Per J. Vassbotn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Per J. Vassbotn (1889 – 1963) var i ein lang periode ein avhalden lærar ved Vikebygda skule i Volda. Av faga var han særleg opptatt av teikning. Vassbotn tok i fleire omgangar vidareutdanning i teikning, slik at han også kvalifiserte seg til undervisning i gymnaset. Ved sida av å vere lærar arbeidde Per I. Vassbotn både med teikning og andre kunstnarlege uttrykksformer som fritidssyssel. Han blei på ulike måtar ein viktig kulturperson i lokalsamfunnet.

Oppvekst og utdanning

Per vaks opp som odelsgut på garden Vassbotn i Vold kommune. Etter tradisjonen var det nærast ei sjølvsagd sak at han med tida skulle bli bonde på garden. Men han viste tidleg interesse for teikning, og med stimulans frå eit kunstinteressert lokalmiljø utvikla han seg tidleg til ein flink teiknar. Slik fekk han lyst til å utdanne seg som kunstnar. Dette var det ikkje gehør for i heimen. Ein odelsgut var ein odelsgut. Men partane kom fram til eit kompromiss: Dersom Per utdanna seg til lærar, kunne han seinare både drive gard og vere ein lærar som interesserte seg for teikning og andre kunstnarlege uttrykk.

Per J. Vassbotn: Barneportrett i rødkritt. 1922.
Foto: Sindre Rotevatn

Lærarutdanning kunne Per J. Vassbotn få i heimbygda (1910 – 1913), og her fekk han også den første opplæringa i teikning. Seinare var han, parallelt med å vere lærar, stadig opptatt av å kvalifisere seg vidare som lærar i teikning og andre formingsfag. Alt i 1916 var han elev ved eit halvårig kurs for teiknelærarar ved Statens tegneskole i Oslo. Denne institusjonen vart seinare Statens Håndverks- og Kunstsindustrisksole. Tre år seinare var han eit halvår til ved same institusjon. Tidleg i 1930-åra tok Vassbotn tre kurs i tre- og metallsløyd ved det velrenommerte Nääs sløjdseminar i Sverige. Han tok også kurs i fysikksløyd i Sverige. Vidareutdanninga fortel om genuin interesse for faget. Og dette kom tydeleg til uttrykk i hans karriere som lærar.

Lærarkarriere

Då Per J. Vassbotn fekk ta lærarutdanning, var det ein føresetnad at han etter kvart skulle vere både lærar og bonde i Volda. Slik blei det ikkje. Då foreldra seinare fekk avløysing, var det Trygve, ein yngre son, som overtok styringa på garden. Og etter ein del år blei dette formalisert med Trygve som bonde i Vassbotn. Per blei lærar andre stader. Først nokre år i folkeskulen i Troms og på Sunnmøre (1913 -1917).

Per J. Vassbotn: Portrett av Ole P Hjelle. Fettstift, 1927.
Foto: Narve F. Birkeland

Vi har sett at Vassbotn i denne perioden hadde begynt på si vidareutdanning. Dette var bakgrunnen for at han kunne bli tilsett ved Kongsgård skole i Stavanger. Konsgård var velrenommert som middelskule og gymnas. Det var prestisjefylt å vere lærar her, - også som skrive- og teiknelærar. Omtalar frå den tida viser at Vassbotn må ha gjort ein god lobb. Og sjølv har han sagt at han treivst godt i Stavanger. Likevel søkte han seg etter sju år tilbake til heimbygda, til skulen i Vikebygda, der han sjølv eingong hadde vore elev. Her vart han verande i 15 år. Så søkte han seg til framhaldsskulen i Molde. Motivet for det må ha vore at han her igjen fekk vere lærar i «sine» fag: teikning og sløyd. I 1955 er Vassbotn tilbake i Volda som pensjonist, men likevel med ein del undervisning som timelærar i sløyd i lærarutdanninga.

Etter det som blir fortalt var nok Vassbotn i mangt ein lærar av den gamle skulen med mykje leksepugg og overhøyring. Men ikkje bare dette. Det blir også fortalt korleis læraren brukte tavla til undervisning gjennom teikning i alle fag. Jarle S. Rotevatn skriv: «Ja, sauene på Betlehemsmarka og fiskevær i Lofoten, kunne stå side om side på tavla, til dei vart skifte ut med slaget ved Svolder eller Sigurd Jorsalfars inntog i Miklagard».

Vassbotn som kunstnar

Per J. Vassbotn var, som vi har sett, lærar i heile sin yrkesaktive alder. Derfor kunne han gjennom sitt yrke vere ein inspirator for elevar i mange aldersgrupper. Omtalar viser at han var ein slik inspirator. Frå ein tale i gravferda: «Han tok kunstsansen med inn i skulestova, og ga inspirasjon til både unge om gamle».

Per J. Vassbotn: Bokillustrasjon, 1927.
Foto: Narve F. Birkeland

Vi har lite kunnskap om kunstnarleg aktivitet i dei periodar då han ikkje budde i Volda. Men han budde her i åra 1923 – 38 som lærar ved Vikebygda skule, og seinare som pensjonist frå 1955. Han heldt elles god kontakt med heimbygda i alle åra då han ikkje budde der. Og i heimbygda var han godt kjend, særleg som ein god teiknar.

I Volda var Per J. Vassbotn kjend som hans som alltid gjekk med skisseblokka. Når han hadde samtale med folk, skribla han gjerne skisser som han ga frå seg når dei skildest. Slik blei ei mengd skisser spreidde i bygda. Ofte var skissene raske portrett. Og portrett må utan tvil ha vore den største produksjonen hans. Delvis ganske raske blyantportrett. Men også utarbeidde portrett med blyant, med tusj, kritt og olje. Illustrasjonane til denne artikkelen gir eksempel på dette. Det er kjent at Vassbotn fekk ei mengd bestillingar på portrett fordi portrettlikskapen i arbeida hans var god.

Elles var produksjonen til Vassbotn mangslungen. Han hadde godt grep på akvarell, mest landskapsbilde og kjende hus og tun. Det finst også arbeid i olje. Elles arbeid han i mange ulike sjangrar. Han skar i tre, han snekra både bruksting og pynteting både i tre og metall. Det finst også arbeid i leire, byster og små figurar. Arbeida hans var godt kjende i bygda.

Vassbotn laga også ei mengd «situasjonsarbeid», oftast etter førespurnad. Han var mykje med i ungdomsorganisasjonar i bygda, og der var det ofte bruk for ein teiknar. Det kunne vere kulisser til eit teaterframsyning, utsmykking til ein fest, dekorasjon til åremålshelsing osv. osv. Det synest som Per J. Vassbotn kunne «brukast» til alt, og at han gjerne let seg «bruke». Gjennom slike arbeid blei han godt kjend i mange ulike grupperingar.

Per J. Vassbotn såg ikkje på seg sjølv som kunstnar, men for si samtid var han ein viktig og allsidig kulturperson i heimbygda.

Kjelder og litteratur

  • Birkeland, Narve F. (red.): Per J. Vassbotn. Lærar og kunstnar frå Vikebygda. Volda 2001
  • Rotevatn Jarle S.: Per Vassbotn – lærar og kunstnar. I Birkeland (red.) Volda 2001
  • Nekrolog i Møre, desember 1963
  • Samtalar med fleire sambygdingar i Volda
  • Vassbotn, Jakob R.: Erindringer fra krigsaarene 1808-1814. Utg. 1927. Digital versjonNettbiblioteket


Ekset, Møre og Romsdal - Riksantikvaren-T314 01 0069.jpg Per J. Vassbotn er ein del av prosjektet Kulturminneregistrering i Volda og er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen. Artiklar i Kjeldearkivet skal ikkje endrast, bortsett frå at lenkjer kan leggjast inn.
Fleire artiklar finn du i denne alfabetiske oversikten og på prosjektforsida.