Oskar Ingvald Aarsbog (1917-1940)

Sideversjon per 4. feb. 2021 kl. 10:08 av MortenHV (samtale | bidrag) (sortkey etc)

Oskar Ingvald Aarsbog (fødd 13. juli 1917 i Kvernes, daud 30. april 1940Lesjaskog) var fiskar.

Oskar Aarsbog, frå Våre falne bd. 3.

Truleg deltok han i felttoget gjennom Østerdalen over Folldalen og Hjerkinn, i ein reorganisert styrke under major Trygve Sandvik som vart trekt til Dombås og så evakuert vestover. Dei kom til Lesjaskog 30. mai og vart utsett for kraftig bombing. Aarsbog hadde truleg søkt dekning i kjellaren på Lesjaskog handelsforening då det huset vart treft av ei bombe og trykket sendte utgangsdøra over han slik at han døydde. Gravlagt same dag på Lesjaskog kyrkjegard, teke opp att og sendt til Vevang.

Minne på Lesjaskog.

Kjelder