Ord og uttrykk knytt til kravellbygging

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 9. aug. 2010 kl. 08:49 av Siri J (samtale | bidrag) (lenker inn hud og dekk)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ord og uttrykk knytt til kravellbygging omtales her slik det vart brukt på L/L Vik Båtbyggeri, Høydalen i Volda kommune. Sjå òg fleire detaljar om kravellbygging under stykket om Hud og dekk.

Hud og dekk, oversyn

11. september 1994 blei denne spantveggen med dimensjonar som ein båt på 60 fot sett opp for å demonstrera huding. Plankane er skalma på. Nokre naglehol vart bora, og her ser ein naglen vert slått inn. Håkon Berg svingar mokkerten

Huda er namnet på det ytre skalet på ein båt, sameleis som på oss menneske, så sånn sett er det eit naturleg namn. Om det kan ha samanheng med båtar frå tidlege tider som var kledde med dyrehuder, kan ein gjerne filosofere over. Eg vil freiste å forklare litt om hud og huding på kravellbygd båt med doblingspant. Referansen er til slik det vart gjort ved L/L Vik Båtbyggeri. Fyrste hudplankane som skal leggast er dei tre øvste gangane, setgangane. Derfor må det avgjerast kvar spantetoppane skal kappast. Før ein får leggje bjelkevegar, må rekkestøttene på plass. Spanterisset rekk berre til skandekk på desse spanta. Difor set ein opp ei ri i den høgd rekkelinningen skal ha.Kjølplanken bak, har rotenden bakover, det vert valt ein planke med stor breidde. Fyllingsplanken er den siste ein set inn. Han er oftast litt lavt i kimingane, og vert stokken på.

Alle hudplankar er skøytte midt på eit tømmer, og er spikra med to skipssikar i kvar ende. Er det ekstra stor plankebreidd kan ein bruka fleire spikar. Over vasslinja vert alle spikrar innsenka, det vert brukt por, dor med skaft, når spikaren skal heilt inn.

Brøker

Brøker er forsterkningar mellom sidene i baug og hekk. Slik det vart gjort på Vik, var desse av jern, dimensjon rundt 3 tommar brei og tjukkleik ved hjerte 1 1/4 tomme. Det var då utsmidde armar til ½ tomme i enden. I baug montert i rett vinkel på stamnen. Bak slik at ein fekk med kantraspanta best muleg, og gjennomgåande boltar i attklossingane.

Denne malen vert brukt når ein feller ned dekksbjelkar

Ku

Ku eller kyr, er ein enkel mal laga etter overkant på bjelkemodellen. Det vert brukt eit bord på vel 1 ½ m lengde. Underkant på dette set ein ned på bjelken, difor avtegna etter bjelkemodellen. I eine enden tek ein vekk tilsvarande dekkstjukta. Når ein legg bjelken ned på bjelkevegar, og fører kyra med hakket ut på øvste hudplanken, kan ein måle kor mykje bjelken skal nedfellast. Kontrolerar både for og bakkant i tilfelle forskjell.

Laskeskøyt

Mange stader på ein båt er det skøytar som skal tola mykje strekkbelastning. Då vert laskeskøyt ei løysing. Kor lang ein slik lask skal vere er det regelverk for, oftast beskrive som eit vist tal gonger dimensjonen, og alt etter kvar på båten det er. På ein ny båt i størrelse 60-70 fot, er kjølen vanlegvis i ei lengd. Der kjem då understemnet i forlengelse av kjølen, og skøytt saman med denne med ein laskeskøyt. Desse skøytane mellom kjøl og stemner er liggande laskar. Det er det også på bjelkevegar og revise. På bjelkelåset og på rekkelinningen er lasken ståande. Der rekkelinning har mykje sving kan ein nytte eit laust stykke på innsida som del av ein laskeskøyt. Desse vert klinka med to ½ tomsboltar på kvar ende. Endane har då rundt 5-6 cm breidd, og støyten er litt på skrå både horisontalt og vertikalt. I lengderetninga må slike lause laskar tilpassast med høvel, sjølv om emnet minkar litt med høvling, så gjer skråinga at det ikkje vert for lite. Siste innpassing er snitt med saga i enden.

Laskelås

Ved forlenging av båtar vert kjølen og kjølsvin kappa. Desse vert kappa med omskot, men skal skøytast med ein lang lask. På kjølen vart det innsett eit laskelås. Det var laga i hard ved, oftast eik. Om lag 30 – 35 mm tjukte og bredde rundt 75 mm. Dette vart felt ned i flatene på lasken. Det skulle innslåast etter at kjølboltar var tilskrua. Då vart det tilpassa slik at det var trangt å slå inn.

Kjelde