Oppgangssaga i Fundlidbekken

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 24. mai 2018 kl. 15:29 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Oppgangssaga i Fundlidbekken står ved Fundlidbekken ved Lognvikvatn i Vinje kommune i Telemark. Saga er ei oppgangssag med sjølvtrekk. Ho blei bygd i 1826 av eigarane på Fundlid, Lognvik Nord og Lognvik Sør. I 1869 blei ho ombygd.

Saga var i bruk fram til 1950-talet og stod sidan til nedfalls. I 1981/82 satte Telemark Tømmersalslag, ved Vetle J. Hamarsnes og Aslak O. Trae, i gang restaurering. Laget fekk økonomisk stønad frå fleire aktørar. Saga blei gjeven i gåve til Vinje kommune, og i 2011 vart ho tema på kulturminnedagen i kommunen. Saga blir i dag rekna som eit kulturminne.

Kjelder

  • "Kulturminneplan for Vinje kommune", versjon 2.0, 10. oktober 2013. Tilgjengeleg på Telemark fylkeskommune si nettside om kulturminne.