Peter Bortmann Voss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.

Peter Bortmann Voss (Borman, Boertman, Boertmann, Borthmann; fødd 17. januar 1781 i København, død 1. mai 1841 i Grimstad) var sorenskrivar i Ytre Sogn og Vestre Nedenes.

Voss var son av den tyskfødde Johan Fr. Chr. Voss, kammerråd i Rentekammeret, og Gertrud Marie Claires. Han vart cand.jur. 1799 og var volontør ved Rentekammeret og embetssøkjar 1800–1802. Frå 1802 var han forstkandidat og schichtmester (kasserar) ved Kongsberg sølvverk – han er òg nemnd som bergadvokat ved verket.

Voss vart utnemnd til sorenskrivar i Ytre Sogn i Sogn og Fjordane 26. mai 1813. Embetet var ledig etter at forgjengaren, Engelbreth Hesselberg, døydde same året. Voss busette seg på offisers- og sorenskrivargarden Brekke like ved kyrkja i Brekke (i dag Gulen kommune). Han kjøpte garden av grosserar Edvard I. Hambro i Bergen, som hadde kjøpt han av den førre sorenskrivaren Hesselberg på dødsleiet. Garden er seinare kjend som Lovisendal, eit namn Voss gav garden etter kona Louise.

Under vala til riksforsamlinga 18. mars 1814 underteikna Voss fullmakta for Leikanger prestegjeld, truleg fordi han oppheldt seg der i samband med bygdetinget. Såleis valde han å bli verande norsk embetsmann etter skilsmålet med Danmark. Han var valmann frå Eivindvik prestegjeld (Gulen) til stortingsvala i 1815, 1817 og 1823.

I 1825 vart Voss utnemnd til sorenskrivar i Vestre Nedenes i Aust-Agder i samband med at Nedenes sorenskriveri vart delt. Med embetet følgde plikt til å overta byfogdembetet og magistratforretningane i Grimstad og å busetja seg i eller ved byen. I Grimstad kjøpte han storgarden ytre eller nedre Bie med Dramsvigen som òg romma eit skipsverft. Voss hadde sorenskrivarembetet til han døydde 60 år gamal.

Voss gifte seg på Kongsberg 22. juli 1804 med Grethe Lovise Usler (1785–1860), dotter til bergmeister Johan Werner UslerKongsberg. Born (neppe fullstendig):

  • Petra Ingeborg Johanne Bortmann Voss (f. 1808)
  • «Maren» Karine Røhr (1798–1878), pleiedotter som kom til Voss-paret etter at foreldra døydde, truleg i 1809.
  • Friderich Gerhard Voss (f. 1810). Se mer under Biodden - matrikkelnummer 10 (Grimstad by).
  • Ludwig Johan Verner Voss (f. 1813)
  • Joachim Andreas Voss (1815–1897), professor i medisin
  • Elen Marie Anna Cathatine Bortmann Voss (f. 1820).

Kjelder og litteratur


Forgjenger:
 Engelbreth Hesselberg 
Sorenskriver i Ytre Sogn
(1813–1825)
Etterfølger:
 Jens Munthe 
Forgjenger:
 Andreas Frederik Finne
(hele Nedenes) 
Sorenskriver i Vestre Nedenes
(1825–1841)
Etterfølger:
 Johan Caspar Preus