Pål Kluften: Forskjell mellom sideversjoner
Ingen redigeringsforklaring |
Ingen redigeringsforklaring |
||
Linje 13: | Linje 13: | ||
I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til [[Bertrand Narvesen]]. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942. | I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til [[Bertrand Narvesen]]. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942. | ||
== Kjelder og litteratur == | |||
*Folketeljingane frå Nord-Fron 1900 og Drammen 1910. | |||
*Hosar, Kristian: «Den mangfaldige spelemannen frå Ruste», i ''Århundrets døler. En bok om lillehamringer og døler som har preget det 20. århundre.'' Gudbrandsdølen Dagningen 1999. | |||
*Høgåsen, Martinus: «Minneord om Pål Kluften» i ''[[Årbok for Gudbrandsdalen]]'' 1945. | |||
*''Norsk allkunnebok'', 1956. |
Sideversjonen fra 8. apr. 2013 kl. 18:42
Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.
Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, diktar, folkemusikk- og folkeminnesamlar og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Ikkje minst i hans eige distrikt Gudbrandsdalen var dette med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».
Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.
Bakgrunn
Pål Kluften var fødd i eit eldhus i Rustehage grenda Ruste i Nord-Fron. Foreldra var ugifte arbeidsfolk. Mora heitte Marit Pålsdotter Kluften. Ho døydde da Pål var åtte år. Han flytta da til far sin, Iver Larsen Kongslibakken. I folketeljinga 1900 finn vi far og son på rydningsplassen Søre Grind (under gnr. 49.1 Nordre Grind). Faren er dagarbeidar og Pål går i folkeskulen.
Fagopplæring og yrkesverksemd
Etter konfirmasjonen kom Pål i skreddarlære hjå Hans Sletten i Skåbu. Han fullførde ikkje læretida si, og byrja i staden i typograflære på Lillehammer i 1906. I folketeljinga 1910 finn vi han som «typograf i avis» i Drammen. Han er da gift og har eit barn på eitt år. Kona var Karen Solbjørg frå Øyer (1886-1937). Sonen deira heitte Ivar.
Kluften arbeidde i seks år som typograf i Drammen i arbeidaravisa Fremtiden under redaktør Torgeir Vraa.
I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til Bertrand Narvesen. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942.
Kjelder og litteratur
- Folketeljingane frå Nord-Fron 1900 og Drammen 1910.
- Hosar, Kristian: «Den mangfaldige spelemannen frå Ruste», i Århundrets døler. En bok om lillehamringer og døler som har preget det 20. århundre. Gudbrandsdølen Dagningen 1999.
- Høgåsen, Martinus: «Minneord om Pål Kluften» i Årbok for Gudbrandsdalen 1945.
- Norsk allkunnebok, 1956.