Ole Nielsen (1827–1915)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Nielsen (fødd i Hjelmeland 12. januar 1827, død i Sandnes 23. april 1915) var utlært handverkar (fargar), mest kjend som industrigründar og fabrikkeigar. Han var ein viktig pioner i det som har vore kalla «industrieventyret på Jæren», og representerer i eigen person ei illustrerande utviklingslinje frå handverksbasert protoindustriell verksemd til moderne storindustri innan tekstilbransjen. Han kan også sjåast som ein eksponent for den arbeidsetikken og entreprenørånd som prega det haugianske miljøet som han tilhøyrde, enda om det er litt omdiskutert kor vidt han personleg skal oppfattast som haugianar.

Han vart tildelt Oscar II’s fortenestemedalje i 1887, og utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden i 1903. Da hadde han gått ein lang og suksessrik veg frå dei smålåtne kår han var fødd inn i.

Bakgrunn og familie

Ole Nielsen var husmannsgut, fødd og oppvaksen på plassen Ytre Hagen under prestegarden i Hjelmeland. Foreldra var Niels Rasmussen Vassvik (Kvaløy) (1805-1870, truleg fødd på på Kvaløy under Indre Sandanger i Hjelmeland) og Mari Steinsdotter (1803-1869), som var dotter til det førre husmannsparet på Ytre Hagen. Ole hadde to yngre systrer.

Ole Nielsen gifta seg i 1853 med Malena Hansdotter Selvig (1828-1915), dotter av jekteskippar Hans Andersen Selvig i Sandnes. Ole og Malena fekk åtte born, fire gutar og fire jenter.

Læregut, svein og eiga fargarverksemd

Ole Nielsen flytta heimefrå som 15-åring. Han gjekk i lære hos fargar Daniel Danielsen i Stavanger. Danielsen var kjend som haugianar og predikant. Ved sida av farginga var Danielsen også skipsreiar og økonomisk engasjert i sildefisket og ymse næringsverksemd som følgde med dette på denne tida. Fargeriet hadde Danielsen overteke frå ein enda betre kjend haugianar og forretningsdrivande, Jon Haugvaldstad. Ole Nielsen fekk sålis opplæringa si i eit driftig og pietistisk miljø som liknar mykje på det som Alexander Kielland skildrar i Skipper Worse.

Etter åtte år som lærling og svein drog Ole Nielsen i 1850 til strandstaden Sandnes og starta si eiga fargarverksemd der. Startkapitalen var 100 spesidalar som han hadde spart seg opp i Stavanger. Da Sandnes fekk status som ladestad og eiga bykommune i 1860, vart Nielsen vald inn i kommunestyret, eit tydeleg teikn på at han hadde oppnådd ein respektabel posisjon i byen sitt nærings- og borgarlege liv.

Leigespinning

Av svenske handverkarar i Sandnes fekk Nielsen høyre om fargarar i Sverige som i tillegg til farginga også dreiv såkalla leigespinning, dvs. at dei tok i mot ull frå sauebøndene i distriktet og spann ferdig garnet for dei. Etter ein tur til Sverige for å sjå nærare på denne verksemda, starta Nielsen eit lite spinneri i Sandnes. Det var fem mann tilsette under fagleg leiing av ein svenske. Kardemaskinane vart drivne med ei hestevandring. Dette var visstnok det fyrste «bondespinneriet» her til lands.

Ålgård. Industrireising

I 1870 flytta Nielsen verksemda si til Ålgård i Gjesdal, halvanna mil inn i landet frå Sandnes. Eit hovudmotiv var å få skikkeleg drivkraft til spinnemaskinene. Nielsen hadde kjøpt vassfallsrettar fyrst på Ålgård, og så etter eit par-tre års drift supplerande kraft frå vassfall i Edland. Bygda Gjesdal var kjend for sitt utbreidde sauehald og for ivrig husflidsverksemd, særleg med veving for sal. Det var nyleg bygd veg mellom Sandnes og Ålgård, noko som også var med å leggje til rette for Nielsens nye verksemd. Den nye bedrifta på Ålgård fekk namnet Aalgaards Uldspinderi.