Peggy Hessen Følsvik

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peggy Hessen Følsvik (fødd 12. november 1960) vart i 2021 leiar av LO. Ho har yrkesbakgrunn som kabinpersonale, og vart tillitsvald på heiltid i 1998. Etter fleire år i Handel og Kontor gjekk ho i 2013 over til LO sentralt.

Ho vaks opp på eit småbruk på Vigra, som vart del av Giske kommune i 1964. Gardsarbeid frista ikkje, og hennar første skritt inn i yrkeslivet var gjennom sommarjobb på Ålesund lufthavn, Vigra. Ho melde seg allereie då inn i Handel og Kontor. I tenåra flytta ho til Volda, der ho gjekk på engelsklina på Volda videregåande skule, med deltidsjobb på Ørsta/Volda lufthamn, Hovden. Etter skulen fekk jo jobb som kabinpersonale hjå Widerøes Flyveselskap.

Etter ein tid i Nederland saman med sin kommande ektemann, Håvard Garseth, flytta paret til Bærum. Dei vart gift i 1985.[1] Ho byrja arbeide hjå Braathens SAFE, og vart tillitsvald på heiltid der i 1998. Då Braathens SAFE var kjøpt opp av SAS i 2001 vart Følsvik sentral i kampen for dei tilsettes rettigheiter. Ho var med på å ta saken heilt til Høgsterett, der LO vann i 2006 etter tap i lågare instanser.

I 2004 vart ho nestleiar i Handel og Kontor. I 2013 vart ho så førstesekretær i LO, og så første nestleiar der frå 2017. Ho sat i det vervet då leiaren Hans-Christian Gabrielsen brått døydde i 2021, og vart straks konsituert som leiar. I juni 2022 vart ho vald som leiar på LO-kongressen. Ho sat ved roret i LO under streiken i frontfagsoppgjeret i 2023.

Referansar

  1. Notis om vigsel i Sunnmørsposten 1985.11.14. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur