Ole Knutson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Knutson Grov (fødd 1678[1], død kring 1754) var frå Grov i Krundalen i Jostedalen.

Han var son av gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann Knut Andersson Grov og Martha Olsdotter.

Ole K. Grov fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og dreiv bruket så lenge han levde. Han gifte seg kring 1714 med Anna Ottesdotter frå garden Sperla, syster av lensmann Tøger Ottoson Snøtun.

Ole K. Grov var klokkar i Jostedalen i mange år. Laberg skriv at han vart klokkar før han overtok Grov (i 1712). Han er iallfall nemnt som klokkar i august 1734[2] Ole K. Grov var såleis klokkar i ein periode prega av mykje gjennomtrekk i sokneprestembetet og fleire lange periodar med presteløyse. Dette har nok vore med på å styrkje leiarposisjonen hans i lokalsamfunnet.

Grov hadde òg klokkarposten då allmugeskulen vart skipa i prestegjeldet i 1741, og han fekk såleis eit sentralt ansvar for å organisere skulestellet. Grov var alt då ein eldre mann, og i 1745 bad allmugen om at det vart ordna med arbeidshjelp for han - det var då tale om sonen Otto Olson Grov.[3]

Ole Grov skal ha fått avløysing i 1746, då versonen hans Ole Anderson Åsen vart klokkar.[4]

Ole og Anna fekk seks born:

  • Martha Olsdotter (1715-1799), gift med klokkar og gardbrukar Ole Anderson Åsen
  • Knut Olson (f. kring 1720), vart student, truleg som den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.[5]
  • Otto Olson Grov (1722-1785), gardbrukar på grov og eigar av Jostedal kyrkje.
  • Gjertrud Olsdotter (1728-1778), ugift, innerst på Grov
  • Lars Olson (1733-1784), skulemeister i Kristiansund

Notar

  1. 2. august 1742 vert alderen oppgjeven til 64 år. Statsarkivet i Bergen, Tingbok nr 34 for Indre Sogn, fol. 156b
  2. Ministerialbok nr 1, 1734, fol. 3b, Digitalarkivet
  3. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 104b
  4. Statsarkivet i Bergen, lærar Haugens skulehistoriske arkiv, jf. Laberg 1944, s. 78
  5. Øyane 1994, s. 874

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ukjend 
Klokkarar i Jostedalen
(Før 17121746)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen