Ordførarar i Hornindal kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Dette er eit oversyn over ordførarar i Hornindal kommune i Sogn og Fjordane i dei periodane Hornindal var eigen kommune.

Kommunedelingar og samanslåing

Hornindal sokn var med i Eid prestegjeld då kommunane vart skipa med formannskapslovene i 1837. Hornindal vart utskild som eigen kommune frå 1.1.1867, halvtanna år etter at soknet var utskild som eige prestegjeld (sjå Prestar i Hornindal).

Med den nye kommuneinndelinga etter Schei-komiteen vart Hornindal delt slik at den vestlege delen gjekk til Eid kommune (området vestover frå og med Navelsaker og Holmøyvik) medan den austlege delen gjekk til Stryn kommune.

Samanslåinga vekte så sterk motstand at Stryn vart ein av 13 kommunar som vart delt att. Hornindal vart såleis gjenoppretta som eigen kommune frå 1. januar 1977, men berre den delen som vart lagd til Stryn i 1965.

1. januar 2020 vart Hornindal innlemma i Volda kommune.

Ordførarar i Hornindal 1867-1964

År Namn Yrke Merknad
1867-1885 Knut Kirkhorn Kyrkjesongar
1885-1887 Rasmus Rognnes Lærar
1888-1902 Amund Tomasgard Bonde
1902-1913 Ola R. Svor Bonde
1914-1916 Anton Johnson Sokneprest
1917-1919 Ola R. Svor Bonde
1920-1922 Lars N. Gausemel Bonde
1923-1925 Paul K. Kirkhorn Bonde
1926-1928 Lars N. Gausemel Bonde
1929-1940 Jakob Gausemel Løytnant
1940-1942 Ivar Melheim Bonde og entreprenør
1942-1945 Oliver Fagerheim Småbrukar Oppnemnd av NS
1945-1955 Ivar Melheim Bonde og entreprenør
1956-1964 Kåre Maurset Lærar og småbrukar

Ordførarar i Hornindal sidan 1977

År Namn Yrke Parti
1977 Kåre Maurset Lærar og småbrukar Samlingsliste
1978-1981 Paul O. Tomasgard Lærar Senterpartiet
1982-1983 Rasmus Otterdal Lærar Høgre
1984-1987 Atle Tomasgard Lærar Venstre
1988-1991 Jon Indredavik Jordstyreteknikar Arbeidarpartiet
1993-1999 Ola Are Ytrehorn Rekneskapsførar Senterpartiet
1999-2009 Bjørn Lødemel Kjøpmann Høgre
2009-2011 Edvin Haugen Møbelsnikkar Høgre
2011-2015 Anne-Britt Øen Nygård Førstekonsulent Senterpartiet
2015-2019 Stig Olav Lødemel Sjølvstendig næringsdrivande Høgre

Kjelder