Per Larsson Hågå

Fra lokalhistoriewiki.no
Revisjon per 19. apr. 2016 kl. 11:59 av Olve Utne (Samtale | bidrag) ({{nn}})
(diff) ← Eldre revisjon | Nåværende revisjon (diff) | Nyere revisjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk

Per Larsson Hågå (død omkr. 1665), også kalla Peder Lauritsen Hågå, var gardbrukar i Nord-Fron i Gudbrandsdalen. Han kan ha vore opphavet til segnfiguren Per Gynt.

Det ein veit om han er at han var brukar på Nørdre Hågå ved Vinstra i 1645 og 1658. Han var gift med Marte Pedersdotter, og dei hadde minst to born, Ellev og Kari.

Tanken om at han kan vere det verkelege Per Gynt er basert på tilknytinga til garden Hågå, som har vore sentral i segnet. Per Olsson Hågå (omkr. 1723–1785) har vore sett som modellen for Henrik Ibsen sin rollefigur, men segnet er truleg eldre. Per Larsson er den første ein kjenner med Per-namnet på denne garden. Det styrker også tanken om at han var Per Gynt at han kan ha stamma frå den adelege slekta Gynther/Günter, som er nemnt på Hågå i 1775 og i Fron allereie i 1557–1558. Ein Jon Gynther bygsla i 1550-åra jord frå krona. Den Lars Hågå som var med på hyllinga av Kristian IV i 1591 kan ha vore Jon Gynther sin son, og Peder Larsson kan ha vore Lars Hågå sin sin. Ein kan ikkje føre prov for det, for det finst ikkje kyrkjebøker eller skifte som fortel om slektskap mellom dei, men Peder sitt farsnamn og det at dei sitt på same garden uten at ein kjenner nokre andre brukarar mellom dei tyder på slektskap. Den nemnde Per Olsson Hågå var eit tipp-oldebarn av Per Larsson.

Kjelder

  • Hovdhaugen, Einar: Gardar og slekter i Fron: Bind II: Nord-Fron. Utg. Fron historielag. 1974.