Pål Kluften

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Pål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».

Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemna på Vinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.

Bakgrunn

Pål Kluften var fødd i eit eldhus i Rustehage grenda Ruste i Nord-Fron. Foreldra var ugifte arbeidsfolk. Mora heitte Marit Pålsdotter Kluften. Ho døydde da Pål var åtte år. Han flytta da til far sin, Iver Larsen Kongslibakken. I folketeljinga 1900 finn vi far og son på rydningsplassen Søre Grind (under gnr. 49.1 Nordre Grind). Faren er dagarbeidar og Pål går i folkeskulen.

Fagopplæring og yrkesverksemd

Etter konfirmasjonen kom Pål i skreddarlære hjå Hans Sletten i Skåbu. Han fullførde ikkje læretida si, og byrja i staden i typograflære på Lillehammer i 1906. I folketeljinga 1910 finn vi han som «typograf i avis» i Drammen. Han er da gift og har eit barn på eitt år. Kona var Karen Solbjørg frå Øyer (1886-1937). Sonen deira heitte Ivar.

Kluften arbeidde i seks år som typograf i Drammen i arbeidaravisa Fremtiden under redaktør Torgeir Vraa.

I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til Bertrand Narvesen. Frå 1935 dreiv åtte og dreiv han Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942.

Musikar og samlar av tradisjonsmusikk

Folkeminne og lokalhistorie

Skjønnlitterær produksjon

Politikk

Kjelder og litteratur

  • Folketeljingane frå Nord-Fron 1900 og Drammen 1910.
  • Hosar, Kristian: «Den mangfaldige spelemannen frå Ruste», i Århundrets døler. En bok om lillehamringer og døler som har preget det 20. århundre. Gudbrandsdølen Dagningen 1999.
  • Høgåsen, Martinus: «Minneord om Pål Kluften» i Årbok for Gudbrandsdalen 1945.
  • Norsk allkunnebok, 1956.