Peter Flor: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Ingen redigeringsforklaring
Ingen redigeringsforklaring
Linje 9: Linje 9:


== Gardbrukar og landbruksekspert ==
== Gardbrukar og landbruksekspert ==
Frå 1806 til 1811 var Flor gardbrukar på Haugbu gard. Han var næraste grannen til prestegarden, der den kjende opplysningspresten, seinare biskop i Bergen [[Jacob Neumann]] residerte på den tida. Neuman redigerte publikasjonen Norske Landvæsens-Samlinger, og Flor leverte fleire jordbruksreformatoriske avhandlingar her. Flor vart som Neuman trekt inn i arbeid for Selskapet for Norges Vel. Selskapet sende i 1810 Flor ut på ei granskingsreise til Jæren for å undersøkje korleis denne regionen kunne utvikle seg. Rapporten vart trykt i Selskapets Thopographisk-statistiske Samlinger.


== Publisist ==
== Samfunnsdebattant og redaktør ==


== Politikaren ==
== Politikaren ==
== Kjelder og litteratur ==

Sideversjonen fra 5. nov. 2013 kl. 20:04

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Pierre Poumeau (Peter) Flor, (fødd 25. september 1775 i Vestre Aker, nå Oslo kommune, død 8. april 1848 i Drammen) var offiser, jurist, publisist og politikar. Hans franske namn skuldast oppkalling etter general Pierre Poumeau i Christiania, men Flors førenamn har vanlegvis vore fornorska til Peter både i samtida og i ettertid. Flor vart kjend som ein radikalt liberal politikar, som i dei fyrste åra etter 1814 stod i fremste rekkje i motstanden mot Karl Johans forsøk på å endre grunnlova i monarkisk og unionsfremjande retning. Flor har saman med Jacob Hoel gjeve namn til Det Flor-Hoelske parti på Stortinget i tidsrommet 1818-1824.

Bakgrunn og familie

Peter Flor var son av auditør og regimentskvartermeister (titulær generalkrigskommissær) Jens Lorentz Flor og Maren Bolette Heegaard. Peter var fødd på garden Lilleaker i Vestre Aker, og har truleg vakse opp der. Faren kjøpte seinare garden (1789?) Haugbu i Asker, og skal ha budd der som enkjemann saman med tre døtre. Peter var truleg flytta heimefrå da resten av familien flytta til Haugbu. Ved farens død i 1806 overtok Peter garden og dreiv den i nokre år. Han var ikkje gift.

Militærteneste

Allereie som 14-åring i 1789 vart Peter Flor utnemnd til fenrik a la suite (ikkje i aktiv teneste) ved 2. Akershusiske infanteriregiment, der faren var tenestegjerande. Peter fekk sekondløytnants grad året etter. Det er ikkje bringa på det reine om han hadde gått Krigsskolen eller oppnådd offisersgrad på anna vis. Etter at han hadde teke dansk juridisk eksamen i 1792 og auditøreksamen 1793, vart han konstituert som assistent for faren i justisforretningar. ved regimentet Han vart «virkelig» fenrik ved 2. Akershusiske infanteriregiments 2. gevorbne grenaderkompani i 1797, og verkeleg sekondløytnant ved regimentets nasjonale Vestre Laurvigske kompani i 1799, men søkte på grunn av sjukdom avskil allereie året etter med 72 riksdalar årleg i pensjon. Han sa frå seg pensjonen frå 1. januar 1812, da han under krigen mot England igjen gjekk i aktiv militærteneste som divisjonssjef ved kystvernet. For den innsatsen fekk han ærestittelen krigsråd, som han seinare (1833) sa frå seg.

Gardbrukar og landbruksekspert

Frå 1806 til 1811 var Flor gardbrukar på Haugbu gard. Han var næraste grannen til prestegarden, der den kjende opplysningspresten, seinare biskop i Bergen Jacob Neumann residerte på den tida. Neuman redigerte publikasjonen Norske Landvæsens-Samlinger, og Flor leverte fleire jordbruksreformatoriske avhandlingar her. Flor vart som Neuman trekt inn i arbeid for Selskapet for Norges Vel. Selskapet sende i 1810 Flor ut på ei granskingsreise til Jæren for å undersøkje korleis denne regionen kunne utvikle seg. Rapporten vart trykt i Selskapets Thopographisk-statistiske Samlinger.

Samfunnsdebattant og redaktør

Politikaren

Kjelder og litteratur