Ottadalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 2. jan. 2020 kl. 09:06 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Teksterstatting – «[[Kategori:Oppland fylke» til «Kategori:Innlandet fylke [[Kategori:Oppland»)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Ottadalen er ein sidedal til Gudbrandsdalen mot vest-nordvest. Det er dalføret til elva Otta, som har utspring i Djupvatnet i Møre og Romsdal (på Geirangerfjellet), 1017 meter over havet. Elva munnar ut i Gudbrandsdalslågen ved Otta by, 288 meter over havet. Dalen strekkjer seg frå vest gjennom kommunane Skjåk, Lom og Vågå, og endar i Sel kommune. Ottadalen har ikkje fungert som offentleg administrasjonseining, men det har til tider vore samarbeid mellom Ottadals-kommunane til dømes kva gjeld interkommunale rutebilselskap. I offentleg forvaltning og rettsstell har Ottadalen inngått i Nord-Gudbrandsdalen.

Ottadalen (Ottdal'n) blir stundom nytta i snevrare tyding om den nedre delen av dalen, frå Lalm til Otta by.