Pesaḥ

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Maṣṣot, eller usyra brød.
Foto: Olve Utne (2009).

Pesaḥ (Mal:Hebr. Mal:He) eller jødisk påske er ei jødisk høgtid som blir feira i sju eller åtte døgn om våren. Pesaḥ har ein del av opphavet sitt i ei jordbrukshøgtid, men hovuddelen av feiringa er til minne om utgangen av Egypt slik han er skildra i sefer Sjemót (2. mosebok). Under pesaḥ et ein ikkje gjæra mat av dei fem kornslaga, som svarar til dei ulike slaga kveite (inkl. spelt m.fl.), rug og bygg. Den første kvelden eller dei første to kveldane har ein et symbolsk måltid som tradisjonelt blir kalla haggadá blant portugisarjødar og seder blant asjkenazím.

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!