Ole Nielsen (1827–1915): Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Ole Nielsen''' (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlært handverkar (fargar), mest kjend s...)
 
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:

Han vart tildelt Oscar II’s fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av [[St. Olavs Orden]] i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.

== Bakgrunn og familie ==
Ole Nielsen var husmannsgut, fødd og oppvaksen på plassen Ytre Hagen under prestegarden i Hjelmeland. Foreldra var Niels Rasmussen Vassvik (Kvaløy) (1805-1870, truleg fødd på på Kvaløy under Indre Sandanger i Hjelmeland) og Mari Steinsdotter (1803-1869), som var dotter til det førre husmannsparet på Ytre Hagen. Ole hadde to yngre systrer.
Ole Nielsen gifta seg i 1853 med Malena Hansdotter Selvig (1828-1915), dotter av jekteskippar Hans Andersen Selvig i Sandnes. Ole og Malena fekk åtte born, fire gutar og fire jenter.

Sideversjonen fra 20. jun. 2017 kl. 18:39

Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlært handverkar (fargar), mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånd som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar.

Han vart tildelt Oscar II’s fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.

Bakgrunn og familie