Oppheim (Fedje gnr 169 bnr 34)

Oppheim er ein tidlegare husmannsplass, no brukt som fritidseigedom, i Fedje kommune.

Oppheim
Sokn: Fedje sokn
Fylke: Vestland fylke
Kommune: Fedje kommune
Gnr.: 169
Bnr: 34
Adresse: Mulevegen 158

1. Lars Olsen f. 1819 Nedst-Tangen (gnr 168 bnr 27-12b) d. 1887 g. 1847 m. Gjørnilla Hansd f. 1821 Langedalen (gnr 169 bnr 5-4a) d. 1901. Plassfolk utan jord her frå om lag 1860. Tidlegare budde dei i Austrheim, der dei pakta Toftegård (sjå Austrheimb. II s 239). I 1865 hadde dei 1 sau, og sette ⅛ tn potet, dei fekk jord til å setja potet i mot arbeid for eigaren. Plassen låg under Kremmarholmen gnr 169 bnr 1. I 1875 hadde dei 5 sauer og sette ¼ tn potet. Lars var fiskar og trearbeidar. Gjørnilla dreiv med spinning og strikking av ullvarer for andre ved sida av hus- og dyrestellet. Slik klarte dei å livnæra seg.

Born: a. Kari Larsd f. 1847 d. 1878 g. 1874 m. Ole Mikkelsen f. 1853 Moldøyna (gnr 170 bnr 3-19a) d. 1934, brukarar der (20). b. Ole Larsen f. 1850 d. 1937, neste brukar (2). c. Hans Larsen f. 1852 d. 1938 g.1.g. 1873 m. Andrea Persd f. 1850 Rognsvågen (gnr 167 bnr 1-2e) d. 1874, sjå der, Moldøyna (husmenn 5) og Sulo (gnr 169 bnr 13-1). d. Anna Kristina Larsd f. 1854 d. 1877, ugift, tenar. e. Andrea Larsd f. 1860 d. 1897 g. 1880 m. Karl Rasmussen f. 1859 Moldøyna (gnr 170 bnr 5-15d) d. 1936, budde der (husmenn 4). f. Katrina Larsd f. 1865 d. 1910 g. 1890 m. Kristen Karlsen f. 1864 Træsneset (gnr 171 bnr 1-1d) d. 1921, budde der (gnr 172 bnr 18-1).

Ole Larsen og Martina Monsd (bnr. 34-2), bak dottera Gina (2c), framme dottersonen Martin Karlsen (son til 2b).

2. Ole Larsen f. 1850 på denne plassen (1b) d. 1937 g. 1870 m. Martina Monsd f. 1850 Berge (gnr 168 bnr 21-9a) d. 1916. Han vart kalla «Ole med Nakken», og var fiskar. Dei budde først som innerstar på Berge, der dei to eldste borna er fødde. Huset vart flytta til Hesteneset om lag 1908, og dei budde der saman med sonen Karl, sjå Hesteneset (gnr 169 bnr 26).

Born: a. Ludvik Martin Olsen f. 1870, konfirmert 1885, truleg død ung. b. Berta Andrea Olsd f. 1874 d. 1900 g. 1893 m. Karl Ivarsen f. 1868 Mulen (5c) d. 1929, budde på Muleide (gnr 169 bnr 7-3). c. Karl Andreas Olsen f. 1878 d. 1934 g. 1901 m. Berta Gudmundsd f. 1876 Husa (gnr 168 bnr 6-3c) d. 1948, budde først her, så frå om lag 1908 i Hesteneset (gnr 169 bnr 26), sjå der. d. Olai Martin Olsen Hestenes f. 1884 d. 1948, sjømann, reiste til USA 1903, budde i Seattle, Washington. e. Gina Johanna Olsd f. 1887 g. 1925 m. em. Edvard Martin Eriksen Langøen f. 1882 Austrheim, budde der (jf Austrheimb. III s 562, Rognsvågen gnr 167 bnr 7-1, Eide gnr 168 bnr 15-19a, Sulo gnr 169 bnr 27-4b og gnr 169 bnr 44-3). f. dødfødd dotter f. 1893.

3. Peder Ingemårsen f. 1884 Skotholmen (husmenn 1a) d. 1967 g. 1905 m. Agate Jensine Nilsd Ådland f. 1881 Samnanger d. 1943 (dotter av Nils Johannessen f. 1849 og Eli Danielsd f. 1848, jf Samnangerb. I s 521 og 616). Dei budde først på Mulen hjå Peder sin stefar. Kring 1909 sette dei opp hus her, på grunnane til huset til nr 2. Skøyte i 1936 for 300 kr frå Alfin Langeland, tomta vart samstundes frådelt Kremmarholmen gnr 169 bnr 2. Peder var fiskar, m.a. på «Michael Sars» til Grønland. Han var medeigar i båten «Svanen».

Born: a. Anna Imanda Ingemårsen f. 1905 d. 1978 g. 1930 m. Albert Martin Jondal f. 1907 Odda d. 1993, industriarb. i Tyssedal i Odda, budde der, flytta som pensjonistar til Ågotnes, Fjell. b. Nils Emil Ingemårsen f. 1908 d. 1983, neste eigar (4). c. Klara Helena Ingemårsen f. 1910 d. 1972 g. 1936 m. Einar Peter Jakobsen Ågotnes f. 1912 Fjell d. 1994, arb. fiskegarnfabr., budde på Ågotnes (jf Fjellb. III s 504), son ca. Per Arvid Ågotnes f. 1945 d. 2017, sjå nr 5. d. Einar Andreas Ingemårsen f. 1912 d. 2002 g.1.g. 1942 m. Nancy Judith Nilsen f. 1918 på Austrheim d. 1945, sjå Sulo gnr 169 bnr 69. e. Georg Adolf Ingemårsen f. 1914 d. 1937 (tub.), fiskar. f. Solveig Jensine Ingemårsen f. 1917 d. 2004 g. 1944 m. Nils Peder Andreas Jakobsen Ågotnes f. 1910 Fjell d. 1985 (bror til Einar g.m. 3c), gardbrukarar der (sjå Fjellb. III s 479). g. Ingemår Ingemårsen f. 1920 d. 2007, stuert, g. 1951 m. Astrid Vassenden f. 1920 Lonevåg, Osterøy d. 1995 (jf Hausb. I s 158), bustad Åsane i Bergen (sjå Åsaneb. V s 509). Deira son Kåre f. 1954, sjå Sulo gnr 169 bnr 69-4. h. Even Ingemårsen f. 1923 d. 2002, matros, g. 1956 m. Astrid Nilsina Torgersen f. 1927 Ågotnes, Fjell d. 2012, busette der (jf Fjellb. III s 480).

4. Nils Ingemårsen f. 1908 på dette bruket (3b) d. 1983 g. 1944 m. Hilborg Henriksd f. 1920 Sulo (gnr 169 bnr 51-2e) d. 1990. Ingen born. Nils arb. på Bjelland ei tid, var elles fiskar. Skøyte frå faren i 1961.

5. Per Arvid Ågotnes f. 1945 (sjå nr 3ca her) d. 2017 g. 1971 m. Kirsti Katinka Lindgård f. 1947 Bergen, bustad Ågotnes, fekk skøyte i 1990. Huset vart brukt som feriebustad.

6. Øystein Aadland Olsnes f. 1982 Husøyna (gnr 168 bnr 205-2c), overingeniør, g. 2014 m. Benedikte Pletten f. 1982 Sletta på Radøy (jf Radøyb. V s 232), adjunkt, bustad Laksevåg i Bergen. Skøyte i 2020. Naustet ligg på bnr 86, skøyte same året. Det er ein fritidseigedom.

Born: a. Thorstein Pletten Olsnes f. 1999. b. Elias Pletten Olsnes f. 2005. c. Peder Pletten Olsnes f. 2008. d. Alfred Pletten Olsnes f. 2022.


Fedje komm.svg Oppheim (Fedje gnr 169 bnr 34) er henta frå Fedje og folket av Arvid Skogseth, og lagt ut under lisensen cc-by-sa. Denne digitale, oppdaterte utgåva av gards- og ættesoga for Fedje kommune vart utarbeida av Skogseth i 2022. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Ein kan også melde frå på epost til arviskog(krøllalfa)online.no.

Sjå også: ForsideBakgrunnLitt allmennsoge om FedjeForordLesarrettleiingForkortingar og ordtydingarShort introduction in EnglishKjelderLitteratur

Førre bolk: Fredly (Fedje gnr 169 bnr 32) • Neste bolk: Nordberg (Fedje gnr 169 bnr 35)