Pillarguri

Fra lokalhistoriewiki.no
Sideversjon per 20. aug. 2019 kl. 11:18 av Cnyborg (samtale | bidrag) (Ny side: {{thumb|MinnesteinKringen.jpg|Prillar-Guri på minnesteinen over slaget ved Kringen.|Arnfinn Kjelland|2009}} {{thumb|0517 Sel komm.png|Prillar-Guri er motivet på Sel kommune sitt våpen…)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til navigering Hopp til søk
Prillar-Guri på minnesteinen over slaget ved Kringen.
Foto: Arnfinn Kjelland (2009).
Prillar-Guri er motivet på Sel kommune sitt våpen.

Prillar-Guri eller Pillarguri er ein segnfigur som deltok i slaget ved Kringen sør for Otta i 1612. Ho blåste i ein lur eller eit prillarhorn når det var tid for at den norske bondehæren skulle gå til åtak mot skottetoget. Ho kan vere basert på en virkelig person, men det har ikkje vore mogleg å knytte ho opp mot nokon i kjeldene.

Slaget ved Kringen

Ifølge segnet sto Prillar-Guri på ei høgde og blåste i ein lur. Høgda heitte tidlegare Selsjordkampen, men har seinare fått namnet Pillarguri.[1]

Ho er avbilda på minnesøtte over slaget, som vart reist i 1912, og ho er òg avbilda i kommunevåpenet til Sel kommune. Det står ein statue av ho på Otta.

Segn og røyndom

Første gong ho er nemnd skriftleg er i Norske Sagn av Andreas Faye (1833) og i ei samling segner utgjeve av presten Hans Peter Schnitler Krag i Vågå i 1838. Det finst ei serie feleslåttar frå Ottadalen, Guroleikjin, som er knytt til namnet Guro, og dei kan tilhøyre den same segnkretsen. Formene Prillar-Guri og Pillarguri er nytta om kvarandre. I 1880 gav Rudolf Muus ut ein roman, der han nytta forma Prillarguri, og det var gjennom denne romanen at mange utafor Gudbrandsdalen først vart kjend med ho. Krag nytta forma Pillar-Guri, men skriv òg at ho blåste i eit bukkehorn, som lokalt er kjend som 'prillehorn'. Det å spele på eit slikt horn var 'å prille'. Per A. Holst trekk i sitt føreord til 2010-utgåva av Krag den konklusjon at Prillar-Guri må ha vore det opphavlege namnet; om det var eit prillehorn må det opphavlege namnet vere Prillar-Guri. Om det er Pillarguri som er det rette finst det ein forklåring på det òg: 'å pille' er eit lokalt ord for å ha seksuelt samkvem. Ivar Teigum trekk i en artikkel frå 2008 ein annan konklusjon. Han meiner at den lokale formen av 'å prille' var 'å pela', og at 'å pille' var ein naturleg måte i skrive dette på. Då er det meir truleg at det er Pillarguri som er det opphavlege namnet. I same publikasjon meiner så Rolf Rasch-Engh at det er Prillar-Guri som er det rette; han meinte at 'å prille' er den lokale forma frå den tida, og viser til folkemusikksamlaren O.M. Sandvik og den nedskrevne Prillar-Guri-slåtten.

Når det gjeld instrumentet ho nytta ser det ut til at det var i samband med minnesmerket frå 1912 at det vart til ein lur; tidlegare er berre horn nemnd.

Fleire lokalhistorikarar i Gudbrandsdalen meinar at Prillar-Guri er ein historisk person, medan ein del folkeminnegranskarar meinar at ho er eit døme på ein type som er kjend frå fleire folkesegner. Ingen av kjeldene frå 1600-talet nemner ei kvinne som blåste til strid. Men det var ein levande segntradisjon, og det var frå denne Krag hadde sin informasjon. Altså kan vi ikkje utelukke at forteljinga om Pillarguri går heilt attende til 1612.

Referansar

Littertur og kjelder