Per Gynt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Gynt eller Peer Gynt er ein segnfigur frå Gudbrandsdalen, som særleg er kjent gjennom Henrik Ibsen sitt stykke Peer Gynt frå 1867. Han er kjent frå fleire segn, og er knytta til garden Nørdre Hågå i Nord-Fron kommune, rett ved Vinstra.

Ein person som av mange har vorte knytta til segnfiguren er Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785). I 1932 vart det reist eit minnesmerke over han på Sødorp gamle kyrkjegard, rett ved Hågå. Han kan nok ha vore til inspirasjon for Ibsen, for han var ein fjellmann som det vart fortalt historier om i bygda då forfattaren reiste gjennom Gudbrandsdalen. Men segnet om Per Gynt er nok eldre, og ein betre kandidat kan vere Per Larsson Hågå (død 1665).

Namnet Gynt har vore tolka som eit tilnamn av verbet gyne, å stire på ein undersøkande måte. Men faktisk nemner Gerhard Schøning i skildringa frå si reise i Gudbrandsdalen i 1775 at det på Hågå var ein adeleg familie kalla Günter. Og allereie i lensrekneskapen for 1557–1558 kan vi finne dei: Der står ein Jon Gynther som hadde bygsla eigedom i Fron av krona. Om han var på Hågå veit ein ikkje, men at Gynt kan kome frå Gynther/Günter og at det er eit namn med lang historie på eller nær Hågå er det ikkje tvil om. Og den fyrste av denne ætta som heitte Per (eller Peder, som man gjerne skreiv den gongen) var Per Larsen Hågå, nemnd som brukar i 1645 og 1658 og død i 1665.

Kjelder