Osøyro

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Austre del av Osøyro, sett frå moloen.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).
Kulturhuset Oseana.
Foto: Leif-Harald Ruud (2023).

Osøyro er ein tettstad i Bjørnafjorden kommune i Vestland fylke. Han har omlag 14 000 innbyggjarar (2022), og ligg på søraustsida av Bergenshalvøya ved Fusafjorden.

Då kommunane Os og Fusa vart slegne saman til Bjørnafjorden kommune 1. januar 2020, vart Osøyro administrasjonssenter i den nye kommunen. Han ligg dessutan berre 30 kilometer sør for Bergen, og mange innbyggjarar er difor dagpendlarar. Samstundes finst eit stort utval lokale arbeidsplassar, til dømes verkstad- og trevareindustri, fylkeskommunal vidaregåande skule og fjordhotell. I Hagavik ligg Kysthospitalet i Hagevik (KiH), eit spesialsjukehus for ortopedisk kirurgi.

Europaveg 39 og fylkesveg 552 går gjennom Osøyro. Frå 1894 til 1935 gjekk det eit 26 kilometer langt, privat og smalspora jarnbanesamband (750 mm) frå Osøyro til Nesttun stasjon på Vossebanen (Nesttun-Osbanen), i korrespondanse med lokaltog til Bergen og Voss.

17. juni 2011 vart Oseana kunst- og kultursenter opna. Senteret er finansiert i eit offentleg-privat spleiselag mellom den gong Os kommune, Hordaland fylkeskommune, Grieg Foundation, næringsaktørar i Oseanalauget og andre private gjevarar. Total kostnad var ca 200 millionar kroner.

Kjelder


Koordinater: 60.1847556° N 5.4712857° Ø