Oscar Handeland

Oscar Handeland (1890-1967) var i heile sitt yrkesaktive liv tilsett i Norsk Luthersk Misjonssamband som historikar, redaktør i Kineseren (Utsyn) og lærar i kyrkje- og misjonshistorie ved misjonsskulen på FjellhaugSinsen i Oslo. I denne artikkelen vert det gjort greie for hans arbeid som historikar med særleg vekt på hans framstilling av lekmannsrørsla i høve til den offisielle kyrkja.

Oscar Handeland ved skrivebordet, 1941.
Foto: NLM-arkivet

I 1916 utgav fellesstyret (hovudstyret) i Det norske lutherske Kinamisjonsforbund ei historiebok om organisasjonen. Den har tittelen 25 år. Det står ikkje noko om kven som har skrive boka. Seinare vart det klart at forfattaren var Oscar Handeland. Handeland var på den tida redaksjonssekretær i Kineseren og medhjelpar eller assistent for Johannes Brandtzæg. Brandtzæg var sekretær (generalsekretær) i Kinamisjonsforbundet.

Boka viser tydeleg at forfattaren hadde både kunnskapar om og innsikt i emnet. I tillegg hadde han evner til å gjere framstillinga levande. Stilen i framstillinga flyt lett, og språket er kledd i ei spenstig form. Boka er skriven av ein ung mann på 26 år utan akademisk utdanning. Det er ikkje mange som maktar noko tilsvarande. Seinare kom Handeland til å skrive betre bøker, men med tanke på at dette var hans fyrste bok, står det respekt av resultatet.


Litt om Handelands bakgrunn

Oscar Handeland var fødd på garden Handeland i Åseral i Vest-Agder 1890. Her voks han også opp. Faren var lærar og bonde. Eit levande kristent miljø med vekt på lekmannsarbeid, vekking og misjon prega livet i Åseral. I føreordet til boka Kristenliv på Agder, som kanskje er hans beste bok, gjev Handeland ei levande skildring av kristenlivet i miljøet han voks opp i:

Eller eg såg føre meg når me rusla til småmøta der heime i grenda. Titt kom det få, og ikkje alltid var det så stor åndsmakt over samværet. Men oftast gjekk me heimatt med noko godt i hugen: Guds-livet hadde fått ny næring, og det heilage samfunn var styrkt. Men det dukka også fram minne om tider då alle hus blei for små, for Guds ånd og ord slo ned i gard og grend, så folk spurde fyrst og fremst etter frelse for si sjel. Det var mektige og merkelige tider som aldri kan gløymast (Handeland 1948:7-8).

Handeland gjekk fyrst ein skulevinter på Brandtzægs private ungdomsskule (folkehøgskule) på Framnes i Kvam i Hardanger. I januar 1910 begynte han på Kinamisjonsforbundet sin misjonsskule på Framnes. Den gongen tok dei også opp elevar ved misjonsskulen som sikta inn mot misjonsarbeid i heimlandet. Han fylgde undervisninga ved misjonsskulen eit par år. Då sette Brandtzæg Handeland til sin medhjelpar. Handeland skulle særleg take seg av arbeidet med Kineseren som var hovudorganet til Kinamisjonsforbundet. Brandtzæg stod formelt som redaktør til 1929. Fyrst då overtok Handeland det redaksjonelle ansvaret, men det var i realiteten Handeland som stelte mest med bladet også i Brandtzægs redaktørtid.

Arven frå kristenlivet i heimen, i heimbygda og på Framnes forma han som kristen, og er viktig for å forstå Handeland som historikar. Gjennom det levde livet og studium var han blitt overtydd om verdien av eit fritt og sjølvstendig lekmannsarbeid på luthersk grunn innanfor stats- og folkekyrkja si ramme. Dette grunnsynet pregar bøkene hans om norsk lekmannsrørsle, og det ligg også i botnen i det store historiske verket om den protestantiske verdsmisjonen Kongens Budbærere.

Familie

Oscar vart fødd 14. april 1890.[1] Foreldra var gardbrukar Bjørulf Olsen Handeland fødd 1852 og kona Anna Andreasdotter fødd 1858. Anna var frå Eiken.

Faren Bjøruf var gardbrukar og skulelærar.

Bjørulf og Anna hadde:

  • Torborg fødd 1881
  • Ole (Olaf) fødd 1883. Gm Anna Asbjørndsotter, fødd 1881. I 1910 arbeidde Olaf på garden Handeland og reiste som predikant.
  • Andreas fødd 1885
  • Oskar fødd 1890
  • Knut f 1894
  • Kari fødd 1897

Oscar Handeland vart gift med Gudrun Jørstad (1879-1963). Gudrun Jørstad var husmor på Haugetun og på Fjellhaug skular. I "Festskrift for ungdomsskulane. 1893-1918" heiter det om Gudrun Jørstad:

"Gudrun Jørstad, husmor og lærerinde i husholdning fra 1912—15, født i Faaberg 1879, gjennemgik havebruksskolen for kv. paa Bærby 1902, den kongelige selskap for Norges vels husholdningsskole, Kristiania 1907—08, vikarierte en tid ved Bærby, var fra 1908 ansat som ambulerende lærerinde i husholdning i S. Trondhjems amt til hun blev ansat ved Haugetun. Blev i 1915 husmor paa Kinaforbundets missionsskole i Østre Aker."

Slekta i ymse folketeljingar: 1891 [1], 1900 [2]], 1910 [3].

Hundre års arv

 
Den gamle misjons- og bibelskolen Fjellhaug, Sinsenveien 25 i Oslo, hvor Handeland underviste. I dag huser bygningen hovedkontoret til Norsk Luthersk Misjonssamband.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Handeland skreiv mange historiske artiklar i Kineseren medan han arbeidde der. I 1917 skreiv han ein lang artikkel i Kineseren, med tittelen "Hundre års arv", om utviklinga av lekmannsarbeidet i Noreg frå Hans Nielsen Hauge si tid. Artikkelen gjekk over tre nummer av Kineseren. I denne artikkelen nyttar Handeland ei så krass og utfordrande form at mange reagerte. Sjå berre korleis han formulerer seg i omtalen av prestane si haldning til Hauge:

Dagen var runnen over Noreg; men han var runnen med stormsky og lyn. Me kjenner det so vel, me har lese og høyrt om det so ofte, og kvar gong me las og høyrde om det, so dirra me av harme: Den mannen som kom med bod i frå Gud, han laut traska i fangeholet, og mange med han; fordi prestane heldt makti og meiningane sine kjærare enn Guds bod (Kineseren 1917 nr. 13-14).

Handeland har utan tvil mykje rett i det han skriv her, men det er skrive i ei så kvass form at reaksjonen uteblei ikkje.

Midt på 1800-talet steig professor Gisle Johnson fram som leiar for kristenfolket i store delar av landet. Han var prestelærar ved universitetet i Kristiania. Ei sterk vekkingsbylgje utgjekk frå undervisninga til Gisle Johnson. Store delar av presteskapet kom no til å sjå med blidare auge på lekmannsarbeidet ”enn dei eldre årgangane hadde gjort; i alle fall høyrer ein ikkje noko om at dei brukte køyresvipa på lesarane”. Men Johnson aksepterte berre lekmannsforkynninga som eit ”naudprinsipp” (nødsprinsippet). Etter Johnsons meining var lekmannsforkynninga i prinsippet i strid med Den augsburgske vedkjenninga artikkel 14 der det heiter at ”i kirken bør ingen lære offentlig eller forvalte sakramentene uten at han er rettelig kalt”. Handeland meiner at skulle det johnsonske ”nødsprinsippet” ha fått fullt gjennomslag, ville det ha fått katastrofale fylgjer: ”Det ville gitt presten strupetak på lekmannen”, skriv Handeland.

Handeland kjem så i artikkelen sin inn på forskjellige flokkar som streid mot ”nødsprinsippet”. På den eine sida stod ”dei høgkyrkjelege” med presten Johan Christian Heuch i spissen. Dei godtok ikkje noko ”nødsprinsipp”. På den andre sida finn me at på Vestlandet samarbeidde teologar som Jakob Sverdrup, Lars Oftedal og Ole Vollan med lekpredikantane. Men Handeland hevdar at ”der var også ein tredje flokk som reiste seg mot ”nødsprinsippet”, og det var ikkje den veikaste. Det var lekmannsfylkingen”. Mange av dei eldre haugianarane hadde ”trøytna og stivna". ”Dei hadde stivna i sitt åndsliv, og dei hadde trøytna i striden for å halda prestehandi frå livet. Dei fylgde nokså viljug med der presten gjekk føre. Men om gamlingane ikkje orka meir, så var ungdomen stridshuga som alltid.” Og så nemner han at det nå voks fram ei ny livsrørsle i det norske kristenfolket med bakgrunn i rosenianismen og med sterke innslag av den eldre haugianismen. Sentralt i denne rørsla stod menn som Thormod Rettedal, Paul Gerhard Sand, Jakob Traasdahl, Andreas Lavik og Ludvig Hope.

Vestlendingane med Ludvig Hope i brodden kjempa fram den «frie nattverden». Om denne kampen skriv Handeland:

Me veit alle korleis det gjekk. Det er ennå i friskt minne. Presten og dei som fylgde han, spende hardt imot; kvar ei kyrkja og kvar eit bedehus dei hadde magt over vart forsvarleg stengde for 'frinattverdfolk', og seint og tidleg køyrde dei opp med gamle, utlivde lovparagrafar til skræmsla for 'svake sjæle', og stundom når ikkje det hjelpte, så knytte dei neven i bukselomma og truga med lensmann og 'vatn og brød'.

Men der fanst ingen lensmann og ingen fut som lenger ville danse etter prestepipa, og då stortinget i 1913 sende dei omstridde paragrafane ut or verdi, var striden, praktisk tala, til endes. For tredje gongen hadde presten tapt (Kineseren 1917 nr.15).

Det fjerde geilomøtet gjekk av stabelen i januar 1917. Handeland skriv at då 'kom det til syne ein merkeleg komet på den kyrkjepolitiske himmel: ein lekmann i prestekjole. Det var fjerde geilomøte som med stort fleirtal sende han ut i himmelromet. Berre dei to utsendingane frå Kinaforbundet sette seg imot.' Handeland drøftar så kva det kan føre til om lekpredikantane vert prestar. Og han konkluderer med at 'lekmannen aldri må gje seg inn under presteveldet'. Lekmannsarbeidet må vere fritt. Dessutan poengterte han at 'det som må til er seigt, trufast arbeid etter dei metodar tidi krev; dei som til slutt vinn slaget det er dei som gir hjarteblodet for si sak.'

Handeland kunne ikkje vente anna enn mothogg for denne sterkt polemiske og til dels ironiske artikkelen. Frå prestane Fredrik Müller og Gunnar Dehli som begge var tilknytta Indremisjonsselskapet kom motinnlegg. Dehli tykte det var sårt ”at høre, at jo mere gudfryktig en prest er, dess mer skal han være en fiende av en selvstendig og frigjort lægmandsbevegelse. Kunde De ikke ogsaa tænke Dem den mulighet , at selv en prest kunde ha trang til av kristne at bli behandlet – ikke som geistlig embetsmand, men som et menneske og en bror?” Handeland svarte at han ville kome tilbake til saka i ei bok. Og ei langt meir inngåande drøfting av utviklinga i lekmannsrørsla gjev Handeland i heftet Norsk kristendomsforkynning (1918), i boka To linor i norsk kyrkjepolitikk (1923) og trebandsverket Vårløysing (band i 1922, band II 1934 og band III 1936). Handeland skreiv artikkelen "Hundre års arv" då Brandtzæg var i Kina. Hadde han lest den på førehand, er det snaut den hadde blitt prenta. Og Brandtzæg har heilt sikkert sagt frå til Handeland om kva han meinte om artikkelen. Dette må ha gått inn på Handeland, for i arkivet etter Handeland i NLM-arkivet ligg eit utkast til oppseiing frå Handeland. Om han verkeleg sa opp som arbeidar i Kinamisjonsforbundet, veit eg ikkje. Men 25. juli gjorde fellestyret vedtak om at i Kineseren skulle det setjast inn at Brandtzæg var ansvarleg redaktør og Handeland redaksjonsskretær. Samstundes vart Handeland oppmoda om å gjere ei ny reise for å samle materiale til ei bok om Thormod Rettedal. "Hundre års arv" blei også drøfta på eit leiarmøte på Fjellhaug i 1918. Det er ikkje funne referat frå dette møtet.

«To Linor i norsk kyrkjepolitikk»

I heftet Norsk kristendomsforkynning frå 1918 gir Handeland ei interessant framstilling av forkynninga i forskjellige periodar frå Hans Nielsen Hauge si tid og fram til byrjinga av 1900-talet. Det må eg seie sjølv om eg tykkjer han stundom kjem med vel negativ omtalar. Korleis burde så forkynninga etter Handelands meining vere tidleg på 1900-talet? Jau, norsk, luthersk og kinesisk. Tida tillet ikkje at eg her og no gjer meir greie for kva Handeland legg i desse omgrepa. Me er i denne samanheng meir ute etter korleis han i historisk lys såg på forholdet mellom Den norske kyrkja og lekmannsrørsla. Det får med lys over i boka To Linor i norsk kyrkjepolitikk.

Denne boka utkom i 1923 og høyrer på mange måtar samen med Vårløysing. Til grunn for denne boka ligg to foredrag Handeland heldt på årsmøtet for Broderringen på Vestlandet sommaren 1922. Boka er ifylgje forfattaren mykje utvida i høve til foredraga. I denne boka legg Handeland vekt på nattverdstriden og brytningane omkring ”nødsprinsippet” og indremisjonen i 1850 – 1860 åra. Han nemner at det har vore skrive lite om dei problemstillingane i tidlegare framstillingar, difor har han gitt dei ein brei plass i denne boka.

Derimot finn ein ikkje så mykje om haugerørsla og striden om konventikkelplakaten. Han grunngjev det med at sidan boka ikkje skulle vere så stor og både Bang, Heggtveit og Andreas Seierstad hadde skrive utførleg om dette tidlegare, fann han ut at det var naturleg å ikkje ta med så mykje om dei.

Dei spursmåla og sakene som vert drøfta i denne boka, er for ein stor del dei same som i artikkelen Hundre års arv. Men i denne boka legg han fram mykje meir dokumentasjon enn i den nemnde artikkelen, og analysen er også mykje grundigare. Synsmåtane og argumentasjonen i boka liknar mykje på innhaldet i artikkelen, men forma er stort sett mildare. Han bruker ikkje så ”hard skyts” i boka som i artikkelen. Men elles er han ”frisk i fråsparket” og går ikkje av vegen for å bruke temmeleg sterke ord og uttrykk og negative karakteristikkar av synsmåtar han finn naturleg å nemne. Det er om å gjere for Handeland å få fram at skal lekmannsrørsla ha noka framtid, må ho vere sjølvstendig i forhold til det kyrkjelege embete. Det vil ikkje seie at han opptrer som motstandar av statskyrkja. Han er klar over og takksam for alt det positive ho har hatt å seie i folket vårt.

Mot slutten av boka har Handeland ei oppsummering av hovudinnhaldet i boka som eg tek med noko frå her. Fyrst nemner han statskyrkja, som altså er den eine lina, og her skriv han mellom anna:

No står då den statskyrkja der, gammal og stormherja. Det er ingi skam å ”gå ut” – som det var i eldre tid. Ingen diktar syng til æra for statskyrkja, stod det nyleg i eit blad. Og, var det lagt til, det som ikkje meir vert bore fram i folket på diktarvengjer, det har ingi framtid. Likevel er statskyrkja sterk, og kan koma til å gjera mange slike spådomar om inkje. I meir enn tre mannsaldrar har fleire av dei kvassaste hovud, både mellom kristne og vantru, rent storm imot henne, men endå er det knapt tre prosent av folket som har meldt seg ut. Og for mindre en ti år sidan sa folket ifrå, med knusande fleirtal, at dei ville ha statskyrkja (Handeland 1923:13).

Handeland samanfattar så nokre hovudpunkt om det frie kristne arbeidet, altså den andre lina. Eg siterer noko av det han her skriv:

1. For 100 år sidan var det småflokkar som samlast om ordet og hjelpte kvarandre så godt dei kunne både i åndelege og verdslege spursmål. Dei var vanvyrde og stundom forfylgde av dei ”store” i landet, men heldt godt i hop innbyrdes. 2. Ned gjennom åri har det frie kristne arbeidet vore ute i svære stormar. Stundom såg det ut som det skulle gå under, bli utstroke eller bunde under statskyrkja. Men det heldt seg fritt og vaks i alle stormar. Livskrafti var for sterk (Handeland 1923:13-14).

Etter historikaren Oscar Handeland si meining har dei to linene vore til stor signing for kyrkje- og kristenlivet i Noreg. Han jamfører dei to linene slik:

Me har fylgt desse to linor i det norske kyrkjelivet: Statskyrkjelina og lekmannslina. Me har sett at dei kom ofte i strid. Men dei har også hjelpt einannan. Lekmannsarbeidet fekk godt av religionsopplæringi i skulane, og statskyrkja fekk godt av den kristelege vekkjeingi som fylgde det frie arbeidet. Og sjølve striden, i spaningi mellom dei, låg eit vokstervilkår. Dei fleste ser ikkje dette, men sant er det. Striden skar ut mykje ”daudkjøt”, som elles ville fått breida seg, han dreiv båe partane til å nytta si kraft til det ytste, til å gi det beste dei kunde gi (Handeland 1923:197).

Her ser me tydeleg at Handeland også vurderte statskyrkja sitt arbeid, særleg kristendomsopplæringa i skulen, høgt. Den høge vurderinga av statskyrkja finn me ikkje noko om i artikkelen "Hundre års arv". Skal tru om ikkje Handeland drøfta spørsmålet om forholdet mellom statskyrkjelina og lekmannslina mykje med Ludvig Hope i desse åra?

Når Oscar Handeland vurderte lekmannsarbeidet si framtid i lys av historia, la han alltid vekt på at lekmannsarbeidet måtte stå fritt. Det viser han med stor kraft i historieverket Vårløysing.

Vårløysing

Vårløysing er eit stort og omfattande verk på tre band om den historiske utviklinga til store delar av lekmannsarbeidet i Noreg i siste halvpart av 1800-talet og det fyrste tiåret av 1900-talet. Band I kom i 1922. Her er emissær Thormod Rettedal hovudfiguranten. Handeland vart kritisert for å gje Rettedal ein så sentral plass i framstillinga. Men Handeland forsvarar seg med at Rettedal er den mest sermerkte av alle dei menn som bar den store kristen-rørsla på Vestlandet. Og mange av sermerka hjå han er også sermerke for den rørsla han var med i. Han er eit av dei sterkaste utslag av ”vestlands-kristendomen”. Handeland nemner også til sitt forsvar for å gje Rettedal ein så sentral plass at Rettedal var ”ein mann i vokster heile si tid. Han stivna aldri, som så mange av stridsbrørne hans. Og i denne livslange vokster kom han bort i og tok merke av mest alle dei straumdrag som vann makt mellom kristne på Vestlandet i denne tid. Det trur eg knapt ein kan seie om nokon annan.” Elles nemner han at han gjerne skulle hatt meir tid til å arbeidet med manuskriptet, men fellestyret meinte at nå måtte boka bli ferdig. Sjølv meinte Handeland at han ikkje var blitt ferdig med granskinga.

Boka som vart det første bandet i ein serie på tre band, var i utgangspunktet tenkt berre som ein biografi om Thormod Rettedal, men særleg utfordringane etter artikkelen Hundre års arv og 50-årsskriftet om Indremisjonsselskapet av professor Edvard Sverdrup der han sette fokus naturleg nok mest på kristenrørsla på Austlandet, overtydde Handeland om at han måtte sette Rettedal inn ein breiare samanheng og skildre kristenrørsla på Vestlandet i siste halvdel av 1800-talet.

Handeland skjøna at han måtte få fram meir om lekmannsrørsla si utvikling, og då særleg den radikale og lågkyrkjelege lekmannsrørsla før og etter førre hundreårsskiftet enn det han skriv i det fyrste bandet av Vårløysing. Men Handeland underviste også i misjonshistorie ved misjonsskulen på Fjellhaug. Og denne undervisninga førte til at han begynte å skrive Kongens Budbærere der han fortel historia til den nyare protestantiske internasjonale misjonsrørsla. Bøkene i dette verket på heile seks band kom i fleire opplag og vart mykje lesne. Også i dette verket viser Handeland seg som ein glimrande historieforteljar. Det er verkeleg driv over framstillinga. Lesaren blir riven med.

Kongens Budbærere byggjer naturleg nok bare i liten grad på gransking av primærkjelder. Men Handeland kjende til dei nyare misjonshistoriske framstillingar som han må ha brukt som grunnlag for sine eigne bøker. Men Handeland kan ikkje klagast for plagiat. Han støypte framstillinga i si eiga form. Ein merker difor fort når ein les Handeland at dette er hans framstilling, skapt av ein stor historikar med interesse for stoffet og kjærleik til misjonen og den lågkyrkjelege delen av kristenfolket. Noko meir om Kongens Budbærere nemner eg ikkje i denne samanheng.

Tilbake til Vårløysing. Fyrste bandet kom altså ut i 1922, band II kom i 1934 og band III i 1936. Ei nyutgåve av Vårløysing utkom i 1966. I det andre bandet av Vårløysing ligg hovudvekta på framstillinga av den store vekkinga på Sunnmøre mot slutten av 1880-åra. Og i siste bandet set han hovudfokuset på den religiøse livet i Telemark, nynorsken som vert kristna, og den religiøse utviklinga i Hardanger, på Agder og i Østfold før han rundar av med vekkinga ved Albert Lunde i Calmeyergatens Misjonshus i 1905. Heile tida er det ei hovudsak for Handeland å vise korleis den frie lekmannsrørsla gjennom store og mindre vekkinga og gjennom organisering i landsomspennande organisasjonar har hatt svært mykje å seie for sant og sunt kristenliv i landet vårt. Handeland kjem i føreordet inn på spursmålet om den norske kyrkjesoga er fattig Til det skriv han:

Så seier biskop Bang, og mange med han. Eg synest ho er rik. Iallfall i det siste hundreåret. Kan hende er ho ikkje særs rik i denne tida heller for dei som legg mest vekt på store domkyrkjer og mektige kyrkjefyrstar. Men dersom ein legg mest vekt på livet, det stridande, lengtande, tapande, sigrande kristenlivet og dei som bar det, anten det nå var prestar eller lekmenn, så er den norske kyrkjesoga ikkje fattig. Me kan godt møta opp ved sida av dei andre Nordlanda (Handeland 1966, band I:9)

Vårløysing, og me kan leggje til Kristenliv på Agder, som utkom i 1946, er eit storfelt verk, nærmast eit epos om vekkingar særleg i den radikale delen av lekmannsrørsla i delar av landet vårt før og litt etter år 1900. Sjølve namnet Vårløysing viser oss korleis Handeland såg på denne tida. Ikkje så å forstå at Handeland var ein nesegrus beundrar av alt som braut på i desse vekkingane. Han kunne vere sterkt kritisk til sider ved vekkingane. Då feier han ikkje det under teppet, men legg det ope fram i dagen.

Handeland set i Vårløysing vekkingssoga inn i ein kulturhistorisk og profanhistorisk samanheng. Det gjeld både når han framstiller åndsbrytningane i 1880-åra, nyromantikken på 1890-talet, kampen for bruk av nynorsken i gudstenester og religiøse møte, forholdet mellom embetsstanden og allmugen osb. I si framstilling er han med og løfter fram enkle kvinner og menn som var med i nasjonsbygginga. Men framfor alt var Handeland var med og gav særleg den lågkyrkjelege delen av lekmannsrørsla identitet, sjølvinnsikt og sjølvforståing.

Naturleg nok var ikkje alle samde med Handeland korkje i hovudtrenden i Vårløysing eller i enkelte detaljspursmål. Han fekk både ros og ris. Forfattaren Ronald Fangen skreiv i Tidens Tegn at ”det kan ikke være tvil om at Oscar Handeland har gitt det norske kristenfolk et storverk i alle ordets betydninger. Den som vil vite noe intimt om kristendommens vei i vårt folk kan ikke komme denne boken forbi. En særlig honnør fortjener Handeland for sin rummelighet i synet, - han er ikke partitraver, han er ikke stengt verken av fordommer eller særinteresser. Han har et åpent blikk for alt som har menneskelig verdi og kristelig livskraft hvor han så støter på det. Dette er til syvende og sist det aller beste man kan si om hans bok: han skildrer norsk fromhetsliv og han har de indre forutsetninger som gjør ham adekvat med det.” Men elles kritiserer Fangen Handeland for å vere for detaljrik og for omstendeleg. ”Han forteller som om han satt i hyggelig lag foran peisen vinterskvelden om alle slags familieforhold, om alle slags møter og tildragelser rundt omkring i bygdene.” Fangen meiner denne måten å skrive historie på har sin charme, men det blir etter Fangens meining for mykje av det gode. Eg er ikkje samd med Fangen i hans kritikk her. Fylden i forteljinga, alle dømene han legg fram, gjer etter mi meining framstillinga berre rikare. Ein kjem i Handeland sine bøker verkeleg ”under huda” på lekmannsrørsla.

 
Oscar Handeland held foredrag i Stavanger, 1961.
Foto: NLM-arkivet

Korleis arbeidde Handeland som historikar?

I føreordet til det andre bandet av Vårløysing som altså utkom i 1934, svarar Handeland på nokre innvendingar som vart sette fram etter at det fyrste bandet var utkome. Her nemner han også noko om dei prinsipp som ligg til grunn for framstillinga og korleis han meiner at historia reint metodisk skal skivast. Eg siterer:

Historie er først og fremst forteljing. Resonnering og vurdering kjem i andre raden. Forteljinga lever, men vurderinga skiftar frå ætt til ætt. Etter dette prinsipp har eg prøvt å bygga verket opp. Eg har lagt vinn på å skildre personar og hendingar så upartisk eg kunne. Sanninga må gå framom alt anna. Men det hjelper lite om fortellinga er aldri så sann når ho blir fortalt så turt og livlaust at ingen les henne. Det ideelle populære historieverket bør vera både litande og livfullt. Det mål har eg stila imot. Kor langt eg har nått, får andre døma om. Sjølv trur eg at det mest verdfulle i Vårløysing er personskildringane frå nyare tid. Mange av desse er for det meste bygde på munnleg tradisjon. Om få år vil vel storparten av dei som gav meg opplysningane, vera borte, og då blir det truleg Vårløysing ei viktig kjelda til kunnskap om fleire av dei personane som verket skildrar. Om Vårløysing ikkje gjer noko anna godt, så har då verket i allfall hjelpt til å berga nok munnleg tradisjon (Handeland 1966 band 2:6-7).

Handeland skil altså mellom forteljing og vurdering i arbeidet med historia. Denne måten å sjå historikarens arbeid på, liknar på fyndordet som i mange år var gangbar mynt både i journalistikken og historikarens arbeid, nemleg: ”Facts are sacred, comments are free.” Det er tydeleg at professor Andreas Seierstad tenkte slik om historikarens arbeid. Det gjev han uttrykk for i artikkelen Kyrkjesoga som akademisk og teologisk disiplin frå 1948. I den samanheng stør han seg mellom anna til professor Halvdan Koht som har eit liknande resonnement når han skriv: ”Dei einskilde fakta kan stå, men samanbindinga, syntesen er subjektiv, og kvar granskar må gjera si eiga.” I dag ser nok dei fleste forskarane noko annleis på dette. Det er vanskeleg for ikkje å seie umogeleg å skilje heilt mellom forteljing og vurdering, facts og comments og fakta og syntesen. I ei historieframstilling vil ofte forteljing og vurdering vere samanblanda. I forteljinga ligg også ei vurdering, og i utvalet av facts ligg også ein comments.

Når det er sagt, må det leggjast til at når Handeland legg så stor vekt på å framstille historia som ei forteljing, så finn me hos fleire historikarar det same idealet i dag. I så måte er Handeland eigentleg føre si tid. I dag legg også historikarane vekt på å framstille historia som forteljing. Etter mi meining er det nettopp det Handeland gjer gjennom sine fantastisk gode personskildringar, ikkje minst slik dei kjem fram i omtalane av brytningar i kyrkje- og kristenliv. Gjennom skildringane og forteljingane kjem me så å seie ”under huda” på personane.

Det er ein svakhet ved Handeland sine historiebøker at dei ikkje inneheld kjeldetilvisingar. Mange har nemnd nett det. Det hadde samanheng med at han ville bøkene skulle vere populære. Bøker med noteapparat fører ofte til at dei blir sett på som tunge å lese. Handeland nemner også, at han ikkje fekk inn noteapparat på grunn av mangel på tid. Men dette betyr ikkje at han ikkje arbeidde grundig, me kan seie historisk kritisk, med kjeldematerialet. For det gjorde han verkeleg. Han analyserte kjeldene, prøvde dei opp mot kvarandre. Og så drog han konklusjonen når han meinte han var komen fram til det rette. I NLM-arkivet ligg ei stor mengde korrespondanse som viser kva kjelder han brukte til fleire av bøkene sine. Dessutan reiste han mange stader for å samtale med folk. Då forstår ein betre det store arbeidet som ligg bak mange av bøkene og artiklane hans. Siste artikkelen han skreiv, om venen Nils Belland, mangeårig stortingsmann og mangeårig medlem av hovudstyret i NLM, ser eg i arkivet at til grunn for artikkelen som kom i Fast Grunn i 1968 då Handeland var død, at han hadde fått informasjon frå mange som kjende Belland.

 
Trygve Bjerkrheim (tv.) og Oscar Handeland (th.) i 1966. Bjerkrheim tok over redigeringa av misjonsbladet Utsyn i 1936.
Foto: NLM-arkivet

I 1941 då Det norske lutherske Kinamisjonsforbund (NLM) runda 50 år, skreiv Handeland jubileumsskriftet. Professor Andreas Seierstad skriv at Handeland med dette arbeidet ”har brote vegen for eit nytt slag organisasjonshistorie som skil seg tydeleg frå dei eldre jubileumsskriftene. Tidlegare jubileumshistorikk refererte helst berre protokollar frå skipingsmøtet og frå seinare periodar og tok sikte på å syna korleis organisasjonen hadde vakse frå tid til tid, trass i vanskelege tider. Misgrep som ein seinare vart klår over, eller indre brytingar innan organisasjonen høyrde ein lite om. Handeland fører oss inn i dei åndelege rørslene som gjorde at det nye tok form. Han ville ha tak i åndsstraumane som sette folk i sving, og dei førande personar som fekk mest å seia for utforminga av det ytre.” (Dagen, 12.4.1950)

Oscar Handeland var i alle sine yrkesaktive år, ja heile livet, knytta opp til Norsk Luthersk Misjonssamband. Som historikar fekk han mykje å seie for den kyrkjelege kursen til denne organisasjonen. Handeland heldt ei rekkje foredrag om dette spursmålet på generalforsamlingar, rådsmøte, arbeidarmøte og andre viktige møte i NLM. Alle lytta til Handeland. Han var kunnskapsrik, hadde stor innsikt i emnet og kjente den lågkyrkjelege lekmannsrørsla betre enn nokon annan. Handeland forstod verdien av å sjå etter dei lange linene i historia. Han var overtydd om at dei to linene i lekmannsrørsla i Noreg hadde vore til velsigning for folk og land, for Guds rikes vokster i vårt land og for innsatsen på misjonsfelta. Handeland kjente vel til rasjonalismens dominans i Kyrkja på Hans Nielsen Hauge si tid. Men Hauge forlet ikkje kyrkja. Derimot oppfordra han venene sine til å verte ståande i kyrkja samstundes som dei måtte halde saman i venesamfunna kring i landet. Handeland kjente også av eiga røynsle godt til då den klassiske liberale teologien fekk innpass ved Universitetets teologiske fakultet før og etter år 1900. Då fekk frikyrkjetanken god bør i segla. Men med Ludvig Hope sitt vel to timar lange foredrag på årsmøtet til Den vestlandske broderring i 1922, gjekk lufta for ein stor del ut av frikyrkjeballongen. På 1950-talet fekk me den såkalle helvetesdebatten. Departementet som då var det øverste kyrkjestyret også i teologiske spursmål, meinte biskop Schjelderup med si fornekting av den evige fortapinga ikkje hadde sett seg utanfor kyrkjelæra. Heller ikkje då finn eg at Handeland i tidsskriftet han sjølv hadde grunnlagt, Fast Grunn, kjem med noka oppmoding til det gamaltruande lekfolket, organisasjonsfolket om å gå ut or kyrkja og etablere eit nytt trus- eller kyrkjesamfunn. Handeland saman med majoriteten av lekfolket ville stå i kyrkja, men ikkje under henne.

Når Hope og Handeland forsvara stats- og folkekyrkjeordninga, la dei stor vekt på kva kristendomsopplæringa hadde hatt å seie for folk og land. No er det religionsundervisning. Samstundes vert framleis ein stor prosent av småborna døypte. Å gje dei kristendomsopplæring er ei stor utfordring til kyrkja og organisasjonane.

Eg veit at me har fått kyrkjemøte og kyrkjeråd. Nokre av vedtaka der meiner eg strir klart mot Bibel og vedkjenning. Men sjølv om eg er medlem av stats- og folkekyrkja, kjenner eg meg ikkje medansvarleg for desse vedtaka, like lite som fedrane våre var ansvarlege for rasjonalismen, den liberale teologien og forskjellige fornektingar som har vorte framsett i etterkrigstida.

«Attersyn og framsyn» var tittelen på eit foredrag Handeland heldt då Agder krins av NLM runda femti år i 1946. Eit framsyn utan attersyn er farleg. Halvdan Koht sette som tittel på ei av bøkene sine: På leit etter liner i historia. Dei historiske linene er viktige både for å forstå si eiga samtid og å halde kursen frametter. Å bli historielaus ber galt avstad, også i det kristne arbeidet. Me må ha med oss historia, me må ha kjennskap til røtene. I mine unge år høyrde eg mange gonger prinsippforedrag om vår kyrkjeforståing og lekmannsarbeidet under mange av NLM sine samlingar. Eg har nettopp ordna arkivet etter Tore Tungland, og då ser eg at han mange gonger heldt foredrag om desse emna. Tek eg feil, når eg påstår at slike tema er mykje mindre framme i dag?

Når bonden set opp ei hesje, må han ha nokre staur bak som han kan rette hesja opp etter. Me i NLM har ei rik historie. Men historiekunnskapen hos oss er dessverre svært liten, særleg hos dei unge. Det er vårt ansvar å formidle den til nye generasjonar. Historia kan hjelpe oss til å halde stø kurs frametter. Gjennom si levande formidling av historia til lekmannsrørsla generelt og NLM spesielt, er Handeland ein trygg og god vegleiar me gjer vel i lytte til.

Kjelder og litteratur

 
Oscar Handeland sitt gravminne på Vestre gravlund i Oslo.
Foto: Stig Rune Pedersen (2012)

Arkivmateriale

Blader og tidsskrift

  • Dagen
  • Fast Grunn
  • Fædrelandsvennen
  • Kineseren/Utsyn
  • Vårt Land

Bøker og artikler

  • Fangen, Ronald 1938. En bokkavalkade i Tidens Tegn 20.6.1938
  • Fiskland, Aasmund 1961. Ein “Kongens budbærar” i 45 år. Oscar Handeland nedgravd i bokarbeid og vonar å få ferdig fleire verk før han gir opp. Artikkel i Fædrelandsvennen 06.12.1961.
  • Handeland, Oscar 1918. Norsk kristendomsforkynning. Bergen: Lunde & Co.s Forlag.
  • Handeland, Oscar 1923. To linor i norsk kyrkjepolitikk. Bergen: Lunde & Co.s Forlag.
  • Handeland, Oscar 1941. Det norske lutherske Kinamisjonsforbund gjennom 50 år. Bind I. Oslo: Det norske lutherske Kinamisjonsforbunds Forlag. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Handeland, Oscar 1948. Kristenliv på Agder. 50 års-skrift for Agder krins av Det norske lutherske Kinamisjonsforbund. Oslo: Forbundets Forlag. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Handeland, Oscar 1966. Vårløysing. Band I-III. Andre utgåva. Bergen: A/S Lunde & Co.s Forlag.
  • Kjebekk, Erik 1991. Verden for Kristus. Norsk Luthersk Misjonssamband 1891-1991. Heimearbeidet. Oslo: Lunde Forlag.
  • Kleppa, Johannes og Odland, Paul 1998. Ordets folk. Det Vestlandske Indremisjonsforbund 1898-1998. Bergen: Sambåndet Forlag A/S.
  • Koht, Halvdan 1953. På leit etter liner i historia. Utvalde avhandlingar utgjevne til åtti-års-dagen hans. Oslo: H. Aschehoug & CO. (W. Nygaard).
  • Molland, Einar 1979. Norges kirkehistorie i det 19. århundre. Bind I-II. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag A/S.
  • Seierstad, Andreas 1950. Ein kristenlivsgranskar. Oscar Handeland ved 60-års-merkesteinen. Vårt Lands kronikk 12.4.1950.
  • Seierstad, Andreas 1965. Fedrearv og Kristenkall. Festskrift i anledning professor dr. theol. Andr. Seierstads 75-års jubileum den 24. november 1965. Oslo: Universitetsforlaget.
  • Welle, Ivar 1950. En selvlært kirkehistoriker. Vårt Land 13.4.1950.
  • Wisløff, Carl Fr. 1979. Norsk kirkehistorie. Bind III. Oslo: Lutherstiftelsens Forlag.

Notar

  1. Åseral sokneprestkontor, SAK/1111-0051/F/Fa/L0003: Ministerialbok nr. A 3, 1884-1901, s. 27 Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060510070172