Peter Andreas Lillebø

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 25. jan. 2016 kl. 13:11 av Cnyborg (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Peter Andreas Lillebø (fødd 1859, død 1942) var lokalhistorikar i dåværande Sunnylven kommune, no Stranda.

Lillebø var bonde og lærar i heimbygda. Ei tid var han også ordførar i gamle Sunnylven kommune. Han vart tidleg interessert i lokalhistorie og tok til å samle inn folkeminne og skrive av gamle brev som låg rundt om på gardane. Seinare, når han hadde høve til det, kom han i gang med arkivgransking. Han fekk ikkje oppleve å sjå det store arbeidet sitt på trykk. Men arbeidet med bygdebøkene for Sunnylven og Geiranger vart ført vidare av sonen Aamund Lillebø og svigersonen Ingebrigt Karbø. Seinare kom også Aamund Lillebø sin svigerson Thorleif Hauso med i arbeidet. Kultursoga vart utgitt i 1949 og Gards- og ættesoga i 1972. Begge bøkene er seinare omarbeidde og oppdaterte i nye utgåver.

Bibliografi

Kjelder