Per Urdahl

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Per Urdahl

Per Urdahl (fødd 14. april 1854 i Luster, død 2. desember 1935) var lærar, ordførar og gardbrukar i Luster i Sogn og Fjordane. Han var eldste son av Hans Olson Urdahl (1824-1878) og Ingeborg Johannesdotter (1828-1912) og voks opp på Leri (Lerum) i Luster. Farfaren var lensmann Ole Hansson Urdahl.

Lærar og politikar

Per Urdahl vart lærar ved skulen på Sørheim i Luster som 24-åring i 1878 og hadde lærarposten like til 1922 (sjå lærarar i Dale sokn). Det er ikkje nemnt i omtalene at han hadde lærarutdanning.

Urdahl kom tidleg med både i skulestyret og kommunestyret, og 1907-1910 var han ordførar i Luster. Han var òg ordførar for Luster sparebank i ei årrekkje.

Målmann

Som ung lærar var han i 1880 sentral i tilskipinga av prostilærarmøtet i Skjolden. Det var Urdahl som skal ha fått Olav Sande til å halde føredrag om målsaka. Urdahl argumenterte sjølv for målsaka på møtet, som gjerne vert framstilt som eit gjennombrot for målsaka i Sogn. Kollegaen Sigurd Fjøsne har fortalt at Urdahl vart etter å ha møtt Ivar Mortensson på dampbåten - det må ha vore noko før 1880.

I Luster var Urdahl jamaldring med målmennene Thomas Kilen og Hans Vigdal, og han vert nemnd som den som fyrst byrja å arbeide for målsaka i heimbygda. I 1882 deltok han på lærarkurset i landsmål i Sogndal og i 1885 på eit nytt kurs. Seinhausten 1891 var han den fyrste som tok opp målsaka i skulestyret i Luster. Han gjorde framlegg om ABC og fyrste lesebok på nynorsk, og at det skulle vere valfritt i andre lærebøker og skriftleg opplæring. Vedtaket vart etter mykje strid at «Læring i Landsmaal maa kun ske sparsomt».

Urdahl er òg nemnd som den fyrste som vart referert på nynorsk i amtstinget i Nordre Bergenhus.

Gardsdrift og familie

Urdahl tok over Leri etter foreldra kring 1900. Han gifte seg 26. november 1898 med Inga Maria Christophersdotter Kjødnes (1871-1910). Dei fekk tre born:

  • Hans Urdahl (f. 1899)
  • Kristoffer Nitter Urdahl (1901-1901)
  • Sigrid Ingebjørg Urdahl (f. 1907)

Kjelder og litteratur