Per Berg (1886–1974)

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 12. jun. 2017 kl. 12:31 av Cnyborg (samtale | bidrag) (hbr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Mal:Thumb høyre Per Berg (fødd 4. november 1886 på Steinbakken, ein tidlegare plass under Systugu Stavem i Lesja, død 1974) var lærar og underoffiser. Per Berg var fyrst lærar ved framhaldsskulen i Vågå til 1922, flytte så til Hamar der han var lærar og til sist overlærar ved Hamar folkeskole (Midtbyen skole). Berg var sersjant ved Nord-Norges og Nordenfjellske ingeniørbataljonar 1911-18 og furér 1918-30. Han søkte avskil frå militærtenesta ved overgangen til den nye hærskipnaden i 1930.

Berg vaks opp på Lesja som son av O. H. Berg, som òg var lærar, og Kari f. Bjorli. Berg tok eksamen ved Ingeniørvåpenets underoffisersskole i 1909 og lærarskuleeksamen på Elverum i 1914. I vaksen alder, i 1922, tok han artium ved reallinja.

Per Berg samla mykje tilfang til Bygdebok for Lesja og skreiv slektshistoriske artiklar m.a. i Årbok for Gudbrandsdalen (Dølaringen) og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift.

Berg vart gift med Sigrid Gaalaas frå Furnes utafor Hamar. Dei fekk to søner.

Kjelder og litteratur

Espeland, Arne: Norske skolefolk (første utgave), Dreyer forlag, Stavanger 1934. Digital versjonNettbiblioteket