Pål Torsson Harildstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Pål Torsson Harildstad (født 23. desember 1764, død 15. januar 1843) var omgangsskulelærar, fanejunkar, gardbrukar og eidsvollsmann. Han var født på Harildstad i Heidalen og var av Taulstad- og Bratt-ætta. Ein kapellan i Vågå prestegjeld, Henrik Garbo, såg at Pål hadde gode evner og tok han med seg til Holla (telemark) i Telemark da han vart sokneprest der. Pål vart konfirmert i Holla og var omgangsskulelærar der i fire år før han flytte heimatt.

Pål vart kalla inn til militærteneste og vart underoffiser. Han var med på den såkalla tyttebærkrigen i 1788, og gifta seg i 1792 med Rønnaug Larsdtr. frå Nedre Øy i Vågå. Dei kjøpte garden Åmot ved Sjoa.

Pål vart kommandersersjant i 1807 og vart kalla ut i krigen mot Sverige 1808–1809. I 1808 vart han fanejunker og var med i Toverudslaget. Etter det vart han dannebrogsmann.

I 1814 vart han vald til å møte på Eidsvoll av Opplandske Regiment, der han støtta sjølvstyrepartiet.

Litteratur

  • Utan forfattar 1964: Eidsvollsmennene frå Gudbrandsdalen 1814. Paal Tordsson Harildstad frå Heidal. Årbok for Gudbrandsdalen s. 3-5.