Ole O. Langleite: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (kategori for ordførere etter parti fjernes, brukes kun på fire sider i defekte lister)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 46: Linje 46:
[[Kategori:NKP-politikere]]
[[Kategori:NKP-politikere]]
[[Kategori:Skoproduksjon]]
[[Kategori:Skoproduksjon]]
[[Kategori:Skjåk Almenning]]

Sideversjonen fra 19. jun. 2015 kl. 09:04

Mal:Thumb høyreOle O. Langleite (fødd i Skjåk 3. juni 1900, død same stad 10. januar 1989) var arbeidar, skomakar og småbrukar, fagforeiningsmann og politikar. Han var frå 1935 den fyrste arbeidarordføraren i Skjåk, og gjorde teneste som ordførar i fleire periodar fram til 1959.


Familie, oppvekst og ekteskap

Ole O. Langleite var fødd og oppvaksen på småbruket Midtre Langleite (Megarden) i Nordberg i Skjåk. Foreldra var Ola Samuelsen Langleite (fødd 1868) og Embjørg Olsdotter Hellflaten (fødd 1856). Ole var nest yngst i ein søskenflokk på fire brør, fødde i tidsrommet 1894-1902.

Megarden var bygselsplass under Skjåk Almenning inntil foreldra til Ole fekk kjøpt det til sjølveige i 1907. «Som klelaus og berrføtt guttunge gjette han for mor si ved Aursjoen og Vetlsæter», heiter deti eit intervju i Dagningen med han som 85-åring.

Han gjekk sjuårig folkeskule.

Mal:Thumb høyreI 1921 gifta han seg med Inga Torsteinsdotter Jevnheim (1898-1968). Dei fekk ni born saman, fødde i tidsrommet 1921-1942. Familien budde på fire forskjellige plassar før dei kunne flytte inn på småbruket Myrvang i 1924, som dei sjølve rydda og bygde opp som bureisarar.


Yrkesliv

Ole Langleite hadde ein mangfaldig yrkeskarriere. Da familien tok til på Myrvang vart hovudyrket for så vidt småbrukar. Men både før og sidan dreiv han mykje anna ved sida. Han var skomakar, og fortel sjølv at han året 1929 til 1930 sauma 100 par sko. Han var sagarbeidar og hadde anna slags arbeid i Skjåk Almenning, derunder fløyting og tømmerhogging. Under andre verdskrigen var han sagmeister på Bråtåsaga. Han var også bygningsarbeidar og telegrafarbeidar.


Politikk og anna samfunnsengasjement

Langleite var aktivt med i arbeidarrørsla alt frå den fekk organiserte former i Skjåk frå ca. 1920. Dei to lokale sosialistlaga (Skjåk og Nordberg) følgde NKP ved partisplittinga i 1923, og Langleite heldt seg til Kommunistpartiet også nokre år etter at laga i Skjåk hadde slutta seg til DNA i 1926. I 1931 melde også han seg inn i Arbeidarpartiet. Året før hadde han stått sentralt i den fyrste organiseringa av ei skog- og landarbeidarforeining i bygda. Foreininga organiserte streik ved Skjåk Almenning same året.

I 1928 vart han vald inn i Skjåk kommunestyre på ei arbeidar- og småbrukarliste, som i røynda talde både arbeidarpartifolk og kommunistar. Etter ein periode ute vart han på nytt valt til heradsstyret i 1934, nå på Arbeidarpartiets liste. Frå 1935 sat han samanhengande i heradsstyret for det same partiet til ut i 1970-åra. I det nye heradsstyret frå 1935 hadde Arbeidarpartiet fleirtalet, og Langleite vart ordførar. Han vart avsett av okkupasjonsstyresmaktene i 1941, men kom tilbake i 1945 og sat som ordførar fyrst til 1951 og til sist i perioden 1956-1959.

Som bureisar og arbeidstakar i Skjåk Almenning, og som politikar, var Langleite sterkt oppteken av ålmenningspolitikken. Han kom inn i styret i 1937 og sat til 1941. Det vart ein periode med særleg kvass strid, med bakgrunn i den såkall Eigaraksjonen som vart sett i gang i 1938 under leiing av Rikard Skjelkvåle. Da Langleite var ferdig med siste perioden sin som ordførar, var han på nytt i ålmenningsstyret i to periodar 1958-1960 og 1960-1962. Den siste perioden var han også styreleiar.

Eit anna felt han var særleg engasjert i, var rutebiltrafikken i Ottadalen. Før krigen var han styremedlem i Ottadalen-Geiranger-Stryn Kommunale Bilselskap (OGS), eitt av fleire konkurrerande rutebilselskap i distriktet. I 1937 var han med i ei interkommunal nemnd som konkluderte med at det burde skipast eitt bilselskap for heile Ottadalen. Det vart ikkje noko av før i 1943, da Ottadalen kommunale Billag (OKB) kom i stand. Etter krigen sat Langleite som styremedlem og formann i OKB i ei årrekkje. Han var elles formann og styremedlem i Skjåk Kraftverk, og hadde ei rad andre tillitsverv, mellom anna i kooperasjonen.


Kjelder og litteratur

  • Bruheim, Mathias: Skjåk ålmenning 1798-1948, Skjåk Ålmenningsstyre 1969.
  • Ættebok for Skjåk band II side 204 spalte 2 og band I side 252 spalte 1.
  • Intervju i Dagningen 3.6.1985 (Rune Øygard)
  • 70-, 75- og 85-årsomtaler i Gudbrandsdølen