Peder Hovdan

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Peder Hovdan (ukjent fotograf).

Peder Elenus Hovdan (fødd i Hemne i Sør-Trøndelag 28. mai 1874, død 9. november 1965) var lærar, målmann og kulturhistorikar. Han er mest kjend for å ha dokumentert utbreiinga av nynorsk skriftkultur på mest alle område i eit halvt hundreår fram mot 1950-åra. Han var fødd Sivertsen, men bytte i 1915 etternamn til Hovdan etter mora sitt fødenamn. Han var gift med lærerinna Jørgine Hovdan, fødd Oppebøen (1873-?), og dei fekk ein son og to døtrer.

Peder Hovdan tok eksamen ved Levanger lærarskule i 1896, og arbeidde som lærar på Vålerenga, Grønland og i Gamlebyen i Oslo 1899–1940.

Hovdan gjekk på eit kurs i landsmål arrangert av Moltke Moe og Marius Hægstad i 1898, og vart sterkt engasjert for målsaka seinast frå da av. Frå 1908 til ut i 1950-åra var Hovdan det Ottar Grepstad kallar «eit statistisk einmannskontor» med nitid dokumentasjon av utbreiinga av nynorsk i skule, kyrkje og offentleg forvaltning. Noko av denne kunnskapen formidla han visuelt i målkart 1908, 1920 og 1948, der territoriet til herad med nynorsk i skulen blei farga raudt.

Hovdan var politisk engasjert for Venstre, og var mellom anna sekretær for Østre Bærums venstrelag i 22 år. Han var då busett på Stabekk. Peder Hovdan sat lenge i styret for Noregs Mållag og i styret for blada 17de Mai og Noreg. Han var æresmedlem i Det Norske Samlaget og Noregs Mållag.

Bibliografi (ikkje fullstendig)

  • Maalet i Hemna (1906, under namnet P.E.Sivertsen)
  • Norsk mål i bygdelovgjevinga (1918)
  • Frå folkemål til riksmål (1928)
  • Bærums mållag i 25 år (1937)
  • Eit norsk Noreg (1947, omarbeidd utgåve av Frå folkemål til riksmål)
  • Skulemålet i Nord-Noreg (1947)
  • Skulemålet i Nidaros bispedøme (1947)

Kjelder og litteratur