Paul Botten-Hansen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Paul Botten-Hansen.
Foto: Ukjent/Nasjonalbiblioteket.

Paul Botten-Hansen (fødd 26. desember 1824 i Sel (den gongen Vågå), død 7. juli 1869 i Christiania) var bibliotekar, boksamlar og litteraturhistorikar.

Han var son av omgangsskolelærar Hans Paulsen (f. 1802) og Ragnhild Johannesdatter Botten (1802–1845) og vart gift i 1861 med Johanne Evine Karine Elisabeth Sang (1833–1917). Foreldra var ikkje gift, og han vaks opp hjå besteforeldra på morsida på plassen Botten i Sel.

Botten-Hansen flytta i 1847 til Christiania, tok examan artium same år, og var huslærar i Valdres 1847–1848. Han var lærar ved ein privatskule i Christiania 1848–1851. Frå 1851 verka han som fri litterat, prøvde seg som diktar, og bygde opp sin egen boksamling.

Frå 1864 til 1869 var Botten-Hansen leiar ved Universitetsbiblioteket i Kristiania, med tittelen universitetsbibliotekar.

Paul Botten-Hansen er elles særlig kjend for å ha vore ein viktig støttespelar for den unge Henrik Ibsen i byrjinga av diktaren sin karriere.

Litteratur og kjelder