Peter Flor: Forskjell mellom sideversjoner

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
(Bilete)
Ingen redigeringsforklaring
Linje 16: Linje 16:


== Samfunnsdebattant og redaktør ==
== Samfunnsdebattant og redaktør ==
Pengenedskrivinga i 1813 og vanskelege år etterpå gjorde at Peter Flor mista det meste av den medelen han hadde arva etter faren. Seinast i 1816 hadde han slege seg ned i Drammen. Der starta han i november det året [[Drammens Tidende]] saman med Søren Tybring, og var medredaktør der til i mai 1817. I den avisa byrja han å fremje sine opposisjonelle synsmåtar i politikken.
Pengenedskrivinga i 1813 og vanskelege år etterpå gjorde at Peter Flor mista det meste av den medelen han hadde arva etter faren. Seinast i 1816 hadde han slege seg ned i Drammen. Der starta han i november det året [[Drammens Tidende]] saman med [[Søren Tybring]], og var medredaktør der til i mai 1817. I den avisa byrja han å fremje sine opposisjonelle synsmåtar i politikken.


Han publiserte sidan mykje i mange aviser og blad, og var tidvis medarbeidar og redaktør i fleire av dei. Det galdt [[Ludvig Mariboe]]s [[Patrouillen]], som han arbeidde for medan den ei tid kom ut i Drammen (ca. 1824), han var medredaktør i [[Folkebladet]] som kom ut i Kristiania 1831-1833, og i 1840-1842 var han redaktør av [[Drammens Adresse]].
Han publiserte sidan mykje i mange aviser og blad, og var tidvis medarbeidar og redaktør i fleire av dei. Det galdt [[Ludvig Mariboe]]s [[Patrouillen]], som han arbeidde for medan den ei tid kom ut i Drammen (ca. 1824), han var medredaktør i [[Folkebladet]] som kom ut i Kristiania 1831-1833, og i 1840-1842 var han redaktør av [[Drammens Adresse]].
Flor hadde eit fast program og eit heilskapleg ideologisk grunnsyn, sterkt påverka av den britiske sosialfilosofen [[Jeremy Bentham]] (1748-1832). På Bentham baserte Flor sin argumentasjon for det som må kallast eit parlamentarisk system der lovgjevings- og løyvingsmakta er overordna – ikkje jamstilt – med dei utøvande organa. Han omsette og gav i 1821 ut eit skrift av Bentham som dreia seg slike problemstillingar, «Tactik eller Theorie for raadslaaende Folkeforsamlingers Forretninger»<ref>[http://www.stortinget1905.no/main.php?modul=2&h=11&u=58&popup=1&p=b&a=4 Faksimile av framsida på skriftet, Stortingets 1905-nettstad]</ref> Flor ville også svekke sentralmakta i det store og heile og gjekk inn for eit utstrakt kommunalt sjølvstyre. Han ville avskaffe ei rekkje statlege embete. Det blir nemnt fleire stader at han «seinare» gjekk inn for ellmenn røysterett, men dei kjeldene vi har gjennomgått gjev ikkje svar på om dette galdt i nasjonalt nivå eller berre i kommunal samanheng, og heller ikkje om han var inne på tanken om kvinneleg røysterett.


== Politikaren ==
== Politikaren ==
== Referansar ==
<references/>


== Kjelder og litteratur ==
== Kjelder og litteratur ==

Sideversjonen fra 7. nov. 2013 kl. 17:59

Arbeid pågår: Vennligst ikke rediger artikkelen mens arbeidet pågår. Se redigeringshistorikken for detaljer.

Det har trolig ikke vært gjort noen endringer på artikkelen den siste uka. I så fall kan denne markeringa fjernes, men sjekk redigeringshistorikken og eventuelt diskusjonssida først.

Mal:Thumb høyrePierre Poumeau (Peter) Flor, (fødd 25. september 1775 i Vestre Aker, nå Oslo kommune, død 8. april 1848 i Drammen) var offiser, jurist, publisist og politikar. Hans franske namn skuldast oppkalling etter general Pierre Poumeau i Christiania, men Flors førenamn har vanlegvis vore fornorska til Peter både i samtida og i ettertid. Flor vart kjend som ein radikalt liberal politikar, som i dei fyrste åra etter 1814 stod i fremste rekkje i motstanden mot Karl Johans forsøk på å endre grunnlova i monarkisk og unionsfremjande retning. Flor var sentral i «Den gamle opposisjonen» på stortinga 1818-1822. På stortinget 1821 vart denne opposisjonen omtala som Det Flor-Hoelske parti etter han og meiningsfellen Jacob Hoel.

Bakgrunn og familie

Peter Flor var son av auditør og regimentskvartermeister (og titulær generalkrigskommissær) Jens Lorentz Flor (1731-1806) og Maren Bolette Heegaard. Peter var fødd på garden Lilleaker i Vestre Aker. Om han voks opp der, er uvisst. Faren kjøpte seinare garden Haugbu i Asker og slo seg ned der med familien. Det er mogleg at Peter allereie flytta heimefrå på det tidspunktet. Mora Maren Bollette Heegaard døydde, og faren gifta seg opp att med Abel Margrethe Schnitler. I følgje Ovenstads militærbiografiar skal paret ha blitt separert etter berre eit par års barnlaust ekteskap.

I folketeljinga 1801 er Jens Lorentz Flor registrert på Haugbu, medan det ikkje har lykkast å oppspore Abel Margrethe Schnitler i teljinga. Heller ikkje Peter Flor sjølv har det lykkast oss å finne i folketeljinga 1801. Faren bur bur på Haugbu saman med tre døtre i alder 15-17 år, altså systrene til Peter. Det er også ei to år gammal dotterdotter av J.L.Flor i folketeljinga, utan at det framgår kven som er mora hennar. Dei tre systrene til Peter synest å vere for unge, så det er mogleg at Peter Flor hadde ei syster til, og for den del fleire sysken vi ikkje veit om.

Ved farens død i 1806 overtok Peter garden og dreiv den i nokre år. Han var ikkje gift.

Militærteneste

Allereie som 14-åring i 1789 vart Peter Flor utnemnd til fenrik a la suite (ikkje i aktiv teneste) ved 2. Akershusiske infanteriregiment, der faren var tenestegjerande. Peter fekk sekondløytnants grad året etter. Det er ikkje bringa på det reine om han hadde gått Krigsskolen eller oppnådd offisersgrad på anna vis. Etter at han hadde teke dansk juridisk eksamen i 1792 og auditøreksamen 1793, vart han konstituert som assistent for faren i justisforretningar. ved regimentet Han vart «virkelig» fenrik ved 2. Akershusiske infanteriregiments 2. gevorbne grenaderkompani i 1797, og verkeleg sekondløytnant ved regimentets nasjonale Vestre Laurvigske kompani i 1799, men søkte på grunn av sjukdom avskil allereie året etter med 72 riksdalar årleg i pensjon. Han sa frå seg pensjonen frå 1. januar 1812, da han under krigen mot England igjen gjekk i aktiv militærteneste som divisjonssjef ved kystvernet. For den innsatsen fekk han ærestittelen krigsråd, som han seinare (1833) sa frå seg.

Gardbrukar og landbruksekspert

Frå 1806 til 1811 var Flor gardbrukar på Haugbu gard. Han var næraste grannen til prestegarden, der den kjende opplysningspresten, seinare biskop i Bergen Jacob Neumann residerte på den tida. Neuman redigerte publikasjonen Norske Landvæsens-Samlinger, og Flor leverte fleire jordbruksreformatoriske avhandlingar her. Flor vart som Neuman trekt inn i arbeid for Selskapet for Norges Vel. Selskapet sende i 1810 Flor ut på ei granskingsreise til Jæren for å undersøkje korleis denne regionen kunne utvikle seg. Rapporten vart trykt i Selskapets Thopographisk-statistiske Samlinger.

Samfunnsdebattant og redaktør

Pengenedskrivinga i 1813 og vanskelege år etterpå gjorde at Peter Flor mista det meste av den medelen han hadde arva etter faren. Seinast i 1816 hadde han slege seg ned i Drammen. Der starta han i november det året Drammens Tidende saman med Søren Tybring, og var medredaktør der til i mai 1817. I den avisa byrja han å fremje sine opposisjonelle synsmåtar i politikken.

Han publiserte sidan mykje i mange aviser og blad, og var tidvis medarbeidar og redaktør i fleire av dei. Det galdt Ludvig Mariboes Patrouillen, som han arbeidde for medan den ei tid kom ut i Drammen (ca. 1824), han var medredaktør i Folkebladet som kom ut i Kristiania 1831-1833, og i 1840-1842 var han redaktør av Drammens Adresse.

Flor hadde eit fast program og eit heilskapleg ideologisk grunnsyn, sterkt påverka av den britiske sosialfilosofen Jeremy Bentham (1748-1832). På Bentham baserte Flor sin argumentasjon for det som må kallast eit parlamentarisk system der lovgjevings- og løyvingsmakta er overordna – ikkje jamstilt – med dei utøvande organa. Han omsette og gav i 1821 ut eit skrift av Bentham som dreia seg slike problemstillingar, «Tactik eller Theorie for raadslaaende Folkeforsamlingers Forretninger»[1] Flor ville også svekke sentralmakta i det store og heile og gjekk inn for eit utstrakt kommunalt sjølvstyre. Han ville avskaffe ei rekkje statlege embete. Det blir nemnt fleire stader at han «seinare» gjekk inn for ellmenn røysterett, men dei kjeldene vi har gjennomgått gjev ikkje svar på om dette galdt i nasjonalt nivå eller berre i kommunal samanheng, og heller ikkje om han var inne på tanken om kvinneleg røysterett.

Politikaren

Referansar

Kjelder og litteratur

  • Koht, Halvdan: Artikkel om Peter Flor i Norsk biografisk leksikon (1929)
  • Norsk Forfatter-Lexicon 1814-1880 (Halvorsen) 2. bd., Kristiania 1888.
  • Ovenstad, Olai: Militærbiografier. Den norske hærs officerer fra 18. januar 1628 til 17. mai 1814. Bind 1-2. Norsk Slektshistorisk Forening. Oslo 1948-1949. Digital versjon
  • Seip, J.A.: Utsikt over Norges historie. Bind 1: Tidsrommet 1814-ca. 1860. Gyldendal, Oslo 1974.
  • Skjæveland, Inge: Artikkel om Flor i Norsk biografisk leksiko 20xx (ser ikkje ut til å vere med i den digitaliserte utgåva).
  • Torgersen, Halvard: Asker. Bidrag til bygdas gårdshistorie. 2. utg. Grøndahl & Søn, Oslo 1941.