Pål Torsson Harildstad: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Ny side: '''Pål Torsson Harildstad''' (født 23. desember 1764, død 15. januar 1843) var omgangsskulelærar, fanejunkar, gardbrukar og eidsvollsmann. Han var født på [[Harild…)
 
Ingen redigeringsforklaring
(10 mellomliggende versjoner av 5 brukere er ikke vist)
Linje 1: Linje 1:
'''Pål Torsson Harildstad''' (født [[23. desember]] [[1764]], død [[15. januar]] [[1843]]) var omgangsskulelærar, fanejunkar, gardbrukar og [[eidsvollsmann]]. Han var født på [[Harildstad (Sel)]] i [[Heidalen (Sel)|Heidalen]] og var av [[Taulstad-ætta|Taulstad-]] og [[Bratt-ætta]]. Ein kapellan i [[Vågå prestegjeld]], Henrik Garbo, såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til [[Holla (telemark)]] i [[Telemark]] da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.


Pål vart kalla inn til militærteneste og vart underoffiser. Han var med på den såkalla [[tyttebærkrigen]] i 1788, og gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdtr. frå Nedre Øy i Vågå. Dei kjøpte garden [[Åmot (Sjoa)|Åmot]] ved [[Sjoa]].
{{thumb høyre|1814-1964Tuntre.jpg|Tuntreet på Åmot feirar 200 års jubileum i 2014. Harildstad skal ha hatt med seg ei lønneplante frå Eidsvoll. Ukjent fotograf|}}'''Pål Torsson Harildstad''' (fødd [[23. desember]] [[1764]], død [[15. januar]] [[1843]]) var omgangsskulelærar, [[underoffiser]], gardbrukar og [[eidsvollsmann]].  


Pål vart kommandersersjant i 1807 og vart kalla ut i [[krigen mot Sverige 1808–1809]]. I 1808 vart han [[Leksikon:Fanejunker|fanejunker]] og var med i [[Toverudslaget]]. Etter det vart han [[Leksikon: Dannebrogsmann|dannebrogsmann]].
== Bakgrunn og familie ==
Pål Torsson var fødd på [[Harildstad (Sel)|Harildstad]] i [[Heidalen (Sel)|Heidalen]], og tilhøyrde det gamle gudbrandsdalske bondearistokratiet som gjerne rekna slektsrøtene sine attende til [[Bratt-ætta]] og [[Gjesling-ætta]] av den gamle norske adelen. Hovudsetet for denne ætta blir rekna for å vere storgarden [[Bjølstad]] i Heidal, der eine bestemora til Pål Torsson kom frå.


I 1814 vart han vald til å møte på [[Riksforsamlingen|Eidsvoll]] av [[Oppland Regiment|Opplandske Regiment]], der han støtta [[Selvstendighetspartiet|sjølvstyrepartiet]].
Harildstad var foreldregarden til mora, som ho som gardjente (åsetesarving) hadde overteke etter foreldra. Namnet hennar var Berte Syversdotter. Faren heitte Tord Hansson og kom frå ein annan storgard i Vågå, [[Taulstad]]. Pål Torsson var nummer sju i rekkja i ein syskenflokk åtte. Ein kapellan i [[Vågå prestegjeld]], [[Henrik Garbo]], såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til [[Holla (Telemark)|Holla]] i [[Telemark]] da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.


==Litteratur==
Pål Torsson gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdotter frå Nedre (?) [[Øy (Vågå)|Øy]] i Vågå, ein gard i same sjiktet som Bjølstad, Harildstad og Taulstad. Ho vart rekna for å vere av Gjesling-ætta på [[Sandbu (Vågå)|Sandbu]]. Pål og Rønnaug kjøpte garden [[Åmot (Sjoa)|Åmot]] ved [[Sjoa]] i 1794. Dei hadde i 1801 tre søner, Hans, Lars og Thor i alderen 1-9 år.
 
== Militær og gardbrukar ==
Pål vart kalla inn til militærteneste og vart [[underoffiser]]. Han var med på den såkalla [[tyttebærkrigen]] i 1788. Han vart [[kommandersersjant]] i 1807 og kalla ut i [[krigen mot Sverige 1808–1809]]. I 1808 vart han [[Leksikon:Fanejunker|fanejunker]] og var med i [[Toverudslaget|kampane ved Toverud]]. Etter det vart han [[Leksikon: Dannebrogsmann|dannebrogsmann]]. Han deltok også i [[krigen i 1814]], der han som mellombels kaptein skal ha ført eit kompani i trefninga ved [[Onstadsund]].
 
Harildstad søkte avskil frå militærtenesta i 1815, og konsentrerte seg sidan om gardsdrifta. Han var spesielt interessert i hagebruk og blir rekna som ein føregangsmann som dyrka både eple og poteter. Eit utslag av slike interesser kan vera at han skal ha teke med seg ei lita plante frå Eidsvoll og planta som tuntre på heimegarden. Tuntreet står den dag i dag.
 
== Eidsvoll 1814 ==
I 1814 vart han vald til å møte på [[Riksforsamlingen|Eidsvoll]] av [[Oppland Regiment|Opplandske Regiment]]. Han representerte underklassene ved regimentet (menige og underoffiserar). Offisersrepresentanten var sjefen for regimentet, [[Diderich Hegermann]].I likskap med Hegermann støtta Harildstad [[Selvstendighetspartiet|sjølvstyrepartiet]]. Han står saman med tre andre bonderepresentantar som medunderskrivar på innlegget om det [[Benefisert gods|benefiserte godset]] som [[Theis Lundegaard]] la fram for riksforsamlinga. Primært ville dei gjere godset til eit [[hypotek]]  for «at ophielpe Statens Bank og Pengevæsens yderst slette Forfatning» eller eventuelt ogå seljast privat eigedom.
 
Pål Torsson Harildstad er gravlagd på kyrkjegarden i [[Kvam kyrkje (Nord-Fron)|Kvam]] ([[Nord-Fron]]) under namnet Paul Thorsen Aamodt. I 1964 vart det reist eit minnesmerke over han på Åmot.
 
== Kjelder og litteratur==
*Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. ''[[Årbok for Gudbrandsdalen]]'' s. 3-5.
*Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. ''[[Årbok for Gudbrandsdalen]]'' s. 3-5.
* Fure, Eli: ''Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til''. Dreyers forlag 1989.
*[[Koht, Halvdan]]: Artikkel om Harildstad i Norsk biografisk leksikon (1931).
*[[Pryser, Tore]]: ''1814 i Oppland. Bønder, øvrighet og soldater.'' Pax forlag, Oslo 2013.
* ''Riksforsamlingens forhandlinger.'' Bilag til hovedprotokollen nr. 23.
==Eksterne lenkjer==
* {{hbr1-1|pf01058253004772|Pål Torsson Harildstad}}.


{{DEFAULTSORT:Harildstad, Pål Torsson}} <!-- sortering etter gardsnamn fordi det har vore nytta som slektsnamn-->
{{DEFAULTSORT:Harildstad, Pål Torsson}} <!-- sortering etter gardsnamn fordi det har vore nytta som slektsnamn-->
[[Kategori:Personer fra Sel kommune]]
[[Kategori:Personer]]
[[Kategori:Sel kommune]]
[[Kategori:Eidsvollsmenn]]
[[Kategori:Eidsvollsmenn]]
[[Kategori:Underoffiserer]]
[[Kategori:Lærere]]
[[Kategori:Fødsler i 1764]]
[[Kategori:Dødsfall i 1843]]
{{nn}}

Sideversjonen fra 28. jan. 2016 kl. 09:52

Mal:Thumb høyrePål Torsson Harildstad (fødd 23. desember 1764, død 15. januar 1843) var omgangsskulelærar, underoffiser, gardbrukar og eidsvollsmann.

Bakgrunn og familie

Pål Torsson var fødd på Harildstad i Heidalen, og tilhøyrde det gamle gudbrandsdalske bondearistokratiet som gjerne rekna slektsrøtene sine attende til Bratt-ætta og Gjesling-ætta av den gamle norske adelen. Hovudsetet for denne ætta blir rekna for å vere storgarden Bjølstad i Heidal, der eine bestemora til Pål Torsson kom frå.

Harildstad var foreldregarden til mora, som ho som gardjente (åsetesarving) hadde overteke etter foreldra. Namnet hennar var Berte Syversdotter. Faren heitte Tord Hansson og kom frå ein annan storgard i Vågå, Taulstad. Pål Torsson var nummer sju i rekkja i ein syskenflokk på åtte. Ein kapellan i Vågå prestegjeld, Henrik Garbo, såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til Holla i Telemark da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.

Pål Torsson gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdotter frå Nedre (?) Øy i Vågå, ein gard i same sjiktet som Bjølstad, Harildstad og Taulstad. Ho vart rekna for å vere av Gjesling-ætta på Sandbu. Pål og Rønnaug kjøpte garden Åmot ved Sjoa i 1794. Dei hadde i 1801 tre søner, Hans, Lars og Thor i alderen 1-9 år.

Militær og gardbrukar

Pål vart kalla inn til militærteneste og vart underoffiser. Han var med på den såkalla tyttebærkrigen i 1788. Han vart kommandersersjant i 1807 og kalla ut i krigen mot Sverige 1808–1809. I 1808 vart han fanejunker og var med i kampane ved Toverud. Etter det vart han dannebrogsmann. Han deltok også i krigen i 1814, der han som mellombels kaptein skal ha ført eit kompani i trefninga ved Onstadsund.

Harildstad søkte avskil frå militærtenesta i 1815, og konsentrerte seg sidan om gardsdrifta. Han var spesielt interessert i hagebruk og blir rekna som ein føregangsmann som dyrka både eple og poteter. Eit utslag av slike interesser kan vera at han skal ha teke med seg ei lita plante frå Eidsvoll og planta som tuntre på heimegarden. Tuntreet står den dag i dag.

Eidsvoll 1814

I 1814 vart han vald til å møte på Eidsvoll av Opplandske Regiment. Han representerte underklassene ved regimentet (menige og underoffiserar). Offisersrepresentanten var sjefen for regimentet, Diderich Hegermann.I likskap med Hegermann støtta Harildstad sjølvstyrepartiet. Han står saman med tre andre bonderepresentantar som medunderskrivar på innlegget om det benefiserte godset som Theis Lundegaard la fram for riksforsamlinga. Primært ville dei gjere godset til eit hypotek for «at ophielpe Statens Bank og Pengevæsens yderst slette Forfatning» eller eventuelt ogå seljast privat eigedom.

Pål Torsson Harildstad er gravlagd på kyrkjegarden i Kvam (Nord-Fron) under namnet Paul Thorsen Aamodt. I 1964 vart det reist eit minnesmerke over han på Åmot.

Kjelder og litteratur

  • Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. Årbok for Gudbrandsdalen s. 3-5.
  • Fure, Eli: Eidsvoll 1814. Hvordan grunnloven ble til. Dreyers forlag 1989.
  • Koht, Halvdan: Artikkel om Harildstad i Norsk biografisk leksikon (1931).
  • Pryser, Tore: 1814 i Oppland. Bønder, øvrighet og soldater. Pax forlag, Oslo 2013.
  • Riksforsamlingens forhandlinger. Bilag til hovedprotokollen nr. 23.

Eksterne lenkjer