, fol. 3b, Digitalarkivet
  4. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 104b
  5. Pontoppidans visitasberetning 1749
  6. Statsarkivet i Bergen, lærar Haugens skulehistoriske arkiv, jf. Laberg 1944, s. 78
  7. Pontoppidans visitasberetning 1749
  8. Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a (Digitalarkivet), jf. Øyane 1994, s. 874

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 874. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ukjend 
Klokkarar i Jostedalen
(Før 17121746)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen