Portugisarjødar

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Esnogaen i Altona, bygd etter løyve frå Christian VII i 1771.

Portugis(ar)jødar Mal:Nn. eller portugis(er)jøder Mal:Nbda, òg stundom kalla spanjolar eller spanske og portugisiske jødar, er ei jødisk gruppe som har sitt hovudopphav i dei sefardím som kom frå Spania og Portugal til Italia, Vest-Europa og Amerika frå sist på 1400-talet og fram til sist på 1700-talet. Med sine tradisjonar, musikk og språk skil portugisarjødane seg ut frå bl.a. marokkanske sefardím, osmanske sefardím og dei noverande jødiske samfunna i Spania og Portugal. Ritualet til portugisarjødane er særprega og er basert på ritualet på Den iberiske halvøya føre utvisinga derifrå i 1490-åra, men òg med mange trekk frå dei italiensk-jødiske bené Roma og frå marokkanske sefardím.

Portugisarjødane hadde varierande grad av innreise-, nærings- og busettingsrett i Danmark og Noreg frå 1657 av. Ved den norske Grunnloven av 17. mai 1814 vart det innført fullt forbod mot innreise og opphald for alle jødar, men unntaket for portugisarjødane vart stadfesta att den 4. november 1844 — drygt fem år føre heile jødeparagrafen vart oppheva.

Omgrep

Det finst mange ulike omgrep i bruk ved sida av portugis(ar)jødar. Blant desse kan nemnast spanjolar, ponentinske jødar, jødar av den portugisiske nasjon og vestlege sefardím.

Spanjolar eller spanske jødar: Denne folkegruppa har til dels har gått under namn av typen spanske jødar (særleg bruka i Italia) eller rett og slett spanjolar (særleg i Danmark, og da til forskjell frå spaniere, som blir bruka om ikkje-jødar frå Spania). Desse namna heng saman med at gruppa fram til 1492 i all hovudsak heldt til i dei områda vi i dag kjenner som Spania. Blant italienske jødar blir omgrepet Ebrei Spagnoli (‘spanske jødar’) ofte bruka. Merk at dette omgrepet inkluderer etterkommarane etter dei jødane som vart utviste frå kongedømmet Napoli i tillegg til dei typiske portugisarjødane (altså conversos («nykristne», skjulte jødar) og etterkommarane deira). I Venezia vart ofte portugisarjødane omtala som ponentinske (vestlege) for å skilje dei ut frå levantinske (austlege, osmanske) sefardím.

Spanske og portugisiske jødar: Eit anna omgrep som har vore ein god del bruka, særleg på Dei britiske øyane, i USA og i Canada er spanske og portugisiske jødar. Dette omgrepet har bakgrunn i at mange spanske jødar søkte ly i Portugal etter utvisinga av jødane i det meste av Spania i 1492. Da jødedommen vart forboden i Portugal òg, var tvangskonvertering ein vanlegare undertrykkingsmåte enn utvising. Mange av familiane som levde som skjulte jødar i Portugal greidde seinare å flykte til andre land, og med si blanding av spansk og portugisisk bakgrunn og varierande nasjonal identitet vart dei gjerne kalla spanske og portugisiske jødar.

Portugisarjødar, eller den portugisiske nasjon: Omgrepa portugis(ar)jødar og jødar av den portugisiske nasjon har særleg vore bruka i Nederlanda og i Hamburg/Schleswig-Holstein og Skandinavia i nord, så vel som kring det sørvestlege Frankrike i sør. Det ser ut som dette omgrepet, der det spanske elementet er nedtona, oppstod på grunn av at dei spanske og portugisiske jødane trong å distansere seg frå Spania i tidene med politisk spenning og krig mellom Spania og Nederlanda på 1600-talet. I Bayonne og Bordeaux i det sørvestlege Frankrike var det truleg nærheita til spanskegrensa som gjorde det politisk naturleg å tone ned det spanske elementet. En annan grunn til dette omgrepet kan nok òg vera at relativt mange portugisarjødiske familiar i Vest-Europa og Nord- og Sør-Amerika hadde forlate Den iberiske halvøya nettopp gjennom Portugal. Eit anna element er at medan alle sefardím har eit meir eller mindre sterkt historisk samband med Spania, så er det unike for portugisarjødane nettopp sambandet med Portugal.

Vestlege sefardím: Omgrepet vestlege sefardím blir ofte bruka i moderne faglitteratur. Dette omgrepet er problematisk fordi det kan referere til portugisarjødar, til marokkanske jødar eller til begge desse gruppene. Stundom blir omgrepet vestlege sefardím òg bruka om alle dei europeiske, nordvestafrikanske og osmanske sefardím for å skilje desse frå mizraḥím, eller orientalske jødar.

Renessansesefardím: Forskaren Joseph Dan skil mellom mellomaldersefardím (osmanske sefardím) og renessansesefardím (portugisarjødar) ut frå kva tid kvart av desse samfunna hadde formativ kontakt med iberisk språk og kultur.

Generell historie

Utover 1300- og 1400-talet, da forholda vart stadig vanskelegare for jødar og muslimarDen iberiske halvøya, flytta mange jødar til Det osmanske riket. Denne migrasjonsbølgja kulminerte med utvisninga av jødane frå Andalucía og Castilla i august 1492. Dei som flytta austover til området kring Istanbul var opphavet til dei osmanske sefardím, medan dei som flytta til Maghreb var opphavet til de ymse gruppene av nordafrikanske sefardím. Andre att busette seg i andre delar av Midtausten og vart assimilert inn i ymse grupper av mizraḥím, som i sin tur vart påverka kulturelt og religiøst av nykommarane.

Bøn for ofra for inkvisisjonen frå ritualet for ngereb kippúr frå ei portugisarjødisk rezabok frå 1810. Bøna er på hebraisk med innslag av portugisisk.

Ein del flytta vestover til Portugal og nordover til Aragón, der jødar framleis kunne bu etter 1492. Da jødedommen vart forboden der òg i 1497, vart mange verande — nokre av fri vilje etter å ha gått over til kristendommen tidlegare, men mange òg fordi de vart nekta utreise og meir eller mindre tvangsdøypt av Den katolske kyrkja. Blant desse conversos (‘konvertittar’) eller cristianos nuevos/novos cristoens (‘nykristne’), som òg vart omtala med den nedsettande termen marranos (‘svin’) av lokale kristne, var det mange som heldt på jødisk tru og skikkar i hemmelegheit samtidig som dei levde kristne liv utvendig.

Etter kvart som Den spanske inkvisisjonen og Den portugisiske inkvisisjonen vart stadig meir pågåande utover 1500-talet, begynte mange av dei conversos som heldt på jødiske tradisjonar i det skjulte å emigrere; nokre frå Spania og fleire frå Portugal. Hovudtendensen på 1500-talet var at dei busette seg i Italia, og det oppstod snart ein blomstrande portugisarjødisk kultur der.

Frå slutten av 1500-talet begynte ein del å busette seg i Antwerpen, og etter kvart i Amsterdam. Amsterdam utvikla seg snart til å bli det nye hovudsenteret for portugisarjødisk kultur.

Kring 1600 nådde den portugisarjødiske migrasjonsbølgja Hamburg og Altona, og i mindre grad òg andre stader i Slesvig og Holsten.

Språk

Kastiljansk ladino med innslag av transkribert hebraisk (line 4–6) frå Menasseh Ben Israel: Orden de la bendiciones del mes, Hilhoth sehita (Amsterdam, 1636).

Eit karakteristisk trekk ved portugisarjødar er bruken av både kastiljansk og portugisisk — og ofte ei blanding av desse to — i deler av gudstenesta, som hovudsakleg blir lesen på hebraisk. Annan bruk av kastiljansk og portugisisk gjekk tilbake etter 1600-talet, og frå midten av 1800-talet av var både kastiljansk og portugisisk erstatta med lokale språk i kvardagstalen. Lokale språk som tradisjonelt har vorte bruka av portugisarjødar inkluderer nederlandsk i Nederland og Belgia, nedertysk i Hamburg/Altona-området elles i Slesvig-Holsten og engelsk i Storbritannia, Irland, USA, Jamaica og andre stader.

Den hebraiske uttalen til portugisarjødane som vi kjenner han frå 1800- og 1900-talet blir først og fremst kjenneteikna ved uttalen av Mal:He (bet rafé) som ein plosiv (hard) b (f.eks. Abrahám, tebá, habdalá (ikkje «Avraham», «teva», «havdala») og uttalen av Mal:He (ngajin) som ein stemt velar nasal (f.eks. sjemáng, ngalénu (ikkje «Sj’ma‘», «‘aleinu»)). I tidlege kjelder blir sibilantane Mal:He, Mal:He, Mal:He og Mal:He alle normalt transkriberte som s eller ss, og formene Sabá (sjabbát), Menasseh (Menasjé), Ros(as)anáh (rosj hasjaná), Sedacáh (ṣedaká), massoth (maṣṣót)) er framleis vanlege. Frå 1800-talet av har uttalen [ʃ] for Mal:He og [ts] for Mal:He vorte vanleg.

Sjevá nang (klingande sjevá) blir normalt uttala som ein kort, men tydeleg e-lyd (Sjemáng, berít, berakhá, ngomedím). Dei korte og lange hebraiske vokalane blir tradisjonelt uttala som reine monoftongar utan den vokalforskyvinga og diftongeringa som er vanleg i asjkenazisk hebraisk og jiddisch (f.eks. Torá heller enn «Toiro», rafé heller enn «rofei»). Andre særtrekk ved vokalsystemet inkluderer uttalen Kal nidré heller enn det moderne asjkenaziske og israelske «Kol nidré». Trykksystemet i portugisarjødisk hebraisk uttale følgjer strengt reglane i bibelsk hebraisk og skil seg slik ut frå den høgtysk-jødiske jiddische uttalen, der trykket blir flytta fram til første eller nest siste staving i tråd med germansk og vestslavisk fonologi.

Den portugisarjødiske uttalen av hebraisk har sett spor etter seg blant anna i nordeuropeiske bibelomsettingar frå 1500-talet av, så vel som i den uttalen av hebraisk som spreidde seg i mange liberale jødiske miljø frå den delvis portugisarjødiske reformsynagogen i Hamburg.

Kastiljansk (spansk) vart bruka både som daglegspråk og som litteraturspråk blant dei som kom rett frå Spania i dei første få generasjonane. Dei som kom frå Portugal rekna òg kastiljansk som litteraturspråket sitt, på same vis som portugisarane generelt gjorde på den tida. I løpet av relativt kort tid kom kastiljansk ladino til å innta ei rolle som liturgisk språk, og teologiske verk så vel som rezabøker (siddurím) vart ofte skrivne på kastiljansk heller enn på portugisisk. Medlemmer av Amsterdam-samfunnet fortsette å bruke kastiljansk som litteraturspråk, og dei etablerte klubbar og bibliotek for studiet av moderne spansk litteratur. I dag blir kastiljansk svært lite bruka i dei fleste portugisarjødiske meinigheitene anna enn i songen «Bendigamos», deler av ritualet for tisjngá beáb (sørgjedagen over Tempelets fall) og i visse tradisjonelle helsingar.

Ettersom relativt mange av emigrantane frå Den iberiske halvøya kom via Portugal, snakka fleirtalet av portugisarjødane på 1500- og 1600-talet portugisisk som førstespråk. Portugisisk vart først og fremst bruka i dagleg kommunikasjon i dei første generasjonane, og det var det brukelege språket i offisielle dokument som synagoge-ordensreglar. Derfor har tillitsverv i portugisarjødiske meinigheiter framleis ofte portugisiske titlar, slik som Parnas dos Cautivos og Thesoreiro do Heshaim.

Som akademisk grunnspråk vart portugisisk bruka i verk som den halakhiske manualen Thesouro dos Dinim av Menasseh Ben Israel. Portugisisk blir òg bruka — nokre gonger i rein form, andre gonger blanda med kastiljansk og hebraisk — i samband med visse kunngjeringar og bøner i esnogaen. Den jødeportugisiske dialekten blir framleis bruka i visse dokumenttypar, men som daglegspråk er jødeportugisisk utdødd anna enn i enkelte ord og uttrykk.

I Hamburg og i Slesvig-Holsten — og dermed i stor grad òg blant portugisarjødar i Danmark, Göteborg og meir sporadisk i Noreg — vart hovudspråket, og ganske snart morsmålet òg, nedertysk (òg kalla plattysk eller lågtysk). Dette kan nok delvis ha med det å gjera at «modersamfunnet» i Amsterdam i hovudsak kommuniserte på det svært nærskyldte språket nederlandsk, men det har òg med det å gjera at nedertysk både var det lokale hovudspråket kring Hamburg og var eit viktig handelsspråk frå mellomalderen og langt opp mot vår tid. Enda ein grunn ein ikkje kan sjå bort frå, er at bruken av nedertysk kan ha vore delvis motivert av naboopposisjon til dei asjkenaziske jødane, som med sitt morsmål, jiddisch, snakka eit språk av høgtysk type.

Musikk

<flashmp3>Casseres hesqui.mp3</flashmp3>
Frå eit handskrive manuskript: Dei første taktene av Hesqui hesqui av Abraham de Casseres.

Historie

Den liturgiske musikken til portugisarjødane skil seg ut frå annan sefardisk musikk ved at han er påverka av barokkmusikk og klassisistisk musikk i relativt høg grad. Alt i 1603 veit vi at dei bruka cembalo i gudstenestene i dei portugisarjødiske esnogaene i Hamburg. Særlig i Amsterdam, men i mindre grad òg i Hamburg og andre plassar, var det ei oppblomstring av europeisk klassisk musikk i esnogaene på 1700-talet. Viktige komponistar på den tida inkluderer Abraham de Casseres, Cristiano Giuseppe Lidarti og fleire andre. Etter inspirasjon frå eit hint i Zohár, var det lenge brukelig i Amsterdam å halde ein instrumentalkonsert på fredagsettermiddagen føre kabbalàt sjabbát som ein måte å få meinigheita i rett stemning for fredagskveldsgudstenesta.

Den same prosessen gikk for seg i Italia, der det portugisarjødiske samfunnet i Venezia bestilte musikk frå ikkje-jødiske komponistar som Carlo Grossi og Benedetto Marcello. Eit anna senter for portugisarjødisk musikk var Livorno, der det utvikla seg ein rik kantorialtradisjon som tok opp i seg tradisjonell sefardisk musikk frå heile Middelhavsområdet så vel som komponert kunstmusikk. Den musikken vart i sin tur spreidd til dei andre portugisarjødiske sentra.

Alt på 1600-talet vart det bruka fleirstemmig kor i gudstenestene på helgedagar i Amsterdam. I London vart korsong innført seinare — tidlig på 1800-talet. I dei fleste falla har kora berre hatt mannlige medlemmar, men i Curaçao vart kvinner inkludert i koret alt i 1863. Dei første åra var det meḥiṣṣá (skilje) mellom kvinne- og mannsdelen av koret.

Pipeorgelet i Mikvé Israel–EmanuelCuraçao vart sett inn på andre halvdelen av 1800-talet.
Foto: Mingo Hagen, 2008.

Det finst kjelder som viser at instrumentalmusikk vart bruka i synagogar i Italia og Hamburg frå først på 1600-talet av, og nokre få tiår seinare veit vi at det vart bruka instrumentalmusikk i esnogaen i Amsterdam òg. Likeleis kjenner vi til at instrument vart bruka i ein synagoge i det hovudsaklig asjkenaziske samfunnet Praha relativt tidlig. Som i dei fleste andre jødiske samfunna var regelen dei aller fleste plassane at instrumentalmusikk ikkje vart bruka på sjabbát eller jom tób.

Hovudregelen i dei portugisarjødiske samfunna er at pipeorgel ikkje blir bruka under gudstenester. Det finst likevel ein del unntak frå den regelen, særlig i Frankrike (Bordeaux og Bayonne), USA (Savannah, Charleston, Richmond) og Karibia (Curaçao). På desse plassane kom pipeorgla i bruk i løpet av 1800-talet, parallelt med utviklinga i reformrørsla i jødedommen. I Curaçao, der den tradisjonelle meinigheita sette inn orgel i andre halvdelen av 1800-talet, vart orgelspel på sjabbát etter kvart godteke, så lenge organisten ikkje var jødisk.

I dei meir ortodokse menigheitene, slik som London og New York City, blir gjerne eit flyttbart tangentinstrument (f.eks. piano, el-orgel eller el-piano) bruka i samband med bryllaup og benót miṣvá (men aldri på sjabbát eller jom tób) på liknande vis som i mange asjkenaziske meinigheiter på dei same plassane.

Noverande oppføringspraksis

Den portugisarjødiske kantorialstilen held seg i hovudtrekk til dei generelle sefardiske prinsippa at kvart ord blir sunge høgt heller enn mumla eller lese stille og at det meste av ritualet blir framført kollektivt heller enn solistisk. Ḥazzánen (kantoren) sin rolle er typisk sett å leie allsongen heller enn å vera solist. Dermed er det òg mykje større vekt på korrekt uttale og kjennskap til musikalsk minhág (tradisjon) enn på solistisk stemmekvalitet. I dei delene av gudstenesta der ḥazzánen tradisjonelt har ein meir solistisk rolle, blir basismelodiane utbrodert og ornamentert etter dei generelle prinsippa frå barokk oppføringspraksis. To- og trestemmig song er relativt vanlig, og musikkvitaren Edwin Seroussi har vist at denne fleirstemmigheita er ei forenkla utgåve av meir komplekse, 4-stemmige harmoniseringar i skriftlige kjelder frå 1700-talet.

Resitativstilen i dei sentrale delene av gudstenesta, slik som Ngamidá (den ståande, stille bøna), Tehillím (Davidssalmane) og tengamím (resitasjonen av Torá og Haftará) har mange fellestrekk med dei same elementa i andre sefardiske og mizraḥiske samfunn. Dei største likheitene er med ritualet på Gibraltar og i kystbyane i det nordlige Marokko, ettersom portugisarjødiske meinigheiter ofte rekrutterte sine ḥazzaním frå desse plassane. Eit fjernare slektskap finst med andre nordafrikanske og irakiske tradisjonar så vel som med den eldre italienske tradisjonen. Syriske jødar og osmanske sefardím er til dels meir ulike, ettersom desse tradisjonane i mykje større grad har teke opp i seg meir moderne musikk frå Middelhavsområdet og frå arabisk kultur.

I andre deler av gudstenesta, og ganske særlig ved spesielle anledningar som jamím tobím (helgedagar), sjabbát Beresjít og feiringa av årsdagen for innviinga av esnogaen, blir dei tradisjonelle melodiane og resitativa ofte erstatta med metriske og harmoniserte komposisjonar i europeisk klassisk stil. Dét gjeld ikkje på rosj hasjaná (jødisk nyår, ca. september), på kippúr (forsoningsdagen) og på tisjngá beáb (ein fastedag kring juli/august tilminne om Tempelets fall); på dei dagane har gudstenesta eit mykje meir arkaisk preg.

Portugisarjødar i Hamburg og Skandinavia

I Danmark-Noreg vart det generelt skilt mellom «portugis(ar)jødar» på den eine sida og «(høg)tyske jødar» på den andre. Den aller første jøden som fekk «beskyttelsesbrev» av kongen i København var portugisarjøden Albert Dionis kring 1619. Nye beskyttelsesbrev vart gjevne til åtte jødar av uspesifisert opphav kring 1620, og til fire portugisiske kjøpmenn kring 1621. I denne tida galdt alle beskyttelsesbrev for busetting i Glückstadt, og med privilegia av 19. juni 1630 vart det gjeve fritt leide til alle portugisarjødar som ville busette seg der.

I skriftlige kjelder frå 1783 finst det nemnt tre portugisarjødiske «bedestuer» eller synagogar i KøbenhavnDen portugisiske Nakskauer Menighed (Henriques-synagogen, etablert ca. 1750) i Snaregade, Warburg-synagogen i Store Færgestræde og Italiander-synagogen i Kongensgade (nov. Vildersgade) på Christianshavn.[1] Alle desse brann ned i Københavns brann 1795. Warburg-gården vart attreist allereie i 1798, og synagogeverksamheita vart trulig teken opp att. Henriques-synagogen flytta verksamheita til Gammel Mønt, trulig nr. 4, og var aktiv med opp mot 200 medlemmer tidlig på 1800-talet, men menigheita gikk etterkvart i oppløysing etter at fellessynagogen i Krystalgade kom i bruk i 1833..

Midt-Noreg

Inngangen til Gammelgruva (etabl. 1654) ved Løkken Verk i juli 2010.
Foto: Olve Utne

Gruvene ved Innset bergverk og Løkken verk var i Henrik Müller sitt eige frå 1657 av, og han hadde den portugisarjødiske Manoel Teixeira som hovudhandelspartner mot den europeiske marknaden. Manoel Teixeira overlét stort sett koparhandelen med Henrik Müller til sonen Samuel Teixeira. Da Müller fekk økonomiske problem i 1680-åra, fekk Manoel Teixeira part i Løkken og Innset bergverk, og i 1691 vart heile Müller sin part pantsett til Texeira. Teixeira tilsette først Humfred Bryghmann som forretningsførar, og deretter Magnus Gabriel. Gabriel viste seg å vera svært prosessglad og gjekk konkurs sjølv. Teixeira overlét så forretningsførselen til Jens Hansen Kollin fram til familien trekte seg ut av den norske marknaden i 1703.[2]

Vestlandet

Henrik Wergeland skriv: “(...) af en Politianordning fra 1710[3] sees det, at der var Jøder, som dengang havde Lov til at ‘opholde sig, bo og bygge’ i Bergen, saa Ordet ‘fremdeles’ i Gl. § 2 sidste Passus er uden Hjemmel og denne det første positive Lovbud, som udelukker Jøderne fra Norge.”[4]

Austlandet

Gravstein over Adolph de Lemos (18481900) på Sofienberg gravlund i Oslo.
Foto: Olve Utne (2009)

Grunnlovsforbodet og portugisarjødane

Frå Departements-Tidende 1844, s. 753: Ved Skrivelſe af 4 November ſidſtleden har Juſtits-Departementet efter en derom indkommen Foreſpørgſel tilkjendegivet, "at det antager, at de ſaakaldte Portugis-Jøder maa, uanſeet Grundlovens §2, være berettigede til at opholde ſig her i Riget, hvilket ogſaa, ſaa vidt vides, hidtil har været almindeligt antaget, ligeſom det ſtedſe har været forudſat i de underdanigſte Foredrag, der have været afgivne angaande Meddelelſe af Leidebref til Jøder."

Med grunnlova av 1814 kom eit generelt forbod mot alle jødar. Dette forbodet vart i praksis oppheva for portugisarjødar av Justisdepartementet den 4. november 1844, drygt fem år føre forbodet mot jødar vart generelt utteke or grunnlova.

Fotnotar

  1. Bruun, Carl: Kjøbenhavn. Kbhvn. (Thiele), 1901. Del III, s. 208.
  2. Katz, Per: Jøderne i Danmark i det 17. århundrede, København (Selskabet for dansk jødisk historie), 1981, ISBN 87-7421-303-2 , s. 33 ff.
  3. Anordning om Politiens Administration i Bergen. København, 1710.
  4. Henrik Wergeland: Samlede Skrifter IV. Avhandlinger, Opplysningsskrifter. 3. bind: 1839–1842. Tydske Sofismer, Del 3 (d.IV,b.3,s.287)

Lenkjer


Creative Commons License This article is based entirely or in part on the article «Spanish and Portuguese Jews» from the English Wikipedia and can be copied, distributed and/or edited as described in GNU Free Documentation License. For a list of contributors to the original article, see revision history of the original article. For a list of contributors to this version, see revision history of the present page.
Denne artikkelen bør gjennomgås med tanke på tilpasninger til lokalhistoriewiki.no. Se Hjelp:Forskjeller fra Wikipedia for mer informasjon.