Pål Kluften

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 18. apr. 2015 kl. 05:43 av Hans P. Hosar (samtale | bidrag) (Lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyrePål Kluften (fødd i Nord-Fron 16. november 1888, død i Ringebu 30. april 1942) var typograf, spelemann, folkemusikk- og folkeminnesamlar, diktar, journalist og arbeidarpolitikar. Han kombinerte sine sosialistiske haldningar med norskdomsstrev, og var blant dei framståande kulturpersonlegdomane som gjorde sitt for å legitimere målsaka i arbeidarrørsla. Hans verksemd var med på å fremje den massive overgangen til nynorsk i Gudbrandsdalen i slutten av 1930-åra. Den tosidige ideologien hans har fått eit representativt lyrisk uttrykk i kvar sine av dei kanskje mest kjende songane hans: «Arbeidarmarsj» og «Dølamarsj».

Kluften er blant mykje anna kjend for å ha teke initiativ til Per Gynt-stemnaVinstra, og for å ha ivra for å få ein historisk Per Gynt fram i lyset.

Bakgrunn

Pål Kluften skal vera fødd i eit eldhus i grenda Ruste i Nord-Fron. Foreldra var ugifte arbeidsfolk. Mora heitte Marit Pålsdotter Kluften (fødd 1858), dotter av husmannsfolka Paul Nilsen og Embjørg Johannesdotter på plassen Kluften under garden Bø.[1] Ho døydde da Pål var åtte år gammal. Han flytta da til far sin, Iver Larsen Kongslibakken. Iver var fødd i 1858. Under dåpsinnførsla til Pål i kyrkjeboka 17. mars 1889, er faren oppført som ungkar og innerst Iver Larsen Liabakken. I folketeljinga 1900 finn vi far og son på rydningsplassen Søre Grind (under gnr. 49.1 Nordre Grind).[2]Faren er dagarbeidar og Pål går i folkeskulen.

Fagopplæring og yrkesverksemd

Etter konfirmasjonen kom Pål i skreddarlære hjå Hans Sletten i Skåbu. Han fullførde ikkje læretida si, og byrja i staden i typograflære på Lillehammer i 1906. I folketeljinga 1910 finn vi han som «typograf i avis» i Drammen.[3] Han er da gift og har eit barn på eitt år. Kona var Karen Solbjørg frå Øyer (1886-1937). Sonen deira heitte Ivar.

Kluften arbeidde i seks år som typograf i Drammen i arbeidaravisa Fremtiden under redaktør Torgeir Vraa.

I 1913 flytta familien til Ringebu, der Kluften vart tilsett i trykkeriet til Bertrand Narvesen. Frå 1935 åtte og dreiv Kluften Gudbrandsdalstrykkeriet, som sonen Ivar heldt fram med etter farens død i 1942. Kona dreiv blomsterbutikk i Ringebu.

Musikar og diktar

Pål Kluften lærde å spele fele som smågut, og spela til dans lenge før han vart konfirmert. Felespelet og anna musikalsk verksemd vart ei hovudsak for han attåt boktrykkaryrket. Han vann premiar på mange kappleikar og heldt konsertar som samla mykje folk. Ved ein konsert på Hamar i 1921 var det 1100 menneske til stades. Han var i København og Stockholm, heldt foredrag og underheldt med felespelet. Frå 1915 spela han kvart år på den skandinaviske lærarstemna som lenge var eit fast innslag ved folkehøgskulen på Hundorp.

Han spela mykje tradisjonsmusikk, men komponerte også sjølv, og skreiv tekster til songar og marsjar som han stundom laga melodiane til sjølv, eller han brukte gamle bruremarsjar o.l. Særskilt kan nemnast «Dølamarsj» (Sjå Laugen strøymer stor og strid fraa Jotunfjellom ... dølan i dalom som eig og rår i gardom...), som han laga i 1918, og «Arbeidarmarsj» (Fram, fram det ljomar fraa fjell!...) som kom i 1924.

Ikkje minst er skjemtevisene hans vorte folkeeige, som til dømes «Hans og hånå'n» med motiv frå barndomsbygda Ruste og Sorperoa ved Vinstra. Dessutan skreiv han ei rad bygdesongar i lokalpatriotisk stil.

Pål Kluften stod i spissen for skipinga av Gudbrandsdalens Sangerforbund i 1915.

Innsamling av tradisjonsmusikk

Det er fortalt at Pål Kluften skreiv ned sin fyrste springleik da han var 14 år gammal. Han må altså tidleg ha lært seg notar og det nødvendigaste av formell musikkfagleg kunnskap. Etter kvart gjorde han det til ei hovudoppgåve å samle inn tradisjonsmusikk av ymse slag. Frå 1919 fekk han statsstipend til dette arbeidet, og han reiste rundt ikkje berre i Gudbrandsdalen, men i Solør, Eidsskog, Hurdal, Eidsvoll og i heile Buskerud.

Frå 1932 til 1935 gav han ut fire hefte i ein serie med tittelen «Gode, gamle norske folkedanser».

Folkeminne og lokalhistorie

Parallelt med musikkinnsamlinga tok Kluften også vare på segner og tradisjonar som han høyrde munnleg overlevert der han fór. Særleg festa han seg ved historier om Per Hågå på Sødorp, som han vart overtydd om var den som figurerte som segnfiguren Per Gynt. I 1928 tok han initiativ til den fyrste Per Gynt-stemna på Vinstra, der delar av Ibsens drama vart framført på Hågå. Kluften var også hovudmannen bak reisinga av minnesteinen over Per Gynt på Sødorp kyrkjegard i 1932.

Journalist og fotograf

På frilansbasis laga Kluften reportasjar og skreiv ei stor mengd artiklar for aviser og blad, ikkje berre for sosialistpressa. Han har også late etter seg ei stor mengd fotografi, nokre av dei i De Sandvigske Samlinger. Dei er korkje teknisk eller kompositorisk av høg kvalitet, men mange av motiva gjer dei kulturhistorisk verdfulle.

Politikk

Kluften vart sosialist seinast da han var i Drammen og arbeidde som typograf i Fremtiden. Han var fagorganisert, og var knytta til arbeidarrørsla livet ut. Ei tid sat han i heradsstyret i Ringebu, og ved stortingsvalet i 1924 var han nominert på fjerdeplass på lista til Arbeidarpartiet i Oppland.

Kjelder og litteratur

  • Folketeljingane frå Nord-Fron 1900 og Drammen 1910.
  • Hosar, Kristian: «Den mangfaldige spelemannen frå Ruste», i Århundrets døler. En bok om lillehamringer og døler som har preget det 20. århundre. Gudbrandsdølen Dagningen 1999.
  • Høgåsen, Martinus: «Minneord om Pål Kluften» i Årbok for Gudbrandsdalen 1945.
  • Norsk allkunnebok, 1956.
  • Første versjon av artikkelen er henta fra Preus museums register over norske fotografer.
  • Pål Kluften på Digitalt museum.
  • Pål Kluften på KulturNav
  • Norske fotosamlinger, 1989
  • Gudbrandsdølen og Lillehammer Tilskuer 07.11.1984
  • Skjema (fotoregistrering) De Sandvigske Samlinger - Maihaugen 28.10.1997

Referansar