Ord og uttrykk knytt til kravellbygging

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 29. jul. 2010 kl. 21:12 av Magnar Høydal (samtale | bidrag) (Ny side: Utrykksformene her er slik det vart brukt på L/L Vik Båtbyggeri, Høydal i Volda Kommune. ==Brøker== Brøker, er forsterkningar mellom sidene i baug og hekk. Slik det vart gjort på Vik…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Utrykksformene her er slik det vart brukt på L/L Vik Båtbyggeri, Høydal i Volda Kommune.

Brøker

Brøker, er forsterkningar mellom sidene i baug og hekk. Slik det vart gjort på Vik, var desse av jern, dimensjon rundt 3 tommar brei og tjukkleik ved hjerte 1 1/4 tomme. Det var då utsmidde armar til ½ tomme i enden. I baug montert i rett vinkel på stamnen. Bak slik at ein fekk med kantraspanta best muleg, og gjennomgåande boltar i attklossingane.

Ku

Ku eller kyr, er ein enkel mal laga etter overkant på bjelkemodellen. Det vert brukt eit bord på vel 1 ½ m lengde. Underkant på dette set ein ned på bjelken, difor avtegna etter bjelkemodellen. I eine enden tek ein vekk tilsvarande dekkstjukta. Når ein legg bjelken ned på bjelkevegar, og fører kyra med hakket ut på skandekk, kan ein måle kor mykje bjelken skal nedfellast. Kontrolerar både for og bakkant i tilfelle forskjell.

Kjelde

L/L Vik Båtbyggeri