Otto Olson Grov

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Otto Olson Grov (fødd kring 1722, gravlagd 2. mars 1785) var frå Grov i Jostedalen, Sogn og Fjordane. Han var son av klokkar Ole Knutson Grov og fekk bygselbrev på heimgarden Grov i 1755 etter at faren døydde. I 1758 vart han den fyrste sjølveigaren på Grov, og han hadde garden så lenge han levde.

Otto gifte seg fyrste gongen kring 1761 med Martha Andersdotter, som var enkje etter gardbrukar Anders Olson Li. Martha døydde i 1783, og året etter gifte Otto seg med Eli Johnsdotter frå Garen, Nedrelid, enkje etter Anders Tøgerson Bjørk.

I 1745 ynskte faren Ole Knutson Grov at sonen Otto skulle ta over som klokkar etter han sjølv, men det vart Ole Anderson Åsen som tok over - han var gift med dottera til Knut Grov og systera til Otto.

Ved skøyte 19. juli 1762 kjøpte Otto Olson Grov Jostedal kyrkje av dei tre førre eigarane. Ein av eigarane var verbroren Ole Anderson Åsen.

Otto Grov hadde ofte saker for retten - ei heldt han gåande i 2 år. Med prokurator Randulfs ord (truleg sarkastisk meint) var han ein "superklok mand".[1]

Etter tradisjonen var Otto Grov ein ein stor bjørneskyttar, som mange andre jostedøler, og skal ha vore 18 år gamal då han skaut sin fyrste bjørn.[2]

Notar

  1. Laberg 1944, s. 66
  2. Laberg 1944, s. 66

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1944). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 11), 5-85. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune. (digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.