Ole Oldre Hamre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Oldre Hamre (fødd 25. oktober 1908 i Vang i Valdres, død 9. februar 2002) var gardbrukar og lokalhistorikar.

Hamre var frå Vennis i Vang, var gardbrukar og gift med Ingeborg. Dei fekk fem barn. Han var ein allsidig mann, men slektsgransking og tida i snikkerbua var gromme hobbyer.

Valdres folkemuseumFagernes ligg det opptak av gode historiar og visestubbar som han har både laga og fått seg fortald frå sin barndom. I Årbok frå Valdres har han både skrive og blitt intervjua. Han var på 2000-talet Vangs eldste lokalhistorikar og ein kjend mann for mange.

I 2000 ga han ut boka Bestefar o è som han skreiv saman med barnebarnet sitt Olaug Oldre.

Bibliografi

  • Bestebar o è. Eige forlag, 2000.

Kjelder

Sjå også