Peter Andreas Jensen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Andreas Jensen (fødd 1812 i Bergen, død 1867 i Kristiania) var prest, forfattar og lesebokutgjevar. Han vart svoger til tobakksfabrikant Conrad Langaard.

Han vart cand.theol. i 1836, seinare prest i Lindås, Aker og Kristiania. Han gav ut preikesamlingar, salmar, skodespel og bibelhistorie.

P.A. Jensen er særleg kjend for Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet (1863), som vart til etter stortingsvedtak og kom i ni store opplag til 1900. Norske forfattarar var representerte i boka. I tillegg var det mykje populærvitskapleg stoff. Det var eit framifrå verk for si tid, men førde likevel til stor strid av di pietistiske krinsar tykte leseboka tok med for mykje verdsleg lesnad, m.a. folkeeventyr.

Kjelder og litteratur

Denne siden er en spire.
Du kan hjelpe den
til å vokse seg
stor og sterk!
Quercus robur1 ies.jpg
Denne sida er ei spire.
Du kan hjelpe henne
til å vekse seg
stor og sterk!