Premierløytnant

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 28. jan. 2016 kl. 12:59 av Olve Utne (samtale | bidrag) ({{nn}})
Hopp til navigering Hopp til søk

Premierløytnant var fram til 1930 nest lågaste offisersgrad i Noreg, over sekondløytnant, under kaptein. Premierløytnant tilsvarar dagens løytnant. I perioden 1880-1930 kunne ein berre unntaksvis bli premierløytnant utan eksamen frå Krigsskulens øvste avdeling (full treårig krigsskule). I praksis var premierløytnant lågaste grad for yrkesoffiserar, da sekondløytnantar i all hovudsak var vernepliktige offiserar (reserveoffiserar).