Ole Knutson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 25. jan. 2016 kl. 10:30 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Knutson Grov (fødd 1678[1], død 1754[2]) var frå Grov i Krundalen i Jostedalen.

Han var son av gardbrukar og tidlegare kyrkjeombodsmann Knut Andersson Grov og Martha Olsdotter frå Åsen.

Ole K. Grov fekk 15. november 1712 bygselbrev på heimgarden og dreiv bruket så lenge han levde. Han gifte seg kring 1714 med Anna Ottesdotter frå garden Sperla, syster av lensmann Tøger Ottoson Snøtun.

Ole K. Grov var klokkar i Jostedalen i mange år. Laberg skriv at han vart klokkar før han overtok Grov (i 1712). Han er iallfall nemnt som klokkar i august 1734.[3] Ole K. Grov var såleis klokkar i ein periode prega av mykje gjennomtrekk i sokneprestembetet og fleire lange periodar med presteløyse. Dette har nok vore med på å styrkje leiarposisjonen hans i lokalsamfunnet.

Grov hadde òg klokkarposten då allmugeskulen vart skipa i prestegjeldet i 1741, og han fekk såleis eit sentralt ansvar for å organisere skulestellet. Grov var alt då ein eldre mann, og i 1745 bad allmugen om at det vart ordna med arbeidshjelp for han - det var då tale om sonen Otto Olson Grov.[4] I oktober 1746 sa Ole Grov opp klokkarposten. No var det ikkje sonen Otto, men Ole Åsen han hadde i tankane. Han hadde fått Ole Åsen som svigerson tidlegare på året, og han bad om at vart oppnemnd til embetet. Prosten oppnemnde Ole Åsen mellombels fram til han skaffa seg oppnemning frå biskopen og løyve frå kompaniet der han var soldat til å reise heim. Noko har ikkje gått i orden, for i 1749 var Ole Grov framleis klokkar og hadde sonen Otto som hjelpar. Biskop Pontoppidan hadde lova Otto klokkarposten når faren, no 70 år, skulle gå av.[5]

Det er såleis uvisst når Ole Grov gjekk av som klokkar. Den fyrste kyrkjeboka går fram til september 1751 og har ingen opplysningar om at det har skjedd før det. I skiftet etter Ole Grov i 1754 vert Ole Åsen nemnd som klokkar.[6]

Ole og Anna fekk seks born:

  • Martha Olsdotter (1715-1799), gift med klokkar og gardbrukar Ole Anderson Åsen
  • Knut Olson (f. 1721), er kalla "studiosus" i skiftet etter faren og var den fyrste gardbrukarsonen frå Jostedalen som vart student. Han levde framleis i 1754, men døydde før 1774 utan å etterlate seg born.[7]
  • Otto Olson Grov (1722-1785), gardbrukar på grov og eigar av Jostedal kyrkje.
  • Kari Olsdotter (1725-1762), gift med Peder Andersson Snøtun
  • Gjertrud Olsdotter (1728-1778), ugift, innerst på Grov
  • Lars Olson (1733-1784), skulemeister i Kristiansund

Notar

  1. 2. august 1742 vert alderen oppgjeven til 64 år. Statsarkivet i Bergen, Tingbok nr 34 for Indre Sogn, fol. 156b
  2. Skiftet var 8.-9. mars 1754, jf. Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a (Digitalarkivet)
  3. Kyrkjebok for Jostedalen (1733-1751), fol. 3b (Jostedal historielag)
  4. Statsarkivet i Bergen, Indre Sogn prosti, Justisprotokoll nr. 1, fol. 104b
  5. Pontoppidans visitasberetning 1749
  6. Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a (Digitalarkivet)
  7. Indre Sogn sorenskriveri, Skifteprotokoll A 7a (1751-1762), fol. 113a (Digitalarkivet), jf. Øyane 1994, s. 874

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 874. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.


Forgjengar:
 Ukjend 
Klokkarar i Jostedalen
(Før 1712–Ca 1752)
Etterfølgjar:
 Ole Anderson Åsen