Poul Holst Irgens

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Den utskrivbare versjonen støttes ikke lenger eller har rendringsfeil. Oppdater eventuelle bokmerker i nettleseren din og bruk nettleserens standard utskriftsfunksjon i stedet.
Poul Holst Irgens, blyanttegning av ukjent opphavsperson.

Poul Holst Irgens (fødd ca. 1724, død 1784) kom til Lesja jernverk som «Directeur» og gifta seg i 1757 med Birgitte Marie Reinholdtsdtr. Ziegler, enkje etter førre verkseigaren Hans Jensen Holmboe. I Irgens si tid gjekk drifta ved verket godt, og han kjøpte opp fleire gardar i bygda og Romsdalen. Irgens var òg ved Røros gruver og frå 1756 direktør ved Folldal kopparverk. I 1767 kosta Irgens nytt tårn og tre nye kyrkjeklokker på Lesjaskog kyrkje, som den gongen stod ved verket. Han ble utnevnt til bergråd.

Poul Holst Irgens vart født i Selbu i 1724[1] av foreldra Henning Johannessen Irgens f. 1. april 1698, død 1778 på Røros og Gjertrud Madsdtr. Hage f. 1. mars 1687 i Trondheim, død 16. januar 1752 på Røros.[2]

Med sin kone Birgitte Ziegler fikk han tre sønner og tre døtre.

Referanser

  1. Kyrkjebok for Selbu
  2. Langberg 1927 s. 14 og 26.

Litteratur og kilder