Prestar i Jostedalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Prestar i Jostedalen er ei liste over prestar med ansvar for Jostedal prestegjeld i Sogn og Fjordane. Ei skatteliste frå 1596 fortel at bygda hadde prest og kyrkje. Det er uklart når Jostedalen vart skilt ut frå Luster som eige prestegjeld, men det må seinast ha skjedd tidleg i 1630-åra. Jostedalen var deretter eige prestegjeld med eitt sokn til 1. juli 1967 då Gaupne sokn i Luster og Fet og Joranger i Hafslo prestegjeld vart lagde til Jostedal prestegjeld.

År Namn Merknader
Asle/Atle Nemnd i diplom 1318-19[1] og 1322-23[2].
Før 1621 Jens Jonasson Nemnd 1604 og 1620.
ca 1621-ca 1634 Mikkel Nilsson
ca 1635-ca 1652 Otto Hansson Ravn
ca 1652-1703 Tøger Jensson
1703-1724 Henrik Nitter
1725-1731 Hans Hansson Wiingaard
1731-1732 Ole Morsing Overtok aldri prestekallet.
1732-1733 Hans Christian Frørup
1733-1738 Rasmus Wibye
1738 Christopher Munthe Sokneprest i Hafslo - vikarierte noko i Jostedalen.
1739 Hans J. Grøn Kapellan i Vik - vikarierte i Jostedalen.
1739-1742 Gjert Geelmuyden Kapellan i Leikanger - vikarierte i Jostedalen
1742-1792 Matthias Foss
1792-1801 Ole Aabel
1801-1806 Johan Henrik Lind
1807-1812 Andreas Cordsen
1812-1820 Holger Halling Schjødt
1820-1822 var Jostedalen utan prest grunna mangel på søkjarar.
1822-1823 Peder Pavels Aabel 1823-1828 styrte Aabel presteembetet frå Sogndal.
1828-1834 Bernt Anker Leigh
1834-1840 Kjeld Andreas Bugge
1840-1845 Michael Sundt Tuchsen Fasting
1845-1853 Christian Bastholm Heltberg
1853-1867 Ole Christian Rasch
1868-1875 Andreas Emil Hansen
1876-1883 Anton Hansen
1884-1890 Wollert Johan Lyder Frich
1890-1903 Theodor Julius Børresen
1903-1906 Ragnvald Cornelius Knudsen
1906-1912 Amund Frøese
1913-1915 Carl Fredrik Falkenberg
1916-1920 John Rongved
1923-1929 Johannes Oscar Langmuir (Oscar Michelsen)
1930-1952 Svein Medhus
1952-1958 Dreng Harstad
1959-1966 Gustav Einar Roti
1968-1975 Jan Bernhard Klausen

Klausen var den siste soknepresten som budde i Jostedal prestegard. I 1975 vart ein ny prestebustad i Gaupne teken i bruk.

Kjelder

  1. Diplom 1318-19 (Jostedal historielag)
  2. Diplom 1322-23 (Jostedal historielag)