Ord og uttrykk knytt til kravellbygging: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
m (+{{leksikon|Kravellbygging}})
(lagt inn forklaring på to nye ord)
Linje 7: Linje 7:
==Ku==
==Ku==
Ku eller kyr, er ein enkel mal laga etter overkant på bjelkemodellen. Det vert brukt eit bord på vel 1 ½ m lengde. Underkant på dette set ein ned på bjelken, difor avtegna etter bjelkemodellen. I eine enden tek ein vekk tilsvarande dekkstjukta. Når ein legg bjelken ned på bjelkevegar, og fører kyra med hakket ut på skandekk, kan ein måle kor mykje bjelken skal nedfellast. Kontrolerar både for og bakkant i tilfelle forskjell.

==Laskeskøyt==
Mange stader på ein båt er det skøytar som skal tola mykje strekkbelastning. Då vert laskeskøyt ei løysing. Kor lang ein slik lask skal vere er det regelverk for, oftast beskrive som eit vist tal gonger dimensjonen, og alt etter kvar på båten det er. På ein ny båt i størrelse 60-70 fot, er kjølen vanlegvis i ei lengd. Der kjem då understemnet i forlengelse av kjølen, og skøytt saman med denne med ein laskeskøyt. Desse skøytane mellom kjøl og stemner er liggande laskar. Det er det også på bjelkevegar og revise.
På [[Hud og dekk#Bjelkelåset|bjelkelåset]] og på rekkelinningen er lasken ståande. Der rekkelinning har mykje sving kan ein nytte eit laust stykke på innsida som del av ein laskeskøyt. Desse vert klinka med to ½ tomsboltar på kvar ende. Endane har då rundt 5-6 cm breidd, og  støyten er litt på skrå både horisontalt og vertikalt. I lengderetninga må slike lause laskar tilpassast med høvel, sjølv om emnet minkar litt med høvling, så gjer skråinga at det ikkje vert for lite. Siste innpassing er snitt med saga i enden.
==Laskelås==
Ved forlenging av båtar vert kjølen og kjølsvin kappa. Desse vert kappa med omskot, men skal skøytast med ein lang lask. På kjølen vart det innsett eit laskelås. Det var laga i hard ved, oftast eik. Om lag 30 – 35 mm tjukte og bredde rundt 75 mm. Dette vart felt ned i flatene på lasken. Det skulle innslåast etter at kjølboltar var tilskrua. Då vart tilpassa slik at det var trangt å slå inn.

==Kjelde==
==Kjelde==

Sideversjonen fra 31. jul. 2010 kl. 18:34

Utrykksformene her er slik det vart brukt på L/L Vik Båtbyggeri, Høydal i Volda kommune.

Brøker

Brøker er forsterkningar mellom sidene i baug og hekk. Slik det vart gjort på Vik, var desse av jern, dimensjon rundt 3 tommar brei og tjukkleik ved hjerte 1 1/4 tomme. Det var då utsmidde armar til ½ tomme i enden. I baug montert i rett vinkel på stamnen. Bak slik at ein fekk med kantraspanta best muleg, og gjennomgåande boltar i attklossingane.

Ku

Ku eller kyr, er ein enkel mal laga etter overkant på bjelkemodellen. Det vert brukt eit bord på vel 1 ½ m lengde. Underkant på dette set ein ned på bjelken, difor avtegna etter bjelkemodellen. I eine enden tek ein vekk tilsvarande dekkstjukta. Når ein legg bjelken ned på bjelkevegar, og fører kyra med hakket ut på skandekk, kan ein måle kor mykje bjelken skal nedfellast. Kontrolerar både for og bakkant i tilfelle forskjell.

Laskeskøyt

Mange stader på ein båt er det skøytar som skal tola mykje strekkbelastning. Då vert laskeskøyt ei løysing. Kor lang ein slik lask skal vere er det regelverk for, oftast beskrive som eit vist tal gonger dimensjonen, og alt etter kvar på båten det er. På ein ny båt i størrelse 60-70 fot, er kjølen vanlegvis i ei lengd. Der kjem då understemnet i forlengelse av kjølen, og skøytt saman med denne med ein laskeskøyt. Desse skøytane mellom kjøl og stemner er liggande laskar. Det er det også på bjelkevegar og revise. På bjelkelåset og på rekkelinningen er lasken ståande. Der rekkelinning har mykje sving kan ein nytte eit laust stykke på innsida som del av ein laskeskøyt. Desse vert klinka med to ½ tomsboltar på kvar ende. Endane har då rundt 5-6 cm breidd, og støyten er litt på skrå både horisontalt og vertikalt. I lengderetninga må slike lause laskar tilpassast med høvel, sjølv om emnet minkar litt med høvling, så gjer skråinga at det ikkje vert for lite. Siste innpassing er snitt med saga i enden.

Laskelås

Kjelde