Ordførarar i Skjåk kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjåks kommunevåpen

Denne lista er ei oversikt over ordførarane som har leia Skjåk kommune i Oppland fylke. Den fyrste tok til 1. januar 1866, då Skjåk blei skilt ut frå Lom kommune.

Partilister vart nytta for fyrste gong i bygda ved kommunevalet i 1916. Når det likevel er påført opplysningar om partitilknyting før dette tidspunktet, er det fordi vi ut frå andre samanhengar kan påvise klar partipolitisk farge for vedkomande ordførarar. Når det gjeld Ole Lund, er han ikkje knytta til noko spesifikt parti. Men han var ein markant leiar for den kristeleg-konservative opposisjonen mot Venstre i Skjåk, jamvel om det ikkje vart organisert noko eigentleg Høgre i bygda.


Bilete År Namn Yrke Parti Merknader
Otto Ottesen.jpg 1866–1875 Otto Ottesen Sokneprest
Ole Lund 1904.jpg 1876–1877 Ole Lund Lærar, kyrkjesongar og småbrukar Kristen–konservativ
1878–1881 John J. Kjeken Lærar, postopnar og gardbrukar
1882–1883 Christian A. Hjelter Gardbrukar, seinare også hotelleigar Venstre
1884–1885 Ole O. Hørven Gardbrukar
1886–1889 Ole Lund Lærar, kyrkjesongar og småbrukar Kristen–konservativ
Ola O Skjaak.jpg 1890–1891 Ole Skiaker (Ola Skjåk i Brekk) Gardbrukar Venstre
1892–1893 Christian A. Hjelter Gardbrukar, seinare også hotelleigar Venstre
1894–1897 Lars Aanstad Gardbrukar og postopnar
1898–1901 Ole Skiaker (Ola Skjåk i Brekk) Gardbrukar Venstre
1902–1904 Lars Aanstad Gardbrukar og postopnar
1905–1907 Rasmus Haugen Gardbrukar og underoffiser
1908–1910 Ola O. Aanstad Gardbrukar og postopnar Venstre
1911–1913 Erik Kvale Kjøpmann og gardbrukar
1914–1916 Kolbein Skaare Lærar, kyrkjesongar og småbrukar Venstre/Arbeiderdemokratene
1917–1919 Johannes Kjeken Gardbrukar Bondelagsliste
1920–1922 Kolbein Skaare Lærar, kyrkjesongar og småbrukar Venstre/Arbeiderdemokratene
1923–1925 Olav Øygard Gardbrukar, seinare også hotelleigar Venstre/Radikale folkeparti
1926–1928 Ola F. Gjeilo Gardbrukar Bondepartiet
1929–1931 Olav Øygard Gardbrukar, seinare også hotelleigar Venstre/Radikale folkeparti
1932–1934 Ola F. Gjeilo Gardbrukar Bondepartiet
Ole O. Langleite.jpg 1935–1941 Ole O. Langleite Arbeidar og småbrukar Arbeidarpartiet
1941–1945 Gudbrand Skjaak Gardbrukar Nasjonal Samling
1945–1951 Ole O. Langleite Arbeidar og småbrukar Arbeidarpartiet
1952–1955 Trygve Bakke Gardbrukar Bondepartiet
1956–1959 Ole O. Langleite Arbeidar og småbrukar Arbeidarpartiet
1960–1971 Trygve Bakke Gardbrukar Senterpartiet
1972–1983 Hans Krogstad Gardbrukar Senterpartiet
1984–1987 Åge Willy Rønningen Lensmann Arbeidarpartiet
1988–1995 Margit Grimstad Lien Gardbrukar Senterpartiet
1996–2003 Hans Krogstad Gardbrukar Senterpartiet
2003–2007 Ola Stensgård Gardbrukar Senterpartiet
2007– Rolv Kristen Øygard Gardbrukar Senterpartiet