Ove Wangensten Haug: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
mIngen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 52: Linje 52:
[[Kategori:Klokkere]]
[[Kategori:Klokkere]]
[[Kategori:Ordførere i Jostedal kommune]]
[[Kategori:Ordførere i Jostedal kommune]]
[[Kategori:Ordførere fra Arbeiderpartiet]]

Sideversjonen fra 29. mar. 2012 kl. 09:10

Mal:Thumb høyre

Ove Wangensten Haug (fødd 30. august 1901 i Årdal, død 7. april 1978 på Lillehammer) var lærar og kyrkjesongar i Jostedalen og Skjåk.

Haug tok eksamen på Stord lærarskule i 1922, og byrja same året som lærar og klokkar i Jostedalen. Andre kjelder opplyser at han tok til som lærar der allereie i 1919. Det er også sprikjande opplysningar om Ove Wangensteen Haug eller Lars R. Nedrelid var klokkar i Jostedalen 1919-22.

Som vidareutdanning gjennomførte Haug kurs i tresløyd, gymnastikk, fysikk og pedagogisk psykologi.

Kona Ingeborg f. Austin (fødd 1902) frå Skjåk kom som jordmor til Jostedal på byrjinga av 1920-talet. Dei to fekk tre born saman, Olav (f. 1925), Astrid (f. 1927) og Oddbjørn (f. 1930). Huslyden flytte inn i klokkargarden Øvregarden i 1924 og vart buande her til 1939 då dei flytte til Nordberg i Skjåk. Haug var òg organist i kyrkja den tida han budde i Jostedalen.

Haug var i 1930-åra sentral i bygginga av Styggevasshytta på ferdslevegen mellom Jostedalen og Skjåk. Særleg etter at han kom til Skjåk, ivra han sterkt for planane om å byggje bilveg mellom Jostedalen og Skjåk over Handspikja, eit prosjekt som det aldri har vorte noko av. Haug var elles ei drivkraft i ungdomslags- og idrettslagsarbeid.

Han var styreformann (direktør) i Jostedal sparebank 1928-29 og ordførar i Jostedal kommune 1938-39. Han var aktiv som politikar også i Skjåk innan Arbeidarpartiet.

I Skjåk var Haug fyrst lærar ved Bokkodden skule. Han var blant dei som ivra for bygging av ein ny sentralskule i Nordberg, og han vart styrar for denne nye skulen frå starten i 1951. Frå 1959 til han gjekk av med pensjon var han skuleinspektør i bygda. Han var kyrkjesongar ved Nordberg kyrkje.


Kjelder og litteratur

  • Folketeljinga 1910 for Årdal
  • 60-års omtale i Nationen 29.8.1961.
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 350. (Digital utgåve, NBdigital)
  • Øvregard, Kåre. (1996). Skulen i Luster gjennom 250 år. Kulturhistoriske glimt frå skulen sitt arbeid i dei ulike krinsane. Gaupne: Luster kommune.
  • Hoel, Oddmund L. (2006). Jostedal mållag 100 år. Jostedal skule- og bygdeavis (nr. 50), 88-89. (Digital utgåve)
  • Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.



Forgjengar:
 Lars R. Nedrelid 
Klokkarar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Hallvard Hesjevoll 


Forgjengar:
 Hermund Nilsson Bruheim 
Ordførarar i Jostedal kommune
Etterfølgjar:
 Hans Moen