Paul Otteson Mjølver

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 16. apr. 2013 kl. 11:26 av Cnyborg (Samtale | bidrag) (kategorisplitting)
Hopp til navigering Hopp til søk

Paul Otteson Mjølver (døypt 25. november 1776, død 7. august 1847) var gardbrukar på Mjølver i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var ein av dei tolv fyrste jostedølene som svor eid til Grunnlova og fekk røysterett på tinget 10. september 1814.[1] Den 21. mai 1820 vart han vald som valmann frå Jostedalen til distriktsforsamlinga i Dale i Sunnfjord 22. juli der Nordre Bergenhus amt skulle velje stortingsrepresentantar til det tredje ordinære Stortinget i Kristiania 1821.[2]

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Notar

  1. Jostedøler med røysterett 1814-1823 (Jostedal historielag)
  2. Valmenn frå Jostedalen (Jostedal historielag)

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 598. (Digital utgåve, NBdigital)