Pål Torsson Harildstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Mellomlagring)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 2: Linje 2:


== Bakgrunn og familie ==
== Bakgrunn og familie ==
Pål Torsson var fødd på [[Harildstad (Sel)|Harildstad]] i [[Heidalen (Sel)|Heidalen]], og tilhøyrde det gamle gudbrandsdalske bondearistokratiet som gjerne rekna slektsrøtene sine attende til [[Bratt-ætta]] av den gamle norske adelen. Hovudsetet for denne ætta blir rekna for å vere storgarden [[Bjølstad]] i Heidal, der eine bestemora til Pål Torsson kom frå.
Pål Torsson var fødd på [[Harildstad (Sel)|Harildstad]] i [[Heidalen (Sel)|Heidalen]], og tilhøyrde det gamle gudbrandsdalske bondearistokratiet som gjerne rekna slektsrøtene sine attende til [[Bratt-ætta]] og [[Gjesling-ætta]] av den gamle norske adelen. Hovudsetet for denne ætta blir rekna for å vere storgarden [[Bjølstad]] i Heidal, der eine bestemora til Pål Torsson kom frå.


Harildstad var foreldregarden til mora, som ho som gardjente (åsetesarving) hadde overteke etter foreldra. Namnet hennar var Berte Syversdotter. Faren heitte Tord Hansson og kom frå ein annan storgard i Vågå, [[Taulstad]]. Pål Torsson var nummer sju i rekkja i ein syskenflokk på åtte. Ein kapellan i [[Vågå prestegjeld]], [[Henrik Garbo]], såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til [[Holla (Telemark)|Holla]] i [[Telemark]] da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.
Harildstad var foreldregarden til mora, som ho som gardjente (åsetesarving) hadde overteke etter foreldra. Namnet hennar var Berte Syversdotter. Faren heitte Tord Hansson og kom frå ein annan storgard i Vågå, [[Taulstad]]. Pål Torsson var nummer sju i rekkja i ein syskenflokk på åtte. Ein kapellan i [[Vågå prestegjeld]], [[Henrik Garbo]], såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til [[Holla (Telemark)|Holla]] i [[Telemark]] da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.


Pål Torsson gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdotter frå Nedre (?) [[Øy (Vågå)|Øy]] i Vågå, ein gard i same sjiktet som Bjølstad, Harildstad og Taulstad. Dei hadde  tre søner, Hans, Lars og Thor. Dei kjøpte garden [[Åmot (Sjoa)|Åmot]] ved [[Sjoa]] i 1794.
Pål Torsson gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdotter frå Nedre (?) [[Øy (Vågå)|Øy]] i Vågå, ein gard i same sjiktet som Bjølstad, Harildstad og Taulstad. Ho vart rekna for å vere av Gjesling-ætta på [[Sandbu (Vågå)|Sandbu]]. Pål og Rønnaug kjøpte garden [[Åmot (Sjoa)|Åmot]] ved [[Sjoa]] i 1794. Dei hadde i 1801 tre søner, Hans, Lars og Thor i alderen 1-9 år.


== Militær og gardbrukar ==
== Militær og gardbrukar ==
Pål vart kalla inn til militærteneste og vart [[underoffiser]]. Han var med på den såkalla [[tyttebærkrigen]] i 1788. Han vart kommandersersjant i 1807 og kalla ut i [[krigen mot Sverige 1808–1809]]. I 1808 vart han [[Leksikon:Fanejunker|fanejunker]] og var med i [[Toverudslaget]]. Etter det vart han [[Leksikon: Dannebrogsmann|dannebrogsmann]]. Han deltok også i krigen i 1814, der han som mellombels kaptein skal ha ført eit kompani i trefninga ved [[Onstadsund]].
Pål vart kalla inn til militærteneste og vart [[underoffiser]]. Han var med på den såkalla [[tyttebærkrigen]] i 1788. Han vart [[kommandersersjant]] i 1807 og kalla ut i [[krigen mot Sverige 1808–1809]]. I 1808 vart han [[Leksikon:Fanejunker|fanejunker]] og var med i [[Toverudslaget|kampane ved Toverud]]. Etter det vart han [[Leksikon: Dannebrogsmann|dannebrogsmann]]. Han deltok også i [[krigen i 1814]], der han som mellombels kaptein skal ha ført eit kompani i trefninga ved [[Onstadsund]].


Harildstad avslutta militærtenesta si i 1815 og konsentrerte seg om gardsdrifta. Han var interessert i hagebruk og blir rekna som ein føregangsmann som dyrka både eple og poteter. Eit utslag av slike interesser kan vera at han skal ha teke med seg ei lita plante frå Eidsvoll og planta som tuntre på heimegarden. Tuntreet står den dag i dag.
Harildstad søkte avskil frå militærtenesta i 1815, og konsentrerte seg sidan om gardsdrifta. Han var spesielt interessert i hagebruk og blir rekna som ein føregangsmann som dyrka både eple og poteter. Eit utslag av slike interesser kan vera at han skal ha teke med seg ei lita plante frå Eidsvoll og planta som tuntre på heimegarden. Tuntreet står den dag i dag.


== Eidsvoll 1814 ==
== Eidsvoll 1814 ==
I 1814 vart han vald til å møte på [[Riksforsamlingen|Eidsvoll]] av [[Oppland Regiment|Opplandske Regiment]], der han støtta [[Selvstendighetspartiet|sjølvstyrepartiet]].
I 1814 vart han vald til å møte på [[Riksforsamlingen|Eidsvoll]] av [[Oppland Regiment|Opplandske Regiment]]. Han representerte underklassene ved regimentet (menige og underoffiserar). Offisersrepresentanten var sjefen for regimentet, [[Diderich Hegermann]].I likskap med Hegermann støtta Harildstad [[Selvstendighetspartiet|sjølvstyrepartiet]]


== Kjelder og litteratur==
== Kjelder og litteratur==
*Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. ''[[Årbok for Gudbrandsdalen]]'' s. 3-5.
*Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. ''[[Årbok for Gudbrandsdalen]]'' s. 3-5.
*[[Koht, Halvdan]]: Artikkel om Harildstad i Norsk biografisk leksikon (1931).
*[[Pryser, Tore]]: ''1814 i Oppland. Bønder, øvrighet og soldater.'' Pax forlag, Oslo 2013.


{{DEFAULTSORT:Harildstad, Pål Torsson}} <!-- sortering etter gardsnamn fordi det har vore nytta som slektsnamn-->
{{DEFAULTSORT:Harildstad, Pål Torsson}} <!-- sortering etter gardsnamn fordi det har vore nytta som slektsnamn-->

Sideversjonen fra 11. apr. 2014 kl. 12:20

Pål Torsson Harildstad (født 23. desember 1764, død 15. januar 1843) var omgangsskulelærar, underoffiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Bakgrunn og familie

Pål Torsson var fødd på Harildstad i Heidalen, og tilhøyrde det gamle gudbrandsdalske bondearistokratiet som gjerne rekna slektsrøtene sine attende til Bratt-ætta og Gjesling-ætta av den gamle norske adelen. Hovudsetet for denne ætta blir rekna for å vere storgarden Bjølstad i Heidal, der eine bestemora til Pål Torsson kom frå.

Harildstad var foreldregarden til mora, som ho som gardjente (åsetesarving) hadde overteke etter foreldra. Namnet hennar var Berte Syversdotter. Faren heitte Tord Hansson og kom frå ein annan storgard i Vågå, Taulstad. Pål Torsson var nummer sju i rekkja i ein syskenflokk på åtte. Ein kapellan i Vågå prestegjeld, Henrik Garbo, såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til Holla i Telemark da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.

Pål Torsson gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdotter frå Nedre (?) Øy i Vågå, ein gard i same sjiktet som Bjølstad, Harildstad og Taulstad. Ho vart rekna for å vere av Gjesling-ætta på Sandbu. Pål og Rønnaug kjøpte garden Åmot ved Sjoa i 1794. Dei hadde i 1801 tre søner, Hans, Lars og Thor i alderen 1-9 år.

Militær og gardbrukar

Pål vart kalla inn til militærteneste og vart underoffiser. Han var med på den såkalla tyttebærkrigen i 1788. Han vart kommandersersjant i 1807 og kalla ut i krigen mot Sverige 1808–1809. I 1808 vart han fanejunker og var med i kampane ved Toverud. Etter det vart han dannebrogsmann. Han deltok også i krigen i 1814, der han som mellombels kaptein skal ha ført eit kompani i trefninga ved Onstadsund.

Harildstad søkte avskil frå militærtenesta i 1815, og konsentrerte seg sidan om gardsdrifta. Han var spesielt interessert i hagebruk og blir rekna som ein føregangsmann som dyrka både eple og poteter. Eit utslag av slike interesser kan vera at han skal ha teke med seg ei lita plante frå Eidsvoll og planta som tuntre på heimegarden. Tuntreet står den dag i dag.

Eidsvoll 1814

I 1814 vart han vald til å møte på Eidsvoll av Opplandske Regiment. Han representerte underklassene ved regimentet (menige og underoffiserar). Offisersrepresentanten var sjefen for regimentet, Diderich Hegermann.I likskap med Hegermann støtta Harildstad sjølvstyrepartiet

Kjelder og litteratur

  • Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. Årbok for Gudbrandsdalen s. 3-5.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Harildstad i Norsk biografisk leksikon (1931).
  • Pryser, Tore: 1814 i Oppland. Bønder, øvrighet og soldater. Pax forlag, Oslo 2013.