Paul Aakre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Lærar Paul Aakre.
Foto: Norske skolefolk (1934)

Paul Aakre (fødd 13. mars 1879 i Skånevik, død 27. august 1968) var lærar og skulestyrar. Lengst var han i Haugesund.

Han var son av Tørres P. og Inger Gurine på Åkre i Skånevik, i noverande Etne kommune. Paul Aakre tok eksamen ved Stord lærarskule i 1901.

Aakre arbeidde som lærar i Oppdal krins i Tysnes 1901-04, medan han i bolken 1904-10 var tilsett i Skåre herad. Frå 1911 var han lærar i Haugesund, og i 1933 vart han skulestyrar same stad. Paul Aakre var òg lærarrepresentant i skulestyret i byen. I 1927 fekk han et tomånaders reisestipend til Danmark og Sverige.

Han var gift med Elise Margrethe Sæbø (1886-1962), dotter av Regine og Kristoffer Sæbø. Dei fekk fire søner og tre døtrer. Elise og Paul Aakre er gravlagde på Christine Elisabeth kyrkjegard i Haugesund.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker