Ole Nielsen (1827–1915)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. jun. 2017 kl. 18:35 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Ny side: '''Ole Nielsen''' (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlært handverkar (fargar), mest kjend s...)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlært handverkar (fargar), mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånd som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar.

Han vart tildelt Oscar II’s fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.