Peder Krabbe (1596–1686)

Peder Krabbe (født 1596 i Surnadal, død 1686 i Aure) var sokneprest til Aure prestegjeldNordmøre.

Han vart fødd på Surnadal prestegard. I 1623 vart han sokneprest til Aure. Han er nemnd som prost frå 1654 til 1686.

Han etterlot seg to salmer eller åndelege viser. Lenge var dei berre kjend i eit defekt eksemplar frå 1653 og eit seinare prent frå 1661, men i Peder Rafns visebog finn vi den eine av dei i eit prent datert så tidleg som 1627. Det er ein åndeleg nyttårssang, dikta medan Christian IV sleit i tredveårskrigen - på titelbladet er det ein bøn om at kongen med Gud sin hjelp må komme trygt heim. I det seinare prentet er dette ynskjet sløyfa og erstatta av ein meir ålmenn bøn for kongen. Medan rytmen ikkje er god i prentet frå 1658, er mange ord apostrofert i 1627-prentet, og det tyder på at Krabbe hadde ein god sans for rytme i versa sine.

Vi kjenner til eit par born av Peder Krabbe, her sett opp alfabetisk sidan vi ikkje kjenner årstal for alle.

Litteratur og kjelder